Vår nye kommunestyregruppe

Takk til alle som var med å gjorde at vi hadde ei god liste til kommunestyrevalet. Ei røyst meir hadde gjeve oss tre representantar. Sjølv om vi fekk 50% fleire røyster, vart det framleis to representantar i kommunestyret.

Vi vil gratulere desse sju som medlemar i den nye kommunestyregruppa vår: Representantar: Beate Dybendal Nordvik og Jan Ove Rygg Vara: Sjur Atle Austrheim, Roar Henden, Dagfinn Nyhammer, Kari-Ann Flølo og Kjell Mardal.

Slik avtalane er no, vert Beate medlem av formannskapet og helse- og omsorgsutvalet, Jan Ove vert leiar for kontrollutvalet.

Endeleg val vert gjort i kommunestyret onsdag 25.september.