Ein serviceorientert og effektiv kommune
JA-kommune
Høgre ønskjer at Ørsta skal verte ein JA-kommune. Det betyr at vi vil møte folk, bedrifter og frivillige organisasjonar i Ørsta med ei positiv haldning og høg grad av service. Det skal vere tydleg at kommunen er til for innbyggarane i Ørsta. Vi ønskjer raske svar og ei positiv grunnhaldning til dei som tek kontakt. Vi vil gjere det lettare å ta kontakt, få informasjon og sørge for at fristar for sakshandsaminga vert følgt.
Høgre vil:
- Bygge vidare og styrke servicekulturen i kommunen, og der det er mogleg bør vi kunne gi positive svar over bordet.
- Arbeide for at sakshandsaming og planarbeid i kommunen skal følgje dei tempo- og kvalitetskrav som er forventa av innbyggarane og næringslivet.
- Ha lett tilgjengeleg areal både for bustadar og næring for vidare utvikling av Ørsta
- Ha klare effektivitetsmål på den kommunale drifta. Vi skal måle oss mot dei beste når det gjeld kvalitet og effektivitet.
Trygg styring
Ørsta kommune er no i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Lånegjelda har auka kraftig dei siste åra utan at det er gjort nødvendige omstillingar for å gjere drifta i kommunen meir effektiv. Høgre har lenge åtvara mot denne utviklinga. Budsjettet for 2023 vart gjort opp i ubalanse og økonomien er no svært stram. Det var Høgre som rydda opp sist Ørsta hadde store økonomiske problem og sørga for at kommunen fekk tilbake handlefridomen sin. No må vi gjere den jobben på ny, dersom Ørstingane gir oss den nødvendige tilliten.
Høgre vil:
- Arbeide for ein styrka plan for ein berekraftig økonomi og god langsiktig styring.
- Ha eit politisk samarbeid som sikrar ein ansvarleg politikk der det er balanse mellom inntekter og utgifter.
- Ha ein kritisk gjennomgang av investeringsbudsjettet, både når det gjeld prioriteringar og gjennomføringstidspunkt.
- Gjennomføre effektiviseringstiltak som reduserer den kommunale drifta og med det få ein betre balanse mellom drift og investeringar. Effektiviseringa må i størst mogleg grad skjerme lovpålagde oppgåver, og oppgåver retta mot dei mest sårbare brukargruppene.
- Ha fokus på dei kommunale kjerneaktivitetane.
- Vurdere om kommunale driftsoppgåver kan utførast av andre tilbydarar. Det skal då alltid vere eit krav at opplevd kvalitet frå brukarane ikkje blir dårlegare, og at tilsette skal ha ordna arbeidstilhøve.
- Sørge for at dei kommunale avgiftene og eigedomsskatten er på eit lågast mogleg nivå.
Betre beredskap gjev auka tryggleik
Ørsta kommune har eit grunnleggande ansvar for å ivareta innbyggarane si sikkerheit og tryggheit. Det er eit stort ansvar i ei tid der sikkerheitssituasjonen i Europa er trua pga. krigen i Ukraina, og der klimakonsekvensane gjer oss meir utsette for å bli råka av flaumar og skred. I samarbeid med politiet, sivilforsvaret, Ørsta brann- og redning, ambulansetenesta, Volda sjukehus, legevakta og HV har kommunen ei viktig rolle både når det gjeld å førebygge og kriser og handtere desse.
I krise må Ørsta kommune gje god informasjon til folket.
Høgre vil:
- Arbeide for vidare utbygging av fonnvern i utsette områder i Ørsta. Det er også områder som kan verte frigjevne til bustadbygging og næring.
- Arbeide for vidare flaumsikring av elvar i Ørsta.
- God arealplanlegging og arealutnytting, i skredtrygge område.
- Ta vare på dagens bomberomskapasitet
- Legge til rette for betre brannvernberedskap i form av treningsanlegg
- Utvikle og vidareføre det gode samarbeidet med Ørsta Røde Kors og frivillige organisasjonar
- Støtte Volda som lokalsjukehus og beredskapssjukehus for søre Sunnmøre og Nordfjord.
- Støtte sikker og god energiforsyning, godt internett og mobilnett: God kapasitet i høve feilretting.
- Tidleg innleige av entreprenørar om busetnad, næringsområde og vegar som kan vere flaumutsette
Til medarbeidarane i Ørsta kommune
Høgre set pris på alle dykk som kvar dag gjer ein god jobb for Ørsta. Vi veit at det i Ørsta kommune er dyktige fagfolk som kvar dag leverer tenester av høg kvalitet. Den jobben som de gjer er også heilt avgjerande for livskvaliteten til mange av innbyggarane våre. Vi ønskjer å takke dykk for den jobben.
Høgre vil at det skal verte meir attraktivt å jobbe for Ørsta kommune.
Høgre vil:
- Arbeide for eit helsefremmande arbeidsmiljø og lågt sjukefråvær.
- Støtte arbeidet med å bygge ein sterkare kultur for utvikling og leiing
- Ha tett og god dialog i tre-part samarbeidet mellom politikk, administrativ leiing og tillitsvalde.
- Gjere det meir attraktivt å arbeide i Ørsta kommune
- At Ørsta er ei god lærebedrift.
- Legge til rette for nødvendig etter- og vidareutdanning.
- Legge til rette for at ufaglærte kan ta fagbrev gjennom jobb.