Runar Stensaker Kleppe  – Gründeren frå Byrkjelo som er vår 3. kandidat.

Runar Stensaker Kleppe er energibunten frå Byrkjelo som er meir oppteken av næringsutvikling enn dei fleste.

Runar er etter kvart ein velkjend person.  Ikkje minst i Breim, men også resten av kommunen har fått med seg energibunten som får mykje til å skje i Byrkjelo/Breimsområdet.

Runar er 35 år , bur i Bjørnarheimsura på Byrkjelo saman med sambuar Silje, og tre born på 4, 8, og 11 år.  – Her trivast vi svært godt, vi har utsikt over heile bygda, og vi har gode naboar.  I vinter har vi bygt på huset, og no er det vorte slik vi ønskjer.  I alle fall når det ein gong vert ferdig, legg han til med litt humor, vel vitande om at kvardagane er fullt opptekne med alt han er engasjert i.

3. kandidaten driv eit eige firma, som i hovudsak er engasjert i bygg- og anleggsverksemd. – I tillegg er eg med i vaktordninga til Gloppen Brann og Redning, der eg har overordna vakt kvar 4. veke, fortel han.  Han har også ein finger med i «alt som skjer» av nye tiltak på Byrkjelo, og eit eksempel på det er den nye Greenstation Ladestasjonen i tilknyting til Best-stasjonen. Der er mange prosjekt å engasjere seg i, som opptek mykje av tida, fortel han

-Og når vinteren kjem, finn du meg på Utvikfjellet, der eg er driftsleiar for Utvikfjellet Skitrekk. Eg er ein av dei som alltid håpar på snørike vintrar, seier Runar.

Runar er ikkje av dei mest feriebereiste til det store utland. – Eg er av den særdeles heimkjære sorten, og ein feriedag for meg er å kunne være heime, sulle vekk dagen med diverse småprosjekt, utan lyd på telefonen. – Når det gjeld reisemål, har eg vore både på Svalbard og Island i samband med jobb, og det er plassar eg godt kunne tatt med meg familien for å utforske meir.

Nå det gjeld politikk, meiner Runar at Gloppen Høgre har eit godt program å gå til val på.  – For meg er det næring og oppvekst som er områda som står meg nærast. Gloppen må satse tyngre på å legge til rette for dei som vil drive næring her, anten det er eksisterande eller nye næringar.

-At oppvekst har gode vilkår, meiner eg er veldig viktig, då det er framtida vår vi innvisterar i. Vi treng motiverte lærarar og born, og ikkje minst må ein støtte opp om , og legge til rette for alle dei fantastiske fritidstilboda vi har her i kommunen.

At Gloppen Høgre får fleire representantar i kommunestyret til hausten, har Runar god tru på. – Eg trur vi vil få fleire representantar i komande periode. Vi har ei bra liste, og eg trur mange ser at ein treng litt meir «blanda drops»  en kva det har vore i dei siste åra.

Når Runar skal trekke fram nokon frå politikken som han har respekt for, ser han over partigrensene. – Nils R Sandal må eg trekke fram som ein politikar som har fasinert meg litt. Han var ein politikar som skapte tillit, og bidrog med mykje positivitet, og har brukt erfaringa si frå politikken til å gjere ein stor innsats i sine verv i ettertid.