Ann-Karin Sætre
Ann-Karin Sætre Alder: 41 år Bustad: Vartdal Yrke: Assisterande rektor ved Hovden skule
Bakgrunn: Allmennlærar i grunnskulen, rådgivar ved Interkommunalt PPT
Allmennlærarutdanning, i tillegg til vidareutdanning innanfor norsk, spesialpedagogikk, mentorutdanning og leiing og personalutvikling.
Politisk erfaring: Fast medlem i kommunestyret og levekårsutvalet i perioden 2015-2019. Vara i kommunestyret i noverande periode.
Kvifor Høgre: Eg har tru på private initiativ og meiner at vi treng både det private og det offentlege.
Favorittartist: Red Hot Chilli Peppers
Funfact: Har gjennomført dommarkurs i handball (!)
Hjartesaker:
1. Skule og barnehage
At det er fleire yrkesgrupper inne i skulen og at dei som skal arbeide i skule og barnehage har den utdanninga som ein treng. Eg ynskjer at skulen skal bli meir tilrettelagt for alle elevar, både dei flinke og dei som treng meir hjelp.
2. At vi nyttar heile kommunen.
«Eg ynskjer at sentrum og bygdene arbeider saman istadenfor mot kvarandre. Vi er alle Ørsta kommune. Eit døme er ekstratreningane i regi av Sparebanken1 Xtra der dei nyttar heile kommunen som treningsstad. På denne måten får alle verte kjend med kvarandre sine «heimebaner».