Stortingsrepresentant Torill Eidsheim besøkte BANO

Torill Eidsheim sit i Helse- og Omsorgskommiteen på stortinget, og det var såleis svært nyttig å få vise henne dei innovative og flotte produkta og bada BANO produserer for m.a. helsemarknaden.

I samband med årsmøtet til Gloppen Høgre fekk partiet besøk av stortingsrepresentant Torill Eidsheim og den erfarne lokal, fylkes- og stortingspolitikaren Sigurd Hille, begge frå Hordaland. Det var under gjestinga lagt opp til eit bedriftsbesøk på den Gloppen-baserte bedrifta BANO i Mona. Her var også kommunestyremedlemene frå Krf og Samfunnsdemokratene inviterte til å vere med.

Godkjenningsnålauget i Husbanken

I Gloppen, og i BANO, har det vore ein viss frustrasjon over at dei nyaste og mest innovative og velfungerande baderomsløysingane Bano har utvikla ikkje har gått gjennom godkjenningsnålauget i Husbanken. Gloppen Kommune har ønskja å nytte det nye baderomskonsepet på den nye delen av omsorgsbygget. Også kommunen har derfor vore utolmodig og venta på godkjenninga.

Det har vore mykje politisk kontakt mellom stortingsrepresentantar, departement og lokalpolitikarar frå Gloppen, der alle er samde om at Bano sine løysingar er gode og velfungerande. Dei endelege godkjenningane frå Husbanken har synt seg krevande å få på plass.

Understreka kor viktig det er for BANO å få godkjenningane raskt

Konsernsjef Frode Lindvik i bedrifta gav ein grundig informasjon til stortingsrepresentanten om bedrifta, og ikkje minst problematikken rundt godkjenning av baderomskonsepta. Han understreka kor viktig det er for BANO å få godkjenningane raskt, slik at dei kan starte produksjonen av baderomsprodukta. Det har vore nytta mange millionar til utvikling, pengar som sjølvsagt må tenast inn att.

Har god tru på at godkjenninga kjem

Stortingsrepresentant Eidsheim forstod sjølvsagt frustrasjonen, og ville halde trykk på det gode arbeidet som allereie er gjort av m.a. Frida Melvær (Høgre, Sogn og Fjordane) og leiaren for Sogn og Fjordane Næringsråd, Bjørn Lødemel. Kommunalministeren har saka på sitt bord, og no manglar det såleis berre ei siste godkjenning. Gloppen Høgre har alt kontakt for å stadfesta at den videre behandlinga av saka ikkje vert forsinka som følje av bytte av statsråd sist veke. Den politiske viljen både frå kommunal og helsedepartementet til å løyse dette har vore god, og vi har god tru på at godkjenninga kjem.

Toril Eidsheim var elles imponert av næringslivet i Gloppen. Ikkje minst av samarbeidet mellom NAV, Firda Vgs, kommunen og privat næringsliv, den såkalla Gloppen-modellen. Den er vorten lagt merke til.