Brit Aanning Aarseth

Brit Aanning Aarseth Alder: 84 Bustad: Vartdal Yrke: Pensjonist

Bakgrunn: lærar og kultursjef

Lærarhøgskule. Grunnfag i historie, musikk/forming, spansk, kunsthistorie

Politisk erfaring: Mangeårig medlem i Høgre, Kommunestyremedlem ei periode, medlem i Eldrerådet 2 perioder.

Kvifor høgre: Høgre er eit liberalt-konservativt parti som gir større fridom og styring av menneskets eige liv. Høgre har tru på gründeren, det skapande menneske, eit næringsliv som gir grobotn for vekst. Høgre vil ha eit samfunn som set mennesket framfor systemet. 

Favorittartist: Ella Fitzerald

Funfact: spelar piano og toradar. syng i kor. Teiknar og målar, har eige keramikkverkstad. Held foredrag om ulike tema. Er museumsbestyrer for eit lite privat museum på Vartdal. Turistvertinne på Alpehytta. Likar hagearbeid. Skrivelysten, slektshistorie, romaner og barndomsminne. Skriv artikler i ulike bygdebøker, magasin.

Hjartesaker:

Kulturvern, kunst, reiseliv, fredsarbeid. eldresaker, skule. Har stått i bresjen for vern av ms Hindholmen, ein gammal fiskebåt frå 1916.Er med i stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred. Var med i  bygginga av Vartdal barnehage på slutten av 1960 talet. Er opptatt av livskraftige bygder der barn, unge og eldre framleis skal få bu og virke saman. Viktig at det vert lagt til rette for eit fellesareal for omsorgsbustader på Vartdal. Brenn for at eldre skal få bu lengst muleg i eigen heim. Heimesjukepleia må styrkast. Og eit hjartesukk til slutt: Ver så snill! Alderdommen må friskmeldast, ikkje snakk berre om sjukdom og elende, dei fleste eldre er høgst oppegåande og lystne på livet som aldri før