Sju grunnar til å stemme Høgre i Hjelmeland

1. Oppvekst

For å skapa eit samfunn der alle kan lukkas, er det avgjerande med gode skular. Me vil oppretthalde eit godt lærings- og fagmiljø for elevar og lærarar til det beste for barna. Gratis skulelunsj (ungdomstrinnet) vil vere med å bidra til god læring. God grunnbemanning i SFO, barnehage og skule.

2. Helse og omsorg

Arbeida vidare med å etablera eit regionalt Demenssenter i Årdal. Søke samarbeid med Suldal Kommune for
heimetenesta på nordsida av Jøsenfjorden. Velferd- og
smartteknologi skal utviklast til beste for brukarene. God grunnbemanning.

3. Aktiv rolle i bustadutvikling

Fleire unge og nyetablerere skal få oppleva bustaddraumen i Hjelmeland. Høgre vil arbeida for ein meir variert bustadmarknad. Etablere gjennomgangsbustader for utleige, og fornye kommunale bustader. I tillegg forenkle bruksendring frå hytte til bustad. Eigedomsskatten vil bli redusert ved å innføre eit botnfrådrag.

4. Klima og miljø

Som ein del av det grøne skiftet skal det etablerast ladestasjonar ved alle kommunale bygg. Redusere energikostnader gjennom solcellepanel, varmepumper og energieffektivisering på kommunale bygg. Bidra med økonomisk støtte til private og bedrifter som monterer varmepumper. For å samle kommunens innbyggarar skal det etablerast ein skyttelbuss som fremmar samkøyring.

5. Arbeid, næring og landbruk

Det skal vere lønnsamt og attraktivt å skape arbeidsplassar i Hjelmeland. Me heier på jobbskaperane og vil styrka eksisterande næringsliv. Derfor skal næringsareal som er i kommuneplanen tilretteleggast for bruk. Ei viktig næring
er landbruket, og Høgre vil prioritere heiltidsbonden. Gode nærbutikkar er viktig for å skapa levande bygder. Vår flotte natur og satsinga på aktivitetar, gir moglegheiter for vekst i reiselivet.

6. Kultur, idrett og friluftsliv

Frivilligheita er viktig og vil prioriterast av Høgre gjennom å sikre gode rammevilkår for idrettslag, organisasjonar og frivillig arbeid. Etablera Sandestranda Aktivitetspark, ballbinge i Jøsenfjorden, samt oppgradering av gymsal i Årdal. Tur ut i naturen er bra for folkehelsa der Lyngsheia, turveg rundt Hjelmen, samt arbeid med å etablere universell turveg på Gjessfjell vil bidra til dette.

7. Infrastruktur

God infrastruktur er viktig for Hjelmeland. Høgre skal arbeid for realisering av Årdals- tunellen, samt utviding av fylkesvegen frå Kleppa-krysset til Viganeset industriområde. Gangfelt ovanfor oppstillingsplassen på Nesvik, samt gatelys på bl.a. Fister, Vormedalsvegen, Samfunnshuset og Randøy er trafikksikkerhetstiltak som det også skal arbeidast med.