Ola Sundt Ravnestad – eigedomsutviklaren

Ola Sundt Ravnestad, Gloppen Høgre sin 8. kandidat, tenkjer eigedom og utvikling heile tida. Eller nesten – hobbyen er nemleg laksefiske i Storelva. No stiller han på ei valliste for første gong.

8. kandidat på Gloppen Høgre si liste er Ola Sundt Ravnestad.  Han er 62 år, flytta frå Oslo til Gloppen som 5-åring, budde her til 1980, flytta ut, og flytta tilbake i 2015.

Av utdanning er han Maritim Teknisk ingeniør, og også Siviløkonom.  Ola har hatt mange ulike jobbar og verv, m.a. er han nok mest kjend som gründer av Eika-gruppa, med bank- og eigedomsmeklarkontor over heile landet.

-Og så må eg få seie at eg også har, som einaste representant frå Sogn og Fjordane, site i hovudstyret i FNO, seier Ola. I dag har eg styreverv i Trivselshagen IKS og NEF Kapitalforvaltning.

Han fortel at han også i sitt yrkesaktive liv har jobba aktivt politisk får å få til gode rammevilkår, vedtak, og til slutt etableringar. – At eg har erfaring frå den sida betyr noko når ein også ønskjer å påverke som politikar.  Politiske prosessar, og gjennomføring, det har eg opplevd både på lokalt, nasjonalt, regionalt og nordisk, gjennom arbeid og prosessar knytt til m.a. Sparebank1 og Eika-gruppa, fortel Ola.

Ola Sundt Ravnestad sitt hovudfokus no er eigedomsutvikling og kraftprosjekt. Dette er spanande å drive med i Gloppen.  – Det siste prosjektet vi no ferdigstiller, er sparebanken sine lokale.  Her blir det bank i første etasje og kontorfellesskap i andre etasje.

Ola seier han er oppvaksen med politikk.  – Morfar sat i mange år på Stortinget for Venstre, var varaordførar i Bergen, og var representant i FN. Mor har vore i kommunestyret for Venstre i Gloppen, så politikk har alltid vore interessant, seier han.

-Når det gjeld meg sjølv, og mine politiske interesser for Gloppen, kan det oppsummerast slik:

  • Gloppen må utviklast til ein kommune som folk vil ønskjer å flytte til!
  • Næringsutvikling; Alt er mogeleg!  Kva andre meiner? Det betyr ikkje så mykje. – Eg hadde aldri fått til noko som helst dersom eg hadde lytta til dei som ikkje ville, eller sjølv ikkje ville ta risiko.
  • Oppvekst og utdanning;  – Eg spør meg:  Kva hadde Sandane og Gloppen vore utan Firda Vidaregåande skule og Trivselshagen?
  • Kommunen har plikt til å likebehandle næringsaktører ved anbud og økonomistyring, og må kommunen må ha styring på eigen økonomi.
  • Kommunen må sørge for at det til ei kvar tid er regulerte tilgjengelige areal for nærings- og bustadsutvikling.  

Slik oppsummerer Ola Sundt Ravnestad seg sjølv og sin politiske ståstad før han hastar vidare til hobbyen han er lidenskapeleg oppteken av; laksefiske i Storelva.