Per Inge Hole – vår 12. mann

– Oljemannen, som har mange jarn i elden, også på fritida. Møt Per Inge Hole, med jobb i Nordsjøen, og som har god tru på at Gloppen Høgre får eit oppsving ved haustens kommuneval

Per Inge Hole (62) er ekte sandensar, med hus og familie i Leirbrekka. Kona Kjersti og han har 3 born og 1 barnebarn.  Borna er flytta ut, men det er god plass i det store huset heime, når dei kjem på visitt.

Per Inge har stort sett vore i oljebransjen offshore det meste av yrkeslivet.  Han har vore/er elektrikar/elektroingeniør.  Likevel har han til saman vore tilsett 8 år på vårt lokale GEV/SFE gjennom tre periodar. 

Offshore jobbar han på Gjøa-feltet, der han først var i prosjekt, og no i drift. Arbeidsgjevar er Nepun Energi.

I heimeperiodane frå offshorelivet driv Per Inge litt med eigedom, og ei «småskala elektrobedrift», som han kallar det. – Ein må ha noko å sysle med i frivekene på land.

Friluftsliv står høgt hos 12. kandidaten på Høgre-lista. – Hjort- og rypejakt er kjekt å drive med på hausten, fortel Per Inge. Å fiske litt både i elv og sjø er spanande, og då er det laks og ørret som må til pers.  Eg har også vore med på havfiske, avslører mannen, som nettopp har arbeidsplassen sin langt ute i havet.

Det organiserte sportslege har han vore mindre med på, kanskje bortsett frå alpint.  – Eg ryddar ein del skog for å få ved, eg syklar og går turar, og sit sjeldan og kjeder meg sjølv om eg har mykje fri frå jobben. Eg liker godt å lese både aviser og bøker, og er god «kunde» på biblioteket. 

Han har vore medlem i Gloppen Høgre sidan 1985, og er såleis ein av partiveteranane. – Av politiske prioriteringar meiner eg sjølvsagt at eldre og skule viktig. Så må Gloppen Kommune bli mykje betre på næringspolitikk.  Næringspolitikken har vel meir eller mindre våre fråverande lenge, seier Per Inge.

Av politiske ideal heldt han Kåre Willoch svært høgt. – Men no er det sjølvsagt Erna som er stjerna!

-Og så trur eg på at Høgre-gruppa i kommunestyret etter haustens val blir minst dobla.  Då ligg 1. kandidaten vår, Jan Ove Rygg, godt an til å bli kommunen sin nye ordførar. – Kanskje på tide med ein ordførar frå eit anna parti etter 50 år så langt med ordførarklubbe frå eitt og same parti, undrar Per Inge Hole.