Energi, klima og miljø

Energi, klima og miljø

Vi forvaltar miljø og klima på vegne av komande generasjonar. Klimautfordringane er globale, men mange tiltak er lokale. Vi treng difor ein energi- og miljøpolitikk som sikrar at innbyggarane kan ta gode og miljøvennlege val i kvardagen.

Høgre meiner at der er tilstrekkeleg areal både til å ha ei forsvarleg utbygging av nye bustadar, nydyrking av landbruksjord og vern av skog og utmark. Det er likevel viktig å legge til rette for ein ny og fagleg gjennomgang slik at vi får på plass ein jordvernstrategi som det er råd å samle seg om lokalt.

Høgre vil:

  • Ta opp igjen prosessen om vern av Sunnmørsalpane. Vi ønskjer å ha kunnskapsgrunnlaget på plass før vi gjer vedtak, difor meiner vi det var feil å stoppe prosessen slik kommunestyret gjorde vedtak om.
  • Utarbeide ein konkret og forpliktande klimastrategi for Ørsta kommune som skal følgjast opp og drøftast i kommunestyret årleg, på lik linje med budsjettarbeidet.
  • Utarbeide ein jordvernplan, som ein del av arealplanen, slik at der er klart definerte områder for kva som kan byggast ut og kva som er eit LNF-område.
  • Starte ein prosess der Ørsta kommune vert miljøsertifisert – det betyr bla:
    • Å arbeide for å verte meir energieffektive og redusere energibruken.
    • Å arbeide for ein innkjøpspolitikk for varer og tenester med klare miljøkrav og “kortreiste innkjøp”.
    • Å arbeide for at ein går over til ein meir energieffektiv bilpark.
    • Gjennomføre lønsame miljøinvesteringar i LED-gatelys og ENØK-tiltak i kommunale bygg.
  • Legge til rette for at det vert etablert ladepunkt i sentrum, og ved kommunale bygg.
  • Arbeide for at VØR utviklar ei brukartilpassa, effektiv og miljøvennleg avfallshandsaming.
  • Prioritere arbeidet med flaum- og rassikring.
  • Vere positiv til utbygging av nye småkraftverk som har avgrensa miljøkonsekvensar.
  • Gjere det lønnsamt for enkeltpersonar og næringsliv å ta miljøomsyn.