Inger Sandvik Sundnes
Inger Merete Sandvik Sundnes Alder: 55 Bustad: Ørsta sentrum Yrke: Senterleiar på Alti Ørsta
Fritidsinteresser: Politikk, fjell og sjøliv, yoga og trening og strikking.
Utdanna innan økonomi og marknadsføring. Studerer for tida Emosjonell kompetanse og leiing.
Politisk erfaring frå Kommunestyre. Formannskap og Levekårsutvalet.
Kvifor Ørsta Høgre? Eg elskar Ørsta og er opptatt av lokalt næringsliv og utvikling lokalt knytt til kultur og offentlege tjenester.
Gjennom godt samspel mellom private og offentlege aktørar kan vi få til utrulig spennande og gode tilbod til alle som bur i Ørsta, eller vil flytte hit til denne kjekke bygda vår. (som kommune og tjenesteleverandør kan vi vere med å sikre at forutsetningane til den einskilde blir godt ivaretatt gjennom tjenestene som kommuna leverer )
Hjartesaker:
-Born og unge sine oppvekst og levevilkår. Barndomen er umåteleg viktig og vi treng å ha fokus på å bygge solide og gode tilbod knytt til barnehage, skule og tjenester knytt til dette.
Psykisk helse må vere i fokus både for unge og eldre. Vi må bygge gode tilbod som sikrar at den einskulde får den hjelpa dei treng.
-Sikre godt sampel mellom dei ulike tjenestene som vi tilbyr i kommuna samt sikre godt samspel mellom kommunale tjenester private og regionale tjenester. Det er av stor verdi for innbyggjarane våre at dette fungerer godt når den einskilde er i ein sårbar situasjon. Det er altid mennesket som må vere i fokus.
-Næringsutvikling lokalt. Gjennom satsing på kunnskap og kompetanse fremjar vi også næringsutvikling. Næringslivet må få friheit til å skape meir også lokalt. Vi må bidra til at det vert skapt attraktive arbeidsplassar og bidra til at private aktørar utviklar gode tilbod til innbyggjarane våre.
Favorittartist og favorittsong: Jan Teigen med Optimist.
Motto: Alle gjer så godt dei kan, gitt forutsetningane den einskilde har.