Guttorm Hagen
Alder : 65 år
Bustad: Hagen, Ørsta
Yrke: Pensjonist

Bakgrunn:
Lensmann i Volda og Ørsta, driftseiningsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Kjenner godt til heile Ørsta
kommune.
Politihøgskulen, leiarutdanning i Heimevernet og ved Politihøgskulen.
Politisk erfaring: Ingen, men er samfunnsengasjert. Som lensmann skreiv eg mange uttalar, særleg knytt til
beredskap, samferdsle, trafikkreguleringar, reguleringsplanar og skjenkesaker.

Kvifor Høgre:

Høgre står for ansvarleg, føreseieleg politikk. Privat næringsliv må støttast over heile
kommunen. Vi treng aktivitet, jamn verdiskaping, vekst og trygge arbeidsplassar. Offentleg sektor må vere
ein attraktiv arbeidsstad, der det særleg er god kvalitet og kapasitet i den spisse enden. Tenester knytt til
barn, unge, familiar, helse og eldreomsorg må vere gode.
Favorittartist: Sivert Bjørdal
Kjekt: Eg er med i styret i Volda og Ørsta Kunstlag. Kunsthuset er eit smykke, som gjev tilbod til både lokale
og tilreisande. Eg er også medlem i NROF(Norsk Reservistforbund) avd. Søre Sunnmøre, og trivast saman
med Forsvarsvener. Forsvarssak og beredskap er viktig. Eg koplar av saman med familie og gode vener,
gjerne ved fjorden.

Hjartesaker:

1)Ørsta sentrum og Ørsta kommune har stort potensiale. Alle vakre og positive utbyggingsprosjekt bør
støttast. Nye prosjekt ved fjorden vil løfte fram Ørsta som eit senter mellom fjorden og fjella. Området frå Alti
og vestover kan utviklast, gjerne med solide flytebrygger i front. På den måten vert Ørsta sin tilkomst til
fjorden betre.
2)Eg er særleg oppteken av sivil- og offentleg beredskap. Arbeidet med å sikre Ørsta sin busetnad og
infrastruktur mot naturhendingar må halde fram. På denne måten kan vi frigjere nye buområde, og sikre
eksisterande, utan å kome nemnande i konflikt med jordvern.
Ørsta kommune og Ørsta må snakkast fram, og privat- og offentleg sektor, friviljuge lag- og
organisasjonar må samhandle for å utvikle ein attraktiv kommune.
Ørsta må ha som mål å vere ein «ja kommune». Ørsta må tilby barnefamiliar og også dei som bur vekke og
vil etablere seg her attraktive buområde, arbeidsplassar og fritidsaktivitetar.