Helse og omsorg

Helse og omsorg

Det skal vere trygt å bli gammal i Ørsta

Høgre vil arbeide for at eldre kan ha eit aktivt og sosialt liv og legge til rette for fleire gode aldersvennlege møteplassar. Det skal leggast til rette for fleire sentrumsnære bustader, med livsløp standar.

Høgre ønskjer å ta i bruk alle gode krefter for å bygge eit best mogleg tenestetilbod. Pleietrengande eldre skal møte ein kompetent og kvalifisert helseteneste. Dei eldre skal få være sjef i eige liv og sjølv få velje mellom kommunale eller private tenester.

Høgre vil:

  • At alle som har rett på ein sjukeheimsplass, skal ha ein.
  • At Ørsta skal ha sjukeheim- og omsorgsplassar tilpassa ulike pleiebehov. Her skal vi nytte institusjonane på Vartdal, Sæbø og i Ørsta.
  • Tilby ektepar og sambuarar, som har fått sjukeheimsplass, å få bu saman.
  • Arbeide for å få bygd ut sjukeheimsplassar i 3 etasje på Ørstaheimen.
  • Når tilskotsordning for utbygging av sjukeheimsplassar er på plass, så vil vi søkje om ombygging av einerom i 2. etasje og kjøkkenet på Ørstaheimen.
  • Vere positive til at andre enn kommunen kan eige og drive ulike helse- og omsorgstenester i Ørsta.
  • Legge til rette for at dei som ønskjer det kan bu heime, sjølv om dei har eit pleiebehov. Det betyr at vi må tilby god og rett omsorg når behova oppstår.
  • Styrke arbeidet med kvardagsrehabilitering og organisere omsorgstenestene i tråd med LEON-prinsippet (Lågaste effektive omsorgsnivå).
  • Ta i bruk velferdsteknologi for å sikre betre tenestetilbod og frigi tid til dei “varme hendene”.
  • Respektere brukarane sine val, og opne for meir valfridom i omsorga. Fritt brukarval i heimetenesta må utgreiast.
  • Styrke samarbeidet med dei pårørande, etablere pårørandekontaktar og tilby dei pårørande opplæring der det er eit behov.
  • Legge til rette for ein heiltidskultur i helse- og omsorgssektoren for dei som ønskjer det.
  • Ha eit sterkt fokus på kvalitetsmåla i omsorgstenesta. Kunnskap er ein nøkkelfaktor, og det er derfor viktig å legge til rette for kompetanseheving for å utvikle og stimulere medarbeidarane i sektoren.
  • Ha eit tettare samarbeid med frivillige organisasjonar, fordi vi meiner at det vil kunne gi meir aktivitet, auka omsorg og ei varmare omsorgsteneste.
  • Tilby digital opplæring.

Andre med helse- og omsorgsbehov

Stadig fleire omsorgsoppgåver vert overført til kommunane, og tal brukarar aukar. Vi har difor ei stor oppgåve framover med å legge til rette for eit differensiert tilbod av ulike bustadar og hjelpetilbod. Høgre meiner at uansett livssituasjon skal alle handsamast med verdigheit og ha ansvar for eige liv

Høgre vil:

  • Styrke arbeidet med førebygging og rehabilitering.
  • Styrke tilbodet om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). BPA handlar om retten til å kunne leve  likeverdige liv.
  • Personar med funksjonsnedsetting skal kunne delta i samfunnet på linje med funksjonsfriske.
  • Legge vekt på universal utforming ved alle utbyggingar.
  • Samarbeide med frivillige organisasjonar slik at det vert lagt til rette for at alle kan ha eit aktivt liv, førebygge einsemd og legge til rette for fysisk aktivitet.
  • At alle skal ha rett til å få velje mellom kommunale eller private tenester.

Raskare psykisk helsehjelp

Har du behov for hjelp, skal du få det før små problem veks seg store. Vi må satse på gode og lett tilgjengelege tilbod med kort ventetid, utan krav om tilvisning frå lækjar. Høgre vil ha fleire lavterskeltilbod og fleire psykologar.

Høgre vil:

  • Styrke psykiatritenesta i kommunen
  • Vidareutvikle ei god og verdig omsorgsteneste for brukarane innan psykiatri. Tilbod skal utviklast i nært samarbeid med brukarane og deira pårørande.

Høgre vil:

  • At dei som slit med psykisk helse og rus må få tilbake tilbodet om fritt brukarval, slik at dei kan få raskare hjelp og ei behandling som passar dei.

Folkehelse

Høgre vil legge til rette for at folk kan ta gode og sunne helse- og livsstilsval i kvardagen. Å satse på førebygging gir både god mental og fysisk helse. Det er viktig å legge til rette for at felst mogleg kan vere fysisk aktive både innan idrett- og trimaktivtetar i alle delar av kommunen vår.

Høgre vil

  • Arbeide for å legge til rette for turstiar og «Stikk-ut»-turar både sommar og vinter.
  • Turveg til Åmskaret og Brekkeheida er to av prosjekta som det bør arbeidast vidare med.
  • Styrke arbeidet med nærmiljøanlegg og støtte til frivillige organisasjonar.
  • Legge til rette for universell utforming og likestilling av idrett- og nærmiljøanlegg.