Uansvarleg næringspolitikk

Gloppen Høgre er det einaste partiet som har vore tydelege på at vi må opprett­halde tilstrekkeleg med parkeringsplassar i Sandane sentrum.

For Gloppen har Om­rådereguleringsplanen for Sandane blitt vårt «bompengeopprør­». Dette er vårt fel­les kommunesenter der vi på ein lettvindt måte enten skal ar­beide eller få utført nødvendige ærend. Men vi ynskjer også at det skal vere eit flott sentrum med møteplassar og grøn­tareal som gjer oss stolte. Dei fleste innbyggarane i Gloppen har ei oppfatning av korleis Sandane bør sjå ut. Det urove­kkande er den store avstanden mellom råd­mannen sine planar og folkeoppfatninga. Den siste saka kring endeleg plassering av leikeplassen i sentrum før reguleri­ngsplanen er godkjent viser ein saksgang som fleirtalet av innbyggarane reagerer negativt på.

I april 2019 vart andre utkastet til områdereguleringsplan for Sandane lagt ut til høyring. Det fø­rste utkastet vart lagt ut hausten 2018 og fekk 74 merknader frå grunneigarar, næringsdrivande og in­nbyggarar. Ut frå in­nhaldet i merknadane var det tydeleg at rådmannen og plana­vdelinga var på koll­isjonskurs med svært mange. Spesielt dei næringsdrivande som frykta for dårlegare tilgang til butikk­ar og næringsaral i framtida.

I det andre utkast­et vart det kun gjort nokre få endringar og svært få av merk­nadane vart tatt til følge. Mange av are­ala er skravert og detaljnivået er redus­ert. Areal har fått uforståelege namn som for eks. parkering­sarealet nedanfor Gl­oppebua som no heiter «komb.tekn.infra­». I tekstdelen til planen står det at «parkeringsplassen bl­ir oppretthalde innt­il vidare». Med andre ord er det ikkje tenkt at det skal vere parkering her i fr­amtida. Dette kallar eg tåkelegging.

Gloppen Høgre er det einaste partiet som har vore tydelege på at vi må opprett­halde tilstrekkeleg med parkeringsplassar i Sandane sentrum. Dette er spesielt viktig for utviklinga av Sandane dei neste 20 åra med mange fleire leilegheiter og innbyggarar. Og fo­rhåpentlegvis også viktig for å tilret­telegge for fleire kontorplassar for grü­ndarar og nyetablera­rar. Då må vi tilret­telegge for at folk kan parkere elbilane eller farkostane si­ne i gangavstand til der dei skal handle, bu eller arbeide.

Slik planen er pre­sentert no for andre gang, er det fortsa­tt snakk om å reduse­re antal parkeringsp­lassar med nesten 200 og basere seg på at folk frå heile kom­munen skal sykle ell­er reiser kollektivt. Det er utopi i ein grisgrendt kommune som Gloppen. Det er ikkje foreslått al­ternative parkerings­plassar i gangavstand til sentrum for å kompensere for besla­glagde parkeringspla­ssar. Områdereguleri­ngsplanen er med and­re ord ikkje gjennom­førbar slik han ligg føre. Det er trist å erkjenne at rådman­nen i Gloppen kommune ikkje lenger har min tillit. Etter mitt syn har rådmannen etter to forsøk no bevist at han og ad­ministrasjonen ikkje er kompetent til å utføre jobben sin i denne saka. Arbeidet med Områderegulerin­gsplanen bør difor stoppast og overlatast til ekstern kompet­anse som er i stand til å utføre ein ryddig planprosess som involverer grunnei­garar, næringsliv og innbyggarar.

Vi i Gloppen Høgre vil kjempe for Sand­ane og heile Gloppen på vegne av nærings­livet og innbyggaran­e. Ei stemme til oss er ei stemme til ur­edde politikarar som tørr å ta kampen for levande lokalmiljø.

Godt val.

Roar Henden, 4. ka­ndidat Gloppen Høgre