Anne Sølvi Vatne

Anne Sølvi Vatne
Alder: 59
Bustad: Mosmarka, Ørsta
Yrke: Seniorinspektør i Mattilsynet

Utdanning: bachelor i matteknologi
Mor til 2 flotte døtre, mormor til 2 små karar

Politisk erfaring:
Fast medlem i kommunestyret 2019 – 2023, gruppeleiar. Vara til kommunestyret 2011 – 2019
Medlem av samfunnsutvalet 2019 – 2023, vara 2015 – 2019
Medlem byggenemnda 2019 – 2023
Medlem landbruksutvalet 2015 – 2019, vara 2011 – 2015
Vara til fylkestinget 2019 – 2023
Lokallagsleiar Ørsta Høgre 2017 – 2021
Hjertesaker:
Opptatt av samferdsel og næringsliv.
Samferdsel er ikkje berre ein veg eller ei bru, men infrastruktur som knyter saman menneske og arbeidsmarknader. Dei lar oss transportere varer og tenester ut og inn av regionen.
Opptatt av at vegar og bruer skal være trygge og samfunnsnyttige.
Eit næringsliv som får utvikle seg og vekse er grunnlaget for å bygge kompetanse og arbeidsplassar. Dette vil igjen gi utvikling i distriktet ved at innbyggarane får arbeid, og
dermed skapar samfunn der oppvekst, kulturliv og bustad står i fokus.
Næringslivet må få forutseielige vilkår, for stabile og framtidsretta arbeidsplassar.
Landbruk er ei viktig næring som treng særskilt vern i utrygge tider. Dette for å sikre matforsyning og forvaltning av naturen.
Helse og omsorg er viktige oppgåver for ei kommune, i samspel med helseforetaka og private aktørar.

Kvifor Høgre:
Høgre sine verdiar er sterkt samanfallande med mine egne verdiar. Alle skal ha muligheit for å ta egne val, då alle har ulike behov og forutsetningar.
Høgre er det politiske partiet eg er minst ueinig med.

Fritidsinteresser:
Familie og vennar er det viktigaste i livet for meg. Likar å gå på undreturar med barnebarna.
Trivest på tur i skog og mark, men også turar til inn- og utland for å oppleve kultur og storbyliv. Nyte dei vakre fjelltoppane på Sunnmøre på trygg avstand.
Glad i konsertar, kunst, film og bøker.
Likar å reise med både bil, buss og fly.

Fun fact:
Kjekkaste fritidsinteressa er å beskjære (skamfare, seier enkelte) tre og buskar. I egen hage!