Ti gode grunner til å stemme Høgre i Ørsta

Ein meir familievenleg barnehage

Vi vil utvide opningstidene i barnehagane slik at dei er tilpassa barnefamiliane sine behov.

Høgre vil ha eit meir fleksibelt barnehageopptak slik at alle kan få ein barnehageplass når dei treng det.

Ein skule der alle kan lukkast

Vi vil prioritere tidleg innsats, fleire dyktige lærarar og miljøarbeidarar, og gode skulebygg.

Vi vil ha ein skule som legg vekt på fagleg utvikling og sosial meistring.

Skulen skal sjå kvar elev, og gi dei like mogelegheiter til å utvikle evnene og realisere draumane sine.

Gode tilbod for alle barn og unge

Vi vil at alle barn og unge i Ørsta skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.

Høgre ønskjer eit inkluderande og breitt kultur- og idrettsliv.

Det skal vere trygt å bli gammal i Ørsta

Dei eldre skal få være sjef i eige liv og sjølv få velje mellom kommunale eller private tenester.

Høgre ønskjer å ta i bruk alle gode krefter for å bygge eit best mogleg tenestetilbod.

Raskare psykisk helsehjelp

Ventetida vert ofte for lang. Har du behov for hjelp, skal du få det før små problem veks seg store.Vi må satse på gode og lett tilgjengelege tilbod med kort ventetid, utan krav om tilvisning frå lege. Høgre vil ha fleire lavterskeltilbod og fleire psykologar.

Vi er på lag med dei som skaper arbeidsplassar

For å få utvikling og vekst i Ørsta må vi ha eit sterkt privat næringsliv som skaper trygge og framtidsretta arbeidsplassar.

Denne verdiskapinga er ein føresetnad for å kunne finansiere velferdssamfunnet vårt.

Ørsta – regionsenter på søre Sunnmøre

Vi vil gjere Ørsta til ein attraktiv og sentral møtestad for folk, næringsliv, turisme, handel og kultur. Vårt mål er å styrke Ørsta som eit regionsenter på Søre Sunnmøre.

JA-kommunen Ørsta!

Høgre vil gjere Ørsta kommune meir serviceorientert og effektiv. Vi ønskjer raske svar og ei positiv grunnhaldning til dei som tek kontakt.

Ein tydeleg klimapolitikk

Vi treng ein klima- og miljøpolitikk som sikrar at innbyggarane kan ta gode og miljøvennlege val i kvardagen.

Klimautfordringane er globale, men tiltaka er lokale.

Trygg økonomisk styring

Sist Ørsta var i i økonomisk uføre var det Høgre som rydda opp og sørga for at kommunen fekk tilbake handlefridomen sin.
No er vi klar for å gjere den jobben på ny, dersom Ørstingane gir oss den nødvendige tilliten.

Høgre står for ein heilskapleg og ansvarleg økonomisk politikk.