Valprogram 2023-2027
Valprogram
2023-2027
Her kan du lese heile vårt kommunevalgprogram for Kinn for komande periode!
I Høgre trur vi på enkeltmennesket, næringslivet og samfunnet i felleskap. Høgre vil sørge for at Kinn utviklar seg til det beste for oss alle som bur i kommunen. Det vil gi oss veksten vi treng for å utvikle gode tjenester.
Les heile vårt kommunevalgprogram for Kinn her:
Skape framtidas arbeidsplassar
Kinn Høyre vil ha eit nærings- og arbeidsliv som har gode rammevilkår for å skape aktivitet, og arbeidsplassar. Kommunen skal bidra til å skape arbeidsplassar slik at vi kan ha eit høgt velferdsnivå, også i framtida. Kinn kommune har eit rikt og variert næringsliv som gir moglegheit for vekst og utvikling. Trygge og konkurransedyktige arbeidsplassar er det viktigaste grunnlaget for at kommunen kan tilby trygge og gode tenester. Kinn Høyre vil legge til rette for at næringslivet skal få betre forutsetningar for lønsemd, vekst og næringsutvikling, både for eksisterande næringsliv og nye etableringar. Vekst og etablering av verksemder og grøne næringar skal ha spesielt fokus.
Kinn Høyre vil:
● at areal for næringsutvikling gjerast tilgjengeleg og at dei som vil etablere seg vert gjort kjende med dette.
● at næringsutviklingsselskapa i kommunen bør ha eit sterkt fokus på å få verksemder til å etablere verdiskaping i kommunen, som både er berekraftig og tar omsyn til miljøet
● at strandsona skal forvaltast på ein fornuftig måte, der grender og tettstadar kan gjere bruk av denne fullt ut, mens uberørte områder og turområde kan ha meir restriktivt planverk.
● sørge for at kommunen legger til rette for innovasjon i eksisterande næringsliv gjennom knoppskyting, utvikling og kommersialisering av nye produkt.
● at kommunen skal være en aktiv tilretteleggjar for utbygging og at dei som søker tomteareal skal møtes på ein positiv og hjelpsam måte, slik at byggeprosessen ikkje blir komplisert.
● ha kommunalt innkjøp som utformast slik at også lokale bedrifter kan delta i konkurransen.
● at kommunen skal være aktiv i forhold til å etablere lærlingplassar.
● at Kinn kommune skal være en proaktiv ja – kommune, som aktivt bidrar til økt næringsaktivitet og fleire arbeidsplassar i privat sektor
● sikre god byutvikling gjennom satsing på byprosjekt i Florø og Måløy
● ha eit tett samarbeid mellom skole og næringsliv, t.d aktivt ved å leggje til rette for praksisplassar. Dei unge skal tidleg skape gode relasjonar og band til ulike næringsaktørar, for seinare å kunne kome tilbake å busette seg i kommunen i eit arbeide ein trivst med.
● Bidra til betre tilrettelegging for kystturisme, og vidareføre utviklinga og det store potensiale som ligg til reiseliv og turisme i heile kommunen.
● Vere til stades der slutningane tas, og knytte gode relasjonar til sentrale aktørar for dei avgjerda som tas uavhengig av partitilhøyrsle.
● At det arbeidast videre med eit godt planverk som viser vilje til auka satsing på privat næringsliv og skape betre vilkår for næringslivet ved å vere føreseielege.
● Bidra til at marine næringar finner areal, infrastruktur og kompetanse ved etablering i regionen.
Samferdsle
Kinn kommune og regionane rundt oss trenger ein infrastruktur som er tilpassa krav til tryggleik, kvalitet og tilgjenge i framtida. Fleire, betre og tryggare vegar vil knytte
samen og styrke konkurransekrafta vår i takt med ein digital infrastruktur med god
kapasitet. Det går for sakte med å få på plass løysningar for en hurtig gjennomføring av Kystvegen. For Kinn kommune sin del er det en forutsetning at strekninga Måløy-Florø blir prioritert raskt gjennom offensive og framtidsretta vegval. Gode kommunikasjonar er avgjerande for busetting, arbeidsmarknad og næringsliv. Kinn Høyre ønsker at brua over ytre Nordfjorden skal gå fra Biskjelneset på nordsida til Tongane på Rugsundøy, og vidare på utsida av Svelgen mot Indrehus i tunnel slik Bremanger kommune regulerer for no. Vidare mot Florø vil vi jobbe for at vegen går i tunnel i Vindspollen til Terdalen og så vidare over Terøya og Grønenga. Slik vil vi bygge saman regionen med gode pendlarmoglegheiter mellom Florø og Måløy via Svelgen.
Kinn Høyre vil:
● å jobbe for å få overført meir av godstransporten fra veg til sjø.
● at Kystvegen Måløy–Florø blir fullført i alle steg
● å utgreie raskare gjennomføring av Kystvegen Måløy-Florø ved bruk av bompengar og ferjeavløysingsmidlar.
● at Fv617 (Raudeberg) må få gul midtstripe.
● at hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund må realiserast når Stad Skipstunnel opne.
● gode båt- og ferjeruter som bind saman alle deler av kommunen, og at stjernestoppa i større grad kan nyttast av innbyggarane der båtrutene passerer kai.
● gjennomføring av dei vedtekne utvida båtrutene mellom Måløy og Florø for å sikre moglegheita til å pendle mellom byane.
● auka frekvens på kollektivtilbodet alle dagar mellom dei større byane og tettstadane, der busstransport mellom Florø og Førde også får seinare avgang frå Florø, også i helgane. Dette gjeld også transport mellom Måløy og Raudeberg.
● for at flyavgangar skal korrespondere med båtrutene og anna offentleg transport.
● flyruter tilpassa næringsliv og innbyggarane sine behov. Satse på å utvikle Florø Lufthamn med tilbakeføring av FOT-ruter med god frekvens og akseptable billettprisar.
● å ruste opp Markegata og Lindheimveien i Florø.
● å gjennomføre opprusting av Gate 1 gjennom Måløy sentrum.
● sørge god tilgang på parkeringsplassar i sentrum av Florø og Måløy
● for å utvide kai- og terminalkapasitet i hamnene, blant anna etablere den tredje
ferjekai/bilbru i Florø, slik at det er i tråd med dei båtane som kjem.
● å bygge ut gang- og sykkelvegar der det er behov og der det gjev mogelegheit
for bustadvekst og næring.
● å bygge ut fiber/breiband og sørge for god mobildekning i heile kommunen
● betre kollektivtilbodet i Måløy med bybuss for å sikre gode kommunikasjonar til
distrikta rundt.
● rassikring av Rv5 og andre ras-utsette vegar.
● sette fart på opprusting av kommunale vegar med stort etterslep av vedlikehald
● jobbe for ekstra båt-avgangar til øyene i Florø-bassenget på ettermiddagar i
vekedagane, samt lørdagane.
● sørge for at fylkeskommunen behelder ansvaret for sine vegar i distrikta og har
fokus på godt vedlikehald av desse.
● kommunen skal være pådrivar og leggje til rette for å auke delen av kollektive
transportformer som har lågt eller 0-utslipp av klimagassar.
● at Måsholmen blir framtida si plassering av containerhamn, når den står ferdig
Skatt og avgift
Høyre vil redusere eigedomsskatten og holde avgiftene nede, så det ikkje blir for dyrt å bo i Kinn. Eigedomsskatt er ei dobbel skattlegging som rammer yngre og eldre uavhengig av økonomisk evne. Eigedomsskatten svekker konkurranseevna til lokale bedrifter og er eit hinder for nye etableringar av industri i kommunen. Kontroll på økonomien er sjølve grunnlaget for trygg styring. Kommunen må bli meir effektiv og meir av ressursane skal brukas på tilbod og tenester til innbyggarane. Det meste er blitt dyrare det siste året, og vi skal bidra til å gjere situasjonen litt lettare ved å la folk behalde meir av sine egne pengar.
Kinn Høyre vil:
● arbeide for at arbeidsgivaravgifta blir samordna med låg sats i Kinn-regionen
● eigedomsskatten skal ikkje auke og kommunale avgifter skal haldast nede
● halde kontroll på kommuneøkonomien og ikkje balansere overforbruk med meir auka skattar og avgifter
● utreie moglegheita for 2-3 års fritak for eigedomsskatt for nyetableringar
● effektivisere kommunal drift og legge til rette for raskare saksbehandling
gjennom digitalisering og ei ja- haldning til søknader frå enkeltpersonar og
verksemder.
Bolyst og attraktivitet
Kinn kommune er ei kommune som frå naturen sin side har ei rekke stader som
står fram som attraktive å bo i og vekse opp i. Med byane Florø og Måløy og våre attraktive bygder, skal vi vere staden og kommunen som du verkeleg har lyst å flytte til. Her skal du finne eit godt sted å bo, eit godt sted å arbeide, eit rikhaldig fritidstilbod og gode offentlege tenester. Om attraktiviteten skal resultere i auka tilflytting, så må ei rekke forutsetningar oppfyllast. Den viktigaste forutsetninga er at det er arbeidsplassar innanfor det naturlege bo- og arbeidsområdet, god og trygg infrastruktur med gang- og sykkelvegar og ei rekke tilbod for alle aldersgrupper.
Kommunegrensene er endra for å bidra til god utvikling i regionen. Det er framleis
viktig med samarbeid på tvers av kommunegrensene for å sikre ein funksjonell bo -og arbeidsmarknad til det beste for alle. Kinn Høyre vil samarbeide godt med våre naboar i Stad kommune, Bremanger kommune, Sunnfjord kommune og dei andre kommunane som vi grensar til. Det er lokalpolitikarane si oppgåve å jobbe for å utvikle best moglege tenester og ein god kommune. Det må derfor arbeidast konstruktivt og systematisk for dette framover.
Kinn Høyre vil:
● god kvalitet i kommunen sine tenester
● gode ungdomstilbod, der ungdom også kan møtast på kveldstid ved at det er gode
kollektive transportmogelegheiter mellom byane og distrikta heile veka.
● at Kinn kommune skal være en proaktiv ja -kommune som aktivt bidrar til auka
næringsaktivitet og fleire arbeidsplassar i privat sektor
● å leggje til rette for bustadbygging og næringsareal ut i frå behov. Det bør være
tilgjengelege tomter for bustad og næring i alle delar av Kinn kommune, samtidig
som ein legge til rette for førstegongs-bustadar, slik at dei som ønskjer å flytte heim
har høve til det.
● sikre kvaliteten på eksisterande «grøne lunger» og byskogar for at dei skal bli
naturlege møteplassar og rekreasjonsområde i nærmiljøet
● å bli Ja-kommune i forbindelse med etablering av bustad og næring.
● å utvikle fleire turløyper og stiar i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
● utvikle dei grøne lungene i sentrumsområda.
● å utvikle de to kystbyane Måløy og Florø til å bli sterke utviklingssenter i Vestland.
● aktiv politikk for busetnad i distrikta.
● sikre at vi søker erfaringar frå andre kommunar som del av forbetringsarbeidet i Kinn kommune.
● bidra til enklare forvaltning av å legge til rette for etablering av bustad, ved å få mest mogeleg areal tidleg nok inn i planar som blir vedteke i kommunen.
● at fleire skal få eige enn å leige ved å støtte opp dei som vil etablere seg.
Oppvekst, skole og barnehage
Skoler og barnehagar skal ha rammer som gir barna og elevane ein trygg kvardag fylt med leik, trivsel og meistring. Skolen skal ha fokus på tidleg innsats og gi elevane tilpassa undervisning ut i frå den enkelte sin forutsetning for å lære. Barn skal oppleve barnehagen som ein trygg stad som gjev rom for leik, venskap, språkutvikling og læring. Derfor er det viktig at det er nok vaksne med relevant utdanning og fagkompetanse. Barn trivs best i lek og samvær med andre barn, med tilgjengelege tilsette som er der når dei treng dei og til å rettleie dei.
Det er viktig at elevane opplever både trivsel og læring i klasserommet; med læraren
som tydeleg pedagog og leiar. Alle barn og elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø utan å bli utsett for plaging frå andre. Derfor skal alle tilsette ved skolen til ein kvar tid ha god kompetanse i arbeidet med eit godt og inkluderande skolemiljø med fokus på eit fagleg og sosialt læringsmiljø fritt for mobbing og uønskt åtferd. Det er viktig at Kinn kommune har et velfungerande barnevern for å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Kinn Høyre vil:
● sørge for at det er høgt tempo på bygginga av nye Skram skole, dimensjonert for 250 elever.
● satse på innhald og kvalitet i skolar og barnehagar.
● være positiv til initiativ om å etablere private barnehager
● styrke læraren som skolens viktigaste ressurs, satse på etter- og vidareutdanning av lærarar.
● jobbe for å styrke tilbodet på dei vidaregåande skulane i kommunen gjennom
samarbeid og koordinering med næringslivet og deira organisasjonar.
● at Flora og Måløy vidaregåande skal være attraktive studiestader for eigne
ungdommar og tilflyttaren både frå fylket og regionen
● satse videre på MOT i skolen.
● ha fokus på barn sine behov og være open for samarbeid på tvers av kommune-
grenser for å sikre et godt skoletilbod.
● satse på utbygging og utvikling av attraktive uteområde som inspirerer til aktivitet på skolane, også på fritida.
● sørge for eit godt tverrfagleg samarbeid til barn og ungdom sitt beste, som kan
driftast gjennom SLT-koordinator.
● ha fokus på gode tolketenester og fleirspråklege assistentar i skule og barnehage.
● økt satsing på miljøterapeutar, miljøarbeidarar og spesialpedagogar på skolane for å forebygge å sikre eit godt læringsmiljø, fagleg og sosialt. I tillegg jobbe for å ha
andre synlege og tilgjengelege tenester tilpassa ungdomen på skulane som til dømes NAV, Helsestasjonen og andre sosiale tenester.
● skape kultur for medverknad i skulane og elles i saker som gjeld ungdommen.
● halde på dagens skulestruktur, ut i frå dei rammetilhøve som ligg til grunn pr. i dag
● halde på løpande barnehageopptak
● arbeide for at elevtalet i nybygde klasserom skal følgje vegleiande arealnorm på 2
kvm der tilleggsareal kan definerast i umiddelbar nærleik.
● alle born skal ha det bra i Kinn kommune, og at det tverrfaglege samarbeidet rundt
bornet skal styrkast.
Beredskap
Ein av myndigheitenes aller viktigaste oppgåver er å beskytte innbyggarane mot kjente og ukjente truslar. Kinn Høyre vil jobbe for at kommunen skal være godt forberedt på å avverje, handtere og minske risiko for kriser. Pandemien og andre kriser har vist oss at kommunen trenger å kunne mobilisere alle ressursar, enten de er offentlege, private, frivillige eller det sivile samfunnet.
Kinn Høyre vil:
● sørge for gode forhold for brannvesenet i både Florø og Måløy med nye
brannstasjonar i Florø og i Måløy.
●gi brannvesenet tilgang til nødvendig fartøy og utstyr for effektiv respons.
● styrke legedekninga i kommunen ved å tilby avtaler slik at alle innbyggarane i Måløy og Florø kan ha sin eigen fastlege.
● sørge for at kommunen har oppdaterte planer for å handtere kjente og ukjente truslar og er godt trena på å møte slike truslar.
● ha søkelys på at synleg politi, brannvesen og ambulansar er avgjerande når uhellet er ute.
● i samarbeid med Helse Førde sikre nødvendig kapasitet i ambulansetenesta, både på land og sjø.
Inkludering
«Alle er ein ressurs i seg sjølv»
Å inkludere vil være ein av kommunen sine viktigaste oppgåver i framtida. For å lykkes med dette må kommunen, frivillige organisasjonar og næringslivet arbeide tett saman. Alle er tent med gode tiltak for å inkludere og strategisk arbeide for å nå målet. Vi må legge forholda til rette for at flest mogleg skal få delta i små og store fellesskap, få arbeidstrening og til slutt fast jobb. Fast jobb gjev ein større friheit til å være en aktiv deltakar i samfunnet. God inkludering er viktig for å skape ein berekraftig kommune. Vi vil bevare eit samfunn basert på tillit, samhold og med moglegheiter for alle!
Kinn Høyre vil:
● at kommunen skal ha eit variert tilbod innan varig tilrettelagt arbeid (VTA)
● sikre at Nav behandlar saker raskare enn i dag. Nav skal gi tilbod om individuell
behandling til dei som treng bistand
● samordne kommunale tilbod for å sikre at unge som mottar sosialhjelp, kjem raskt
over i arbeid, opplæring eller utdanning
● at kommunale aktørar, næringsdrivande og frivillige organisasjonar skal legge til rette for tettare samarbeid for å sikre relevante praksisplassar og jobbtrening til de som trenger det.
● at kommunen skal skape eit samfunn som gjev mogelegheiter for alle til å leve
meiningsfulle liv.
Eldreomsorg
Folk lever lenger i dag enn tidlegare, og det skal vi glede oss over. Den demografiske endringa fører til at vi blir fleire eldre, og det blir fleire av dei eldste eldre. Dette vil òg være situasjonen i Kinn kommune. Kinn Høyre vil arbeide for ordningar og tenester som er godt tilpassa, og har nok berekraft, til å møte ei framtid med endra samansetnad i befolkninga. Eldre skal få moglegheit til å leve heime så lenge som mogleg og få støtte til å meistre kvardagen på tross av sjukdom og funksjonssvikt. I eiga bustad kan ein lettare tilpasse tilbodet til den enkelte sitt behov, og det er lettare å mobilisere og engasjere familie, venar og det sosiale nettverket. Samtidig skal dei ha tryggheit for å kunne få hjelp når dei treng det, og det må heile tida være tilstrekkeleg plassar på institusjon i kommunen. Når livet går mot slutten skal eldre få god lindrande omsorg og pleie. Vi skal leggje til rette for å kunne leve heile livet i Kinn kommune. For at kvardagane skal bli gode også når ein blir eldre, er det viktig med eit godt samarbeid med dei frivillige. Mange yngre pensjonistar har framleis god helse og mykje å bidra med, både overskot og tid til å hjelpe andre. Dei eldre har livserfaring, kunnskap og ferdigheiter som kan tas i bruk.
Kinn Høyre vil:
● at man skal glede seg til å bli gamal i Kinn kommune.
● at det må leggjast til rette for at flest mogleg kan bu heime så lenge som mogleg, ved å satse på velferdsteknologi og framtidsretta løysingar til bustad.
● bidra til eit mangfald av fritids- og trivselsaktivitetar for eldre, både dei som bur
heime, i omsorgsbustad og på pleie- og omsorgsheimen og at vi i større grad skal
opne opp sjukeheimane ved å legge til rette for fleire frivillige, få inn meir musikk- og
kulturliv og samarbeid med skole og barnehage
● gjere det attraktivt å være helse- og omsorgsarbeidar i Kinn, blant anna ved å leggje til rette for etter- og vidareutdanning og gunstige arbeidsvilkår.
● tilby ufaglærte i sjukeheimane og heimetenesta utdanning, slik at fleire får fagkompetanse
● Sikre at eldrerådet vert høyrt i viktige saker som gjeld dei eldre.
● vi ønskjer å vidareutvikle kommunen som et demensvenleg samfunn og bidra til å
sikre eit godt tilbod til personar med demens og deira pårørande.
● jobbe for meir variasjon i mat og måltida.
● at kommunen styrker riktig bruk av rett kompetanse.
● sørge for rask bygging av 100 nye institusjonsplassar i Florø på sjukehustomta.
● utvide dagtilbodet for eldre og demente, der mange har behov for avlasting
ettermiddag og kveld også.
● at kommunen legg til rette for ein demensvenleg kommune
● at tenester frå kommunen vert tilbudd ut i frå dei eldre sine ønskjer
Kultur, idrett og frivilligheit
Vi i Høyre skal alltid være positive til initiativ fra frivilligheita. Eit breitt idretts- og
aktivitetstilbod sikrar moglegheiter til bevegelse og engasjement, bidrar til integrering og fremmer god helse. Høyre bryr seg om heile kommunen – og vil satse på nærmiljøa og dei små lokalsamfunn i kommunen vår. Kinn skal være en ja- kommune for lag og foreiningar. Samen med byutvikling ønsker vi med dette å leggje til rette for at fleire ønsker å bli buande i kommunen vår. Mange familiar slitar med å få endene til å møtes, og må prioritere mat på bordet før aktivitetar for barna sine. Høyre vil at alle barn og unge i Kinn kommune skal kunne delta på minst éin fritidsaktivitet i uka, uavhengig av foreldra si lommebok. I Kinn Høyre er vi opptatt av å leggje til rette for ei bredde i tilbodet som inkluderer både barn, ungdom, vaksne og seniorar som alle har sine ulike og unike forutsetningar, målsettingar og drøymer. Det skal være et stort mangfald av idrettar å velgje mellom. Det er de frivillige som er bærebjelken i idretten. Dette betyr at vi må gjere vårt beste for å sørge for at alle dei hundrevis av frivillige skal ha best mogleg rammevilkår. Eit godt samfunn har eit godt kulturtilbod, og utvikling av et breitt kulturtilbod bidrar positivt til utvikling av kommunen. I Kinn kommune vil vi at du skal oppleve eit rikt kulturliv der frivilligheita bidrar positivt og spiller ei viktig rolle med sitt engasjement. Gjennom eit rikt kulturtilbod er vårt ønske at du vil trivest som innbyggar i kommunen og gi deg inspirasjon og motivasjon til samhold, begeistring og glede.
Kinn Høyre vil:
● jobbe for å vidareutvikle og utvide det gode tilbodet på kulturskulen
● vidareutvikle tilbodet i biblioteka
● at flest mogleg skal ha tilbod om å kunne drive fysisk aktivitet ut i fra eigne
forutsetningar og behov.
● gjennomføre idrettsløftet i Florø og Måløy med fotballhall i Florø og svømmeanlegg i Måløy i samarbeid med idretten og private initiativ
● arbeide for rimelegast mogleg tilgang til kommunale anlegg og øvingslokale for
ungdom.
● satse på turstiar rundt i kommunen – jo fleire i aktivitet-jo betre folkehelse.
● arbeide for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta på minst 1 aktivitet
gjennom fritidserklæringa
● støtte oppunder den uunnverlege innsatsen frivilligheita, idretten og kulturlivet bidrar med, dei trenger gode, rause rammevilkår for å kunne inkludere enda fleire.
● leggje til rette for et breitt tilbod tilpassa ungdom av uorganiserte og organiserte
aktivitetar, som blant anna idrett, musikk, e-sport, dans, teater, revy og mykje meir.
● satse på å vidareutvikle BUA-tilbodet for å stimulere til aktivitet
● å leggje til rette for at friluftsliv og fysisk aktivitet er noko alle barn og unge får tilbod om.
Energi, klima og miljø
Kinn har en unik moglegheit til å stille seg i fronten innanfor klima- og miljøpolitikken. Berekraftig utvikling av byene er avgjerande for at vi skal kunne løyse klima- og miljøutfordringane. Kinn Høyre er garantist for at kommunen skal utvikle og følge opp ei offensiv miljøprofil. Vi ønsker god arealutnytting som en viktig del av visjonen om å lage ei smart og miljøvenleg kommune. Effektiv energibruk kan slå positivt ut på driftskostnader, vi kan dermed knytte god klimapolitikk saman med en god økonomisk politikk. Derfor ønsker Kinn Høyre at det skal være ei gjennomgåande grøn tanke i alle kommunen sine prosjekt.
Naturmangfaldet og livsgrunnlaget må sikrast for komande generasjonar slik at vi
overgir naturen og miljøet til våre barn i minst like god stand som vi overtok det fra
våre foreldre. Høyre vil legge til rette for grøn næringsutvikling i kommunen som en viktig del av løysninga på miljøutfordringane, bidra i programmet for grøn skipsfart og etablere ein eigen hydrogenstrategi. Vi vil og ha ein tett dialog med næringslivet for å skape lønnsame, grøne arbeidsplassar med utgangspunkt i prinsipp for grøn
konkurransekraft.
Kinn Høyre vil:
● føre en ambisiøs klima- og miljøpolitikk som bygger på ansvarleg forvaltning, men som også kan skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar samtidig som utslepp blir redusert.
● arbeide for at Kinn kommune har miljøfokus i all sin aktivitet.
● ha ein mest mogleg plastfri kommune.
● støtte vindkraftutbygging til havs der det ikkje kommer i konflikt med fiskerinæringane og gjere Kinn kommune til ein base- og servicekommune for vindkraft til havs.
● at kommunen bør ha god dialog og samarbeid med eksisterande vindkraftnæring,
men ønsker ikkje meir vindkraftutbygging der det er lokal motstand.
● at Kinn kommune skal liggje i front innan miljøteknologi for kystnære
fartøy som ferjer, hurtigbåtar, fiskeri og oppdrett
● legge til rette for fleire punkt for lading av EL-biler og båtar i kommunen.
● bidra til videre satsing på hydrogen/ reine energikjelder/ fornybare energikjelder.
● at Kinn kommune må arbeide for å sikre nok tilgang til grøn energi til nye grøne
næringssatsingar i kommunen.
Å vere tilsett i Kinn kommune
Kinn Høyre er opptatt av alle som kvar dag gjer ein god jobb for kommunen. Vi ønsker at alle tilsette skal føle seg verdsett og sett, og vite at dei utgjer ein forskjell for mange. Det skal være attraktivt å arbeide for, og i Kinn kommune.
Kinn Høyre vil:
● arbeide for helsefremmande arbeidsmiljø og lågt sjukefråvær gjennom god leiing på alle nivå
● gjere det attraktivt å arbeide i Kinn kommune
● auke talet på fag- og høgskoleutdanna
● leggje til rette for at medarbeidaren får nødvendig etter- og vidareutdanning
● oppmode og leggje til rette for at ufaglærte kan ta fagbrev gjennom «Fagbrev på
jobb»- ordninga
● gje fleire moglegheit til full stilling om de ønsker det, ved å prøve ut nye turnusar
● sørge for nok ressursar til å nytte faglærde vikarar
● tilby fleire lærlingplassar
● leggje til rette for bruk av mentor-ordning for nytilsette
● arbeide for å styrke omdømmet til Kinn kommune. Dette betyr målretta innsats av
kommunen i forhold til innbyggaren og tilsette. Det betyr også å ville, og være positiv til samarbeid med kommunane rundt oss.
● at Kinn kommune skal være en god arbeidsgivar, som er konkurransedyktig i jakta på å tilsette i nøkkelroller både høgt og lågt i kommunen.
● at kommunen må tenke målretta og kreativt, samt leggje til rette for god helse og
stimulere til fysisk helsefremmande aktivitet for dei tilsette