Kvifor orførar!

Den krevjande situasjonen i Ørsta kommune er ei spanande utfordring!

– Situasjonen til Ørsta kommune er såpass utfordrande at det triggar meg litt. Eg har erfaring både frå arbeid og i det politiske livet til å vere med på endringsprosessar, seier Sørheim.

Han har ikkje noko i mot at oppfatninga er at det er Sp som byggjer ut, og at det er Høgre som må rydde opp.

Det var tysdag Ørsta Høgre lanserte han som ordførarkandidat til kommunestyrevalet i 2023.

– Det sat litt langt inne å seie ja, for det finst større sjarmtroll enn meg, seier han med eit smil.

Han forklarar skepsisen med at han har ein krevjande jobb, som ein av leiarane i det nystifta kraftleverandørselskapet Wattn AS, der Tussa er ein av eigarane.

– I det siste har det vore vanskeleg å kombinere arbeid og politikk. Samstundes kjenner eg at eg har plikt overfor partiet. Eg har vore med å lagt til rette for Høgre, og Høgre har lagt til rette for meg, seier Sørheim.

Når avgjerda er teken om å stille, ser han fram til valkampen. Det håper han vert ein ryddig valkamp.

– Eg håper på gode politiske debattar mellom partia, og at politikarane erkjenner at det er vi som styrer. Eg har sett ein tendens siste tida på at det vert skote på administrasjonen. Det er uryddig. Sjølvsagt skal administrasjonen styrast, men ansvaret for dei økonomiske rammene ligg til dei partia som er i posisjon, seier Sørheim.

Kva saker som vert valkamptema, meiner han det er for tidleg å seie noko om.

– Likevel veit vi at Ørsta har nokre tøffe utfordringar. Det er ynske om å byggje både ny sentrumsskule, symjebasseng og kulturhus. Einskilde i noverande posisjon seier at alt skal gjerast. Samstundes har økonomileiaren i kommunen fortalt oss at økonomiplanen til Ørsta står i fare for å verte underkjent, fordi der er altfor mange millionar utan inndekning. Det er noko eg har påpeikt gjentekne gonger. Vi risikerer å hamne i Robek, og det gjev oss ikkje handlingsrom, seier Sørheim.

Han understrekar kva som er dei viktige prioriteringane for han framover.

– Alt handlar ikkje om nye bygningar, men at vi greier å levere tenestene vi er pålagde. Det at vi greier å gje han som er åtte år, og som slit med lese- og skrivevanskar den hjelpa han treng. Det er det som er det viktige og  noko vi ikkje kan utsetje i nokre år, seier Sørheim.

Noko valresultat vil han ikkje tippe på.

Vi har god tru på at vi vil gjere eit godt val. Meiningsmålingane er gode, men det skal godt gjerast at vi kjem tilbake til åtte mandat slik som i 2011 valet. Sp er nok framleis favorittar. Dessutan er det slik i Ørsta at her ikkje er typiske blokkdanningar. Høgre kan samarbeide med alle, seier Sørheim.