Programmet for Gloppen Høgre

Gloppen Høgre har programmet for komande kommunestyreperiode klart. Det er eit program for vidare utvikling av kommunen, med fokus på sikker kommunal økonomistyring

Våre to toppkandidatar: Jan Ove Rygg og Beate Dybendal Nordvik

     GLOPPEN HØGRE

POLITISKE HOVUDSAKER:

  • Aktiv og ansvarleg kommunal økonomistyring
  • Framtidsretta næringspolitikk
  • Sikre oppvekstkommunen Gloppen

Program

Gloppen Høgre vil vere eit aktivt og synleg lokallag. Vi er eit viktig talerøyr inn til Høgre sentralt og til fylket, i saker som gjeld Gloppen og regionen. Dei viktige sakene vil vere:

  • Samferdsel, breiband og infrastruktur
  • Framtidsretta distriktspolitikk
  • Løysingsorientert landbrukspolitikk
  • Skuletilbod frå barneskule til vidaregåande skule
  • Aktiv næringspolitikk

Våre hjartesaker:

  • Kvalitet i omsorg
  • Halde fram det gode arbeidet med rus, psykiatri, rehabilitering og førebygging
  • Gode tenester og tilrettelegging for dei som ønskjer å bu i eigen bustad
  • Satse på god fagkompetanse, spesialisering og faste heile stillingar (heiltidsløftet)
  • Kunnskap i skulen
  • Målretta etter- og vidareutdanning for lærarar
  • Kontinuerleg fokus på kvalitet og utvikling i skulen
  • Utgreie fordelar og ulemper med fem dagars skuleveke for elevar i småskulen
  • Gode arbeidstilhøve for lærarar og elevar
  • Støtte opp under Firda vidaregåande skule som ein framtidsretta og god lærestad
  • Gode barnehagar
    • Sikre balansert barnehagetilbod fordelt mellom offentlege og private aktørar
    • Legge til rette for eit godt nok barnehagetilbod i heile kommunen
    • Sikre gode løysingar for sommarferieavviklinga i barnehagane
    • Satse på god fagkompetanse, spesialisering og fleire heile stillingar
  • Trygge arbeidsplassar

Gode og trygge vegar, samt bu- og næringsområde i kommunen er viktige for sikring av gode og attraktive arbeidsplassar. Gloppen Høgre vil:

  • Jobbe aktivt for gang- og sykkelveg på FV 615 Vonheim-SFE, og på Nordstrandsvegen frå Sandane sentrum til Øyrane
  • Støtte opp om vidare utvikling av eit levande Sandane sentrum
  • Legge til rette for levedyktig næringsliv i heile kommunen
  • Landbruk:

Gloppen er ein stor og viktig landbrukskommune. Ei av dei største Tine-avdelingane ligg i kommunen. For Gloppen kommune er både produksjon og foredling av landbruksprodukt ein stor og viktig næringsveg, med mange arbeidsplassar. Rammevilkåra må vere slik innretta at omleggingane som vil kome i jordbruket kan sikre tilpassinga både for små og større gardsbruk. Gloppen Høgre vil:

  • Ivareta eit berekraftig og konkurransedyktig landbruk i heile kommunen, og leggje til rette for god og framtidsretta bruk av naturressursane
  • Arbeide for å styrke landbruket gjennom forenkling av lovar, reglar og støtteordningar
  • Støtte opp om landbruket si betyding for reiseliv og kulturlandskap
  • Legge til rette for auka hogst og planting gjennom ei aktiv skogforvaltning
  • Støtte tiltak for auka satsing på frukt og grønt
  • Økonomi:

Det er viktig å tilby kvalitet på tenestene til innbyggjarane våre. Gloppen Høgre vil:

  • Prioritere lovpålagde kommunale tenestetilbod, med fokus på oppvekst, helse og omsorg
  • Sikre ansvarleg og føreseieleg økonomiforvaltning i kommunen
  • Støtte kommunale løysingar som gjer kvardagen enklare for innbyggarane
  • Sikre at nytt skulebygg i Hyen vert realisert i samsvar med vedtekne rammer
  • Næring:

Bedrifter og servicenæringar må få gode og konkurransedyktige vilkår. Det betyr at ein må ha politikk som er langsiktig og føreseieleg. Gloppen må også vere ein kommune som trekkjer til seg gründerar og nyetablerarar. Gloppen Høgre vil:

  • Jobbe for at kommunen handsamar næringsaktørar likt på prinsipielt grunnlag
  • Sikre god digital infrastruktur
  • Jobbe for at statlege/offentlege arbeidsplassar kan bli flytta hit
  • Kommunen må til einkvar tid ha ledig regulert areal til dei som vil etablere verksemd
  • I ei verd der produkt og framstillingsmåtar endrar seg med rekordfart, er det viktig å støtte opp om bedrifter som tenkjer nytt, og som utviklar framtidas produkt
  • Reiselivet er viktig for Gloppen kommune. Gloppen Høgre vil jobbe for at rammevilkåra for bedrifter i reiselivsnæringa må ivaretakast på ein god måte
  • Samferdsle

Gode og godt vedlikehaldne vegar er svært viktig for tryggleik, utvikling og trivsel. Vi vil arbeide målretta for å realisere viktige prosjekt i kommunen både når det gjeld E39, fylkesvegar og kommunale vegar. For Gloppen Høgre er desse sakene viktige:

  • Opprusting av E 39 på strekninga Byrkjelo – Sandane
  • Framdrift i planarbeidet med Fv 615 frå Hyen til Storebru
  • Tunnel gjennom Hopshamrane på Fv 615 Hyen til Storebru
  • Betre vegløysing for strekninga av Fv. 615 Sandane – Bukta, inkl. bygging av gang- og sykkelveg, og på Nordstrandsvegen frå Sandane sentrum til Øyrane
  • Bru Anda – Lote
  • Hangar for rutefly ved Sandane Lufthamn
  • Betre rutetilbod ved Sandane Lufthamn
  • Utbetringa av vegen til Fjellbygda/Kleivane/Utsikten må halde fram
  • Vedlikehaldet av dei kommunale vegane må halde fram
  • Bustadpolitikk

Gloppen Høgre vil arbeide for ein målretta bustadpolitikk både for tilflyttarar, tilbakeflyttarar, handikappa, eldre og vanskelegstilte i kommunen. Dette inneber:

  • Fleire attraktive bustadtomter
  • Utvikling av nye bustadfelt
  • Gode områdeplanar som kan sikre at private aktørar kan utvikle bustadfelt eller bygge utleigebustader i heile kommunen  
  • Tilstrekkeleg med kommunale bustader for innbyggarar med særskilte behov, med god balanse mellom offentlege og private utleigarar
  • Unge i Gloppen

Gloppen Høgre vil arbeide for:

  • Eit godt og fleksibelt helsesjukepleiartilbod for elevar ved Firda vidaregåande skule, og i ungdomsskulen
  • Gode bussruter til og frå Sandane, samt til/frå bygder og regionar utanfor kommunen
  • Varierte valfag og fordjupingsfag for alle på ungdomsskuletrinnet
  • Eit uorganisert fritidstilbod for ungdom i Sandane sentrum
  • Eldre i Gloppen
    • Dei særskilte behova til eldre må takast omsyn til ved planlegging og gjennomføring av tenester for innbyggarane i kommunen
    • Inkludere dei eldre i det digitale fellesskapet
    • Legge til rette for at ruter og transport gjev lettare tilgjenge til/frå kommunesenteret
    • Samhandling mellom kommune og frivilligheit om aktivitetar for dei eldre
    • Høgre ønskjer å støtte opp om innsatsen for å få til sentrumsnære leiligheiter, tilpassa dei eldre
  • Kultur og idrett

Gloppen Høgre meiner det er viktig at Gloppen er ein framoverlent kultur- og idrettskommune, med aktive bygder, der mangfaldet er rådande og alle innbyggarane er godt ivaretekne. For å nå ei slik målsetjing vil Gloppen Høgre bidra til at:

  • Kulturskulen har eit breitt og variert tilbod
  • Gloppen har gode bibliotekløysingar
  • Det er avsett nok areal til graver på dei kyrkjegardane som er i bruk i dag
  • Det ytast ei økonomisk støtte til det viktige friviljuge arbeidet i lag og organisasjonar
  • Born og ungdom i størst mogeleg grad kan nytte treningsfasilitetar utan eigenbetaling
  • Kommunen, i lag med friviljuge organisasjonar styrker arbeidet med utvikling og tilrettelegging for ei god folkehelse 
  • Det leggast til rette for stor breidde av idrettar i Gloppen, slik at kommunen tilgodeser alle med interesse og talent i ulike aktivitetar, der Barne- og breiddeidrett skal prioriterast 
  • Anlegga må haldast vedlike slik at dei er tenlege for sine formål
  • Idrettsplassen på Sandane rustast opp for å dekke behova som idretten og skulane har, her under sikre tenleg underlag for fotball, samt kunststoffdekke på friidrettsdelen
  • At kommunen har stor merksemd mot Trivselshagen, – hallen, og –badet, for å trekkje mest mogeleg mangfald av aktivitetar og idrett til anlegga.
  • Støtte og legge til rette for alternativt fritidstilbod til barn og unge, til dømes bLAN