Anbjørn Steinholm Frislid

Anbjørn Steinholm Frislid
Alder: 27 år
Bustad: Ørsta
Yrke: Student

Bakgrunn:

Fødd og oppvaksen i Ørsta. Har arbeidd innanfor barnehage, eldreomsorg og sist som hotellmedarbeidar på Hotell Ivar Aasen. Studerer for tida Bachelor i Arkiv- og samlingsforvaltning ved NTNU Trondheim.

Politisk erfaring:

  • Kommunestyremedlem Ørsta (FrP) 2015-2019.
  • vara til kommunestyret i Ørsta (FrP) 2019-2023,
  • vara til kommunestyret i Ørsta (Høgre) 2023-2027.
  • Politikarrepresentant i Ørsta ungdomsråd 2015-2019.
  • Medlem i Eldrerådet 2015-2019.
  • Vara til Samfunnsutvalet 2015-2019
  • Medlem i Råd for likestilling av funksjonshemma 2019-2023
  • Vara til Levekårsutvalet 2019-2023
  • Vara til Samfunnsutvalet 2023-2027
  • Vara til Representantskap VØR 2023-2027
  • Vara til Råd for likestilling av funksjonshemma 2023-2027
  • Leiar i Eldrerådet 2023-2027.
  • Tidlegare formann i Ørsta/Volda FpU, Sunnmøre FpU og Møre og Romsdal FpU. Leiar i Ørsta FrP
  • 2017-2020, vara til styret og Unge Høgre-kontakt i Ørsta Høgre frå 2023.
  • nestleiar i Møre og Romsdal Unge Høgre frå 2024.

Andre verv:

  • Økonomiansvarleg i Mellestiftinga Svendsengarden 2019-2023.
  • Tidlegare leiar i Bygdepride 2017-2020, økonomiansvarleg sidan 2020.

Kvifor Høgre:

Eg stiller til val for Ørsta Høgre fordi partiet ynskjer ein kommune som spelar på lag med både innbyggjarar og næringsliv for å skape ein best mogleg kvardag. Gode lokalsamfunn krev sterke bedrifter, som igjen skaper arbeidsplassar og velferd for innbyggjarane. Høgre lyttar til behova frånæringslivet, slik at ein kan leggje til rette for at nye jobbar skapast.

Høgre ynskjer ein skule som ser den enkelte elev og som legg til rette for at alle kan lukkast. Ingen bør gå ut av Ørstaskulen utan å kunne lese, skrive og rekne skikkeleg.

Derfor vil Ørsta Høgre sørgje for tidleg innsats til dei som treng litt ekstra hjelp i skuleløpet, fleire dyktige lærarar og miljøarbeidarar, og gode skulebygg. Dette vil skape ein skule med læringsglede og opplæring tilpassa eleven sitt nivå.

Ørsta Høgre vil sikre alle ei trygg og verdig eldreomsorg, der dei eldre skal få vere sjef i sitt eige liv og med valfridom til å sjølv få velje mellom kommunale og private tilbydarar av tenester.

Høgre ynskjer å ta i bruk alle gode krefter for å skape ei god eldreomsorg, der sjukeheimane ikkje berre er ein opphaldsstad for behandling og pleie, men også ein stad for å leve eit godt liv med aktivitet, fellesskap og omsorg.

Hjartesaker:

  • Ein skule der alle kan lukkast.
  • Ei trygg og verdig eldreomsorg.
  • Ein ansvarleg økonomisk politikk.