6 grunnar til å røyste Høgre i Høyanger

1. Industri og næringsliv

For Høyanger Høgre er arbeidsplassar og folketalsvekst prioritet nummer ein. Vi vil jobbe aktivt for at Høyanger skal være ein JA-kommune, med ei positiv innstilling til nytenking, forandring og utvikling. På den måten skal vi sikre at Høyanger er en attraktiv, trygg og framtidsretta kommune å bu i.

2. Bustadutvikling og sentrumsutvikling

Den viktigaste oppgåva dei neste åra er å auke folketalet. Høyanger kommune må bli ein føretrekt stad å busetje seg i, både for eigen ungdom og for tilflyttarar. Ein føresetnad for å tiltrekkje seg og halde på kvalifisert arbeidskraft, er eit attraktivt bustadmarknad. Særleg har Høyanger tettstad eit stort behov for bustader og leilegheiter med standard som oppfyller agens krav.

3. Skule og barnehage

Høyanger Høgre ynskjer å skape vekst og utvikling i alle lokalsamfunn slik at vi kan oppretthalde dagens desentraliserte struktur. Elevane skal oppleve god fagleg læring og trivsel.

4. Helse og omsorg

Høyanger Høgre vil arbeide for at det skal vere god kvalitet på helse og omsorg. Eit godt omsorgs- og helsetilbod er grunnsteinen i eit varmt og velfungerande samfunn. Befolkninga i kommunen vert stadig eldre noko som medfører at ein må sikre nødvendig kapasitet.

5. Kultur og fritid

Eit godt kultur- og fritidstilbod er viktig for at kommunen skal vere ein attraktiv kommune å bu i. Høyanger er ein kommune med ei stolt kraft–og industrihistorie, noko som vi ynskjer å ivareta og byggje vidare på.

6. Miljø og samferdsle

Høyanger Høgre vil arbeide for at kommunen skal profilere seg som miljøvennleg og rein, men samtidig leggje til rette for busetting i heile kommunen. I ein langstrakt kommune er det viktig med trygge og gode vegar. Høyanger Høgre vil arbeide for godt vedlikehald av kommunale vegar.