Ann-Karin Sætre

Ann-Karin Sætre

Bustad: Vartdal

Yrke: Assisterande rektor ved Hovden skule

Bakgrunn: Allmennlærar i grunnskulen, rådgivar ved Interkommunalt PPT

Allmennlærarutdanning, i tillegg til vidareutdanning innanfor norsk, spesialpedagogikk, mentorutdanning og leiing og personalutvikling.

Politisk erfaring: Fast medlem i kommunestyret  og levekårsutvalet i perioden 2015-2019. Vara i kommunestyret i noverande periode.

Kvifor Høgre: Eg har tru på private initiativ og meiner at vi treng både det private og det offentlege. 

Favorittartist: Red Hot Chilli Peppers

Funfact:  Har gjennomført dommarkurs i handball (!)

Hjartesaker:

💙 Skule og barnehage

At det er fleire yrkesgrupper inne i skulen og at dei som skal arbeide i skule og barnehage har den utdanninga som ein treng. Eg ynskjer  at skulen skal bli meir tilrettelagt for alle elevar, både dei flinke og dei som treng meir hjelp.

💙 At vi nyttar heile kommunen.

«Eg ynskjer at sentrum og bygdene arbeider saman istadenfor mot kvarandre. Vi er alle Ørsta kommune. Eit døme er ekstratreningane i regi av Sparebanken1 Xtra der dei nyttar heile kommunen som treningsstad. På denne måten får alle verte kjend med kvarandre sine «heimebaner».