7 gode grunner til å stemme Høyre i Kinn
1. Du skal ha råd til å bo i Kinn
Det har blitt dyrare å bu i Kinn. Avgifter har auka og eigedomsskatten har nesten dobla seg på få år. Høgre vil halde skatte- og avgiftsnivået nede. Kvar familie og innbyggjar skal sitte igjen med meir av sine eigne pengar. Du veit sjølv kva som er god velferd for deg og dine!
2. Utvikling gir velferd
Vekst og utvikling er viktig for å skape eit godt samfunn. Dei to byane våre, Florø og Måløy skal være i front for næringsutviklinga i vår region. Høgre vil sørge for at næringslivet vert møtt av ein venleg og forutsigbar kommune, som er enkel å oppsøke, som svarar raskt og har ei positiv innstilling. Vi vil være ein JA-kommune! I Kinn skal det være attraktivt å etablere og vidareutvikle seg. Dette vil gje gode moglegheiter for fleire arbeidsplassar og enklare for ungdom å bli værande eller komme heim etter endt utdanning.
3. Bedre skole for elevar og lærarar
Skulen skal være ein plass for alle, og Høgre vil arbeide for at alle elevar skal få den opplæringa og oppfølginga dei treng. Høgre vil ha ein skule med fokus på kunnskap, kvalitet og tryggleik. Vi vil at alle elevar skal oppleve meistring. Vi vil styrke laget rundt elevane med tverrfaglege stillingar slika at lærarane skal få meir tid til å være lærar og arbeide med å gje elevane den tilpassa undervisninga kvar enkelt treng. Det er viktig at barna si stemme vert høyrt og at dei opplev at dei får være med å påverke sin eigen skulekvardag. Slik vil Høgre sikre at fleire elevar har eit godt læringsmiljø, er meir motivert for læring og klarer å fullføre skulegangen sin.
4. Det skal vere trygt å bli eldre i Kinn
Det vert fleire eldre i kommunen vår, fleire treng omsorg på ulike måtar og mange er ensomme. Høgre vil byggje fleire , ulike boligar og god rehabilitering for dei som treng det. Vi må sikre at vi har nok ansatte med rett kompetanse til å sikre behova til dei som treng det. Høgre vil at eldre skal ete godt, ha innhaldsrike kvardagar og at eldre kan være sosiale saman med andre. Vi vil ha gode møteplassar og eit variert kulturtilbod for alle, slik at ein kan leve godt gjennom heile livet. Høgre skal sikre alle i Kinn ein god og verdig eldreomsorg, tilpassa eigne behov.
5. Fritidstilbud for alle, i heile Kinn
Vi i Høgre skal alltid være postive til initiativ frå frivillige. Det er viktig med eit variert tilbud både innan idrett, kultur og andre aktivitetar, for å sikre inkludering og god helse. Det beste førebyggande arbeidet mot utanforskap, rus og kriminalitet er mange nok arenaer for aktivitet og meistring. Vi vil legge forholdene til rette for flere fritidstilbud og i samarbeid med frivilligheten bidra til et større mangfold av arenaer barn og unge kan tilbringe fritiden sin på i trygge, rusfrie miljøer.
6. Barnehage når du trenger det
Høgre vil at barn i Kinn skal få barnehageplass når dei fyller 1 år om foreldrene ønskjer det. Då treng vi eit rullerande barnehageopptak. Vi i Høgre trur at kvar familie veit best kva som passar best for dei. Vi vil ha eit barnehagetilbod nær der du bur, slik at det vert enklare å levere og hente barna. Dette vil gje familiane meir tid i ein hektisk kvardag, og barna vert meir kjent med eige nærmiljø. Ansatte med rett kompetanse og bemanning er viktig i barnehagane våre.
7. Skape tillit og bidra til samarbeid
Tillit er viktig. Vi politikar må heile tida gjere det vi kan for at dei som bur i kommunen vår har tillit til oss. I Kinn treng vi å betre tilliten mellom oss som skal styre kommunen og innbyggarane. Vi ønsker å bidra til å bygge eit betre omdømme for Kinn. Høgre skal lytte til folk og næringsliv og vil invitere til samarbeid med alle parti til det beste for folk flest.
Bengt Solheim-Olsen er vår ordførarkandidat
Bli betre kjend med han, og sjå heile vallista vår, her 👇