Jahn Christer Nerbøvik Humberset
Jahn Christer Nerbøvik Humberset
Alder : 40 år
Bustad: Øvre Mo
Yrke: Avdelingsleiar i Furene Utvikling AS
Bakgrunn: 15 år som Miljøterapeut for ungdom med samansette utfordringar.
Bachelor i Sosialt arbeid, med vidareutdanning i leiing og personalutvikling, prosessleiing og prosjektdesign.
Politisk erfaring: Inga, men generelt samfunnsinteressert og korleis vi best kan ruste oss for framtida.
Kvifor Høgre: Eg ser på Høgre som eit rasjonelt, realistisk og moderne styringsparti. Gode og lokale tiltak for ørstingen, samtidig lagspelar og døropnar for at det lokale næringslivet skal få vekse og utvikle seg.
Partiprogrammet har ei god blanding av satsing på både born, ungdom, unge vaksne,
vaksne og eldre. I tillegg eit sterkt fokus på å bistå dei som av ulike grunnar slit med helsa si. Høgre vil gjere Ørsta til eit regionsenter på Søre Sunnmøre og ein ettertrakta plass å etablere seg i, flytte heim til, oppsede born i og trygt gå inn i alderdomen i.
Skal ein busette seg på Søre Sunnmøre skal Ørsta vere førstevalet. Oppvekst, kultur og helsetilbod skal vere av høgste kvalitet og noko å vere stolte av.
Favorittartist: Michael Jackson
Funfact: Eg har fagbrev som fiskar, men «aldri» vore på sjøen.
Hjartesaker:
1) Det tek ei bygd å oppsede eit born.
Born og unge er framtida. Saman skal vi skape eit lokalmiljø der vi bistår kvarandre med å ta vare på dei yngre, skape trygge miljø og rammer for dei. Samtidig skal det vere plass for at vi satsar på ulike interesser, slik at alle har ein plass dei få prøve seg, utvikle seg og høyre heime.
Mangfald av område/tilbod for dyrking av interesser, hobby og kultur skal stå i høgsetet. Frå tradisjonell idrett og musikk, til motorsport og e-sport.
2) Tidleg innsats for dei som har det vanskeleg
Enten du er ung eller eldre, men treng hjelp med psykiske helseutfordringar, skal du få rask og god hjelp. Ventetida må ned, fleire og ulike tilbod må styrkast. Samtidig må vi få fleire miljøterapeutar inn i grunnskulen, som kan hjelpe til med dei samansette utfordringane, ha tid til å sjå og høyre den
enkelte, danne trygge, gjensidige relasjonar, basert på tillit og legge til rette for meistring. Då vil også lærarar få tid og rom til å få vere nettopp det, lærarar.