Reell full barnehagedekning MÅ vere på plass

Av og til må ein møte seg sjølv litt i døra. Høgre gjer det for så vidt i denne saka.

I kommunestyremøtet onsdag var det spørsmål om oppretting av 12 nye, midlertidige plassar for barnehageborn med behov for plass frå 1. januar 2020. Sjølv om kommuneøkonomien er svært trong, er det også svært viktig å dekke behovet for barnehageplass.
Her er innlegget mitt i denne debatten:

«Av og til må ein møte seg sjølv litt i døra. Høgre gjer det for så vidt i denne saka.

Høgre har ei holdning om å føre ein god og ansvarleg økonomisk politikk, der vi skal vite at det vi brukar er innanfor det forsvarlege, og innafor budsjetta. Aktiv og ansvarleg kommunal økonomistyring er også ein av hovudpostane i programmet vårt for neste valperiode.

Vi har også ein anna hovudpost i vårt program, nemleg om barnehagedekninga i Gloppen. Reell full barnehagedekning MÅ vere på plass. Vi er samde med det lokale Venstre i mange ting, men i motsetning til Venstre trur vi at barnehagedekninga er veldig vesentleg for at Gloppen skal vere attraktiv som arbeidsmarknad. Det er ikkje ein overdriven faktor for tilflytting til kommunen. Høgre er oppteken av næringspolitikk. Gründerar må kome til Gloppen for å setje i gang med sine idear. Barnehagepolitikken ser vi faktisk som ein del av næringspolitikken vår.

Gloppen har hatt ei god utvikling med yngre vaksne som flyttar hit, enten etter at dei har fått seg jobb, men også folk som har fått eit så godt inntrykk av kommunen at dei kjem her, og satsar på å finne seg ein jobb etter at dei er flytta hit. Unge vaksne har, eller vil truleg få, bruk for barnehageplass. Vi MÅ ha dette tilbodet til dei for å framleis vere ein attraktiv kommune.

Når vi då får denne kollisjonen mellom det å ville ha ei fullgod barnehagedekning, sjølv om vi ikkje er lovpålagde å ha det for desse plassane vi behandlar her, og det å ha problem med å finne pengar sånn utan vidare, vil Høgre gå for at barnehageplass i dette tilfellet trumfar vanskeleg kommunal økonomi. Dette må vi finne plass til i det komande budsjettet.»