Reidar – organisasjonsmannen frå Byrkjelo

Møter du Reidar, blir du engasjert. Mannen, som er involvert i det meste som har med idrett å gjere, har ein veremåte og eit kroppsspråk som gjer at du lyttar og lærer. Politikk er han også oppteken av…

Reidar Moldestad – organisasjonsmannen frå Byrkjelo

Reidar Moldestad (65) frå Byrkjelo er Gloppen Høgre sin 7. kandidat til kommunevalet. Han er gift med Sølvi, dei har to vaksne born, og heile familien er svært engasjerte i frivillig arbeid, spesielt innanfor idrett.

Han har også erfaring som folkevald, der han ein periode har vore fast kommunestyremedlem, og har to periodar vore vara. I meir enn ti år har han vore styremedlem i Gloppen Høgre, og har hatt verv både som leiar og nestleiar.

Til dagleg er Reidar å finne på kontoret til Bygger’n på Sandane. Skal du byggje, er Reidar mannen å oppsøkje, han kan alt om byggesøknader, planlegging og prosjektering.

Reidar har Byrkjelo Stadion og Breimsbygda il som sin andre heim. – Dette er mi «leikegrind», seier han, og dreg fram det gode miljøet i laget. – Når eg trenar dei yngre, er det med å halde meg ung både fysisk, og ikkje minst i hovudet!

Reidar har ein finger med i det meste av det som skjer i idrettslaget. Som leiar av friidrettsgruppa er han svært oppteken både av klubben, og Byrkjelo Stadion. – Samhandling mellom idrettslaga og kommunen, om drift og vedlikehald av anlegg er svært viktig, meiner Reidar, som også har hatt mange andre verv og oppgåver i klubben.

Mange har sett det flotte arbeidet Reidar yter for fellesskapet. Mellom anna fekk han i 2018 «Friidrettens Ærespris» som er ei nasjonal utmerking. I 2022 fekk han utdelt «Diplom for Administrativ Arbeid» frå friidrettsforbundet. – Det er stor stas å bli sett pris på, må Reidar innrømme..

Reidar meiner det er viktig å sikre gode oppvekstforhold for born og unge i kommunen. – Både kommunale og offentlege barnehagar må kommunen ha. Det gjev mangfald, og foreldra kan velje sjølve kva barnehagar som høver dei. Det er sunt med konkurranse, det skjerpar kvaliteten!

Samhandling mellom privat næringsliv og det offentlege er viktig, meiner Reidar Moldestad. – Vi må kunne tilby gode tenester og butilhøve gjennom heile livsløpet. For eksempel klyngetun, etablert i alle dei små kommunesentera.

Høgre sine formuleringar om næringsliv og næringspolitikk støttar Reidar heilhjarta opp om. – Tilrettelegging/regulering av areal for både bustadbygging og næring må finnast til ei kvar tid. I ei verd der produkt og framstillingsmåtar endrar seg med rekordfart, er det også viktig å støtte opp om bedrifter som tenkjer nytt, og som utviklar framtidas produkt.

Samhandling er eit omgrep som Reidar ofte brukar. Og når ein blir kjend med 7. kandidaten vår, skjønar ein kvifor. Alt han er aktiv med dreier seg om organisering, samarbeid, og utvikling for fleire sitt beste. – Saman blir ein gode, hevdar Reidar, før han hiver seg på sykkelen for ein treningstur på Utviken, denne gongen åleine.