Sjur Atle – Alt-mogeleg-mannen frå Austrheim
Sjur Atle Austrheim er ein JA-person. Skal noko gjerast i Trivselsskogen, er han på plass. Kor og musikk; Sjur’en er der. Han er også livsnytaren i sitt vakre paradis på Ervika, møt han her:
No. 10 på Gloppen Høgre si kommunevalliste er Sjur Atle Austrheim. Han er fødd i 1951, er gift med Sølvi, og har tre born, seks barneborn, og til og med eit oldebarn.
Sjur Atle har hotellutdanning, og har jobba 28 år som kabinbesetning i SAS.
Garden på Austrheim overtok han etter far sin, legendariske stortingsmann og samferdsleminister Jon Austrheim. Mor Ingeborg var også ei markant kvinne innan organisasjonslivet i Gloppen.
Det er difor ikkje rart at Sjur Atle i nær sagt alle dagar har vore oppteken av politikk og samfunnsspørsmål. Han er oppteken av den private eigedomsretten, og at menneska kan få ta fleire avgjersler i sin eigen situasjon.
Han er ein røynd og markant kommunepolitikar. – Eg har bak meg tre periodar som kommunestyrerepresentant, to i formannskapet, og ein som leiar i Teknisk utval. Den siste perioden som vara.
-Eg ynskjer å vere eit ja-menneske i størst mogeleg grad og ynskjer å hjelpe innbyggarar som føler dei møter motgang i byggesaker, seier Sjur Atle. Eg meiner at sunn fornuft er ein god reiskap i mange saker!
Sjur Atle har alltid sett ut forbi dei nære områda. – Eg er orientert mot turisme, og ynskjer å spele på lag med dei som tenkjer i same baner.
– Som politikarar må også vi støtte kommunale og private tiltak. Holvikejekta er eit hjartebarn, og den må bli sikra gjennom eit nytt verne- og formidlingsbygg .
Fritida hans går med til jakt og fiske når det er sesong for det. Han har eit praktfult hytteområde på Ervika på Stad, der han jaktar hjort, fiskar laks i elva, og forsyner seg med det som havet byr på ute ved kysten. Og – ikkje minst går mykje av fritida med til song og musikk i både kor og gruppe. «Tre kvinner og ein mann» har gleda mange med julekonsertane sine.