Valprogram 2015
Her finn du kampsakene til Luster Høgre framfor valkampen 2015.
BARNEHAGE
Luster Høgre vil ha tilflytting til Luster og me ynskjer at heile Indre Sogn skal vere felles arbeidsmarknad.
Da må opningstidene i barnehagane tilpassast dette og Luster må alltid ha ledige barnehageplassar
og fleksibel opptakspraksis. Innhald og det pedagogiske tilbodet er viktig.
Luster Høgre vil:
• Ha opningstider tilpassa Indre Sogn som felles arbeidsmarknad
• Fleksibel praksis for inntak til barnehagen
• Gode lokal og uteområde i barnehagane
• Auke kapasiteten ved Jostedal og Indre Hafslo Oppvekstsenter
• Arbeide for betre lokale til Gamlestova Barnehage
LUSTRASKULEN
Lustraskulen består av kunnskapsrike lærarar og elevar som leverar gode resultat nasjonalt. Høgre
meiner at Lustraskulen kan komma heilt til topps, og vil derfor prioritera og fremma tiltak som gjev
ytterligare auke i kunnskap og kvalitet.
For at eleven skal ha full fokus på å tileigna seg kunnskap, er det faglige og sosiale miljøet
avgjerande. Høgre vil derfor jobba for ein mobbefri skule, der læraren er sjef i klasserommet.
Lustraskulen dekker eit stort område, og møter derfor utfordringar knytt til elevtal og skuleveg.
For å oppretthalda kvaliteten i undervisninga vilHøgre gjennomføra strukturendringar om naudsynt.
Barneskulane bør minst ha ein tredelt undervisning (minst tre klassar), så lenge ikkje avstandane og
farleg skuleveg gjer dette utfordrande. For Veitastrond må ein finne løysingar saman med skulen på Hafslo.
Luster Høgre vil:
• Ha fritt skuleval
• Ha regelmessig vidareutdanning av lærarane, spesielt innan realfag
• Gje friviljug intensivkurs i basisfag
• Ha leksehjelp for 8 – 10 klasse
• Styrke fagnettverka til lærarane for å dele erfaringar og kompetanse
• Gje midlar til aktivitetar som fremmar Lustraidentiteten
• Ha ein jamn fordeling av ressursane i skulen
• Ha gode uteområde på skulane som fremmar motorikken
• Ha tilpassa undervisning for elevar på alle nivå
• Ha samarbeide med næringslivet om læring i bedrift
HELSE OG SOSIALPOLITIKK
Luster har gode og desentraliserte omsorgsinstitusjonar i Gaupne, Luster og på Hafslo. Omsorg skal handle om kvalitet for brukarane, anten det er i heimen, i omsorgsboligen eller på sjukeheimen. Dei tre Omsorgsentera må organiserast på ein måte som gjev den beste og tryggaste omsorga for brukaren. Helsesenteret, korttidsavdelinga og ambulansestasjonen i Gaupne er viktig for tryggleiken til innbuarane i Luster.
Luster Høgre vil:
•Gje eit individuelt tilpassa omsorgstilbod
•Vidareutvikle dagtilbod som ATS og arbeidsstovene
•Ha gode heimetenester som hjelper folk å bu heime så lenge som mogleg
•Sikre rammevilkåra for ambulanse, lege og jordmortenestene
•Legge til rette for treningssenter samlokalisert med Lustrabadet
•Ha gode helsetilbod til dei unge som helsesøster i skulen
•Ha gode tilbod til psykiatrien og rusavhengige.
•Utvikle «arbeid for trygd»
•Betre tilhøva ved Grandmo Busenter
LANDBRUK
Landbruket er viktig for busetjing og kulturlandskapet i Luster, samt at landbruksnæringa legg grunnlaget for anna næring. Luster Høgre vil leggje til rette for ein vidare modernisering av drifta, slik at landbruket er best mogleg rusta for framtida.
Luster Høgre vil:
•Gje bonden større råderett over eigen eigedom
•Ha ein liberal praktisering av buplikta og deling av eigedomane
•Tryggje grunneigarens rettigheiter til jakt, fiske og skogressursar
•Stimulere til bygging av driftsbygningar
•Ha eit mjølkeprosjekt for å auke mjølkeproduksjonen i Luster
•Stimulere til nydyrking som erstatning for tapt matjord i pressområda
•Våre fjellområder er prioritert beitedyr og skal ikkje ha yngling av rovdyr.
•Vil halde fram arbeidet med å flytte grensa for ynglande jerv til Otta dalføret
•Stø opp om nytenking innan lokal produksjon og omsetning av kortreist mat
SAMFERDSLE
Det er framleis store etterslep på vedlikehald av vegar både på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå.
Høgre meiner at ein må byggje fleire, tryggare og betre vegar og samstundes ras sikre desse med
tunnelar og ras overbygg der det er naudsynt. Ein må og sikre dei mjuke trafikantane ved å
intensivere utbygging av gang og sykkelstiar.
Luster Høgre vil:
• Ruste opp og vedlikehalde det kommunale vegnettet til eit tilfredsstillande nivå
• Fullføre gang og turstien mellom Gaupne og Marifjøra
• Fortsette arbeidet mot heilårsveg over Sognefjellet
• Ha ladestasjonar for el-bil i kommunen
• Utbetre Øyagata i samband med sentrumsopprusting av Gaupne
• Sikre god breiband utbygging i heile kommunen
• Ha gatelys som er på når det er mørkt og av når det er lyst
• Jobbe for opprusting av fv 55, spesielt Røneidstunnelen, og strekninga Nes – Fortun
• Sikre dei mjuke trafikantane langs fv 55 med feks undergang/fotgjengarfelt og nedsettfartsgrense.
• Fortsette arbeidet med å sikre rassikring av Veitastrond, Sørsida og Rønneidsberget.
• Vidareutvikle ungdomskortet frå 13 år og oppover
NÆRING
Me har eit allsidig næringsliv i Luster. Landbruk, Reiseliv, Bygg/Anlegg, Kraft, Handel og Industri er
alle næringar med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Gjennom mange og store kraftutbyggingar
har Luster fond som skal stimulere til å utvikle næringslivet i kommunen. Desse midlane
må brukast på ein måte som skapar arbeidsplassar saman med både eksisterande bedrifter og
nyetableringar. Skal me få fleire Lustringar må det skapast arbeidsplassar.
Luster Høgre vil:
• Støtte gründerar med kapital og kunnskap
• Støtte nye prosjekt/utvikling i etablerte bedrifter
• Arbeide og leggje til rette for heilårsturisme
• Vektlegge næringslivet sine behov i areal og reguleringsarbeidet
• Ha bærekraftig reiseliv også i verneområda og Nasjonalparkane
• Ha tiltak som kan bidra til auka fiske i fjorden som er viktig for turistnæringa
• Styrkje næringsavdelinga og skape kultur for innovasjon, entreprenørskap og auka samhandling mellom bedriftene
• Etablere næringsareal, også leggje til rette for privat utbygging
AREALFORVALTNING OG BUSTADPOLITIKK
Luster kommune er i ferd med å få på plass bustadområder i Gaupne, Hafslo, Luster, Indre Hafslo, Skjolden og Fortun. Dette er viktig for vidare folketalsvekst i Luster. Både natur og kulturlandskapet slik det står fram i dag er eit resultat av generasjonars bruk. Høgre meiner «bruk er det beste vern». Liberal arealforvaltning er eit viktig stimuli for auka busetnad, hyttebygging og utvikling av næringslivet. Det må vere mogleg å få byggje i det området ein ynskjer å busette seg.
Luster Høgre vil:
•Ruste opp kommunesenteret
•Alltid ha tilgang på tomter i vekstområda våre
•Tillate høgare og arealeffektive bygg i Gaupne, og legge til rette for einebustadar på Nes og Marifjøra
•Seie ja til frådeling av tilleggsjord og tomtar
•Ha hyttefelt ved fjord og fjell
•Ha liberal forvaltning av verneområder og strandsone
•Kommunale sentrumsplanar som fører til vidare opprusting av sentruma våre
•Ha gjennomgangsbustadar for unge i Gaupne og Hafslo
•Fullføre tur og sykkelvegen mellom Gaupne og Marifjøra
•Avgrense bruk av vernestatus der dette kjem i konflikt med lokale interesser
•Akseptere skånsam kraftutbygging og utnytte steinmassane til felles formål
KULTUR, IDRETT OG FRITID
Luster har eit levande og aktivt kulturliv. Idrett, friluft, musikk, dans, jakt og fiske er viktig for Lustringane og me har mange lag og organisasjonar som bidreg til viktig aktivitet. Desse organisasjonane må ha gode rammevilkår for å oppretthalde og utvikle det gode tilbodet me har.
Luster Høgre vil:
• Sikre eit godt tilbod i Lustrabadet
• Vere med å utvikle Heggmyrane
• Saman med idretten etablere Luster Idrettspark med kunstgrasbane i Gaupne
• Vere med å utvikle motorsportsenter på Leirmoøygarden
• Støtte lavterskel tilbod som danseverkstad, rockeverkstad, klatring, ski, mekkeverkstad, motorcross og turlag
• Sikre gode turvegar i sentrumsområda
KOMMUNEREFORMEN
Luster Kommune er ein av dei største kommunane i sør Norge i utstrekning, halvparten av norske
kommunar har lågare folketal enn Luster.
Kommunen har god økonomi og leverer gode tenester til innbuarane. Me ynskjer at Luster deltek i Sogn Regionråd og nabokommunnane sitt utgreiingsarbeid for å ha eit best mogleg grunnlag til å fatte vedtak når framtidas kommunekart skal vedtakast.