Kultur, idrett og frivillige organisasjonar
Kultur, idrett og frivillige organisasjonar
Høgre ønskjer eit inkluderande og breitt kultur- og idrettsliv. Frivillige organisasjonar er bærebjelken i lokalsamfunna våre. I ei tid då mange slit med å få endane til å møtest, vil vi at alle barn og unge i Ørsta skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.
Høgre meiner at eit breitt kulturtilbod er viktig for å skape trivsel, og gjer det meir attraktivt å bu i Ørsta. Kultur og språk definerer kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Kulturaktivitetar er viktig for å skape tryggleik mellom folk på tvers av alder, kjønn, sosial status og ulike kulturar. Frivillig innsats har ein eigenverdi i seg sjølv, og bidreg til eit rikare lokalsamfunn.
Høgre vil:
- Legge til rette for at alle barn og unge skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.
- – Det må kome ein eigen turnhall, og han bør kome på toppen av det nye symjeanlegget. Her kan du lese heile forslaget.
- Sette av årlege midlar til aktivitetar for uorganisert ungdom.
- Flytte Kaihuset inn i det nye kulturhuset
- Gi gode rammevilkår til frivillige lag og organisasjonar,
- Styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.
- Ha ein god kulturskule, med eit breitt tilbod. Vi bør vurdere om den kan utviklast i samarbeid med Volda.
- Bygge ny symjehall ved Ørstahallen.
- Vurdere om det kan byggast ei ekstra etasje på den nye symjehallen, finansiert av private midlar, og med det kunne realisere til dømes ein turnhall på toppen av symjehallen.
- Vi har vore skeptiske til å kople nytt kulturhus til bygginga av ny vidaregåandeskule pga. gjeldsbelastninga i kommunen, men no er dette vedteke, og då vil også vi arbeide for å ruste opp Kulturhuset i Ørsta, i samarbeid med ny vidaregåande skule.
- Legge til rette for eit eige skyttarhus, som ei erstatning for tap av skytebaneanlegget i kulturhuset.
- Legge til rette for ei kulturbasert næringsutvikling, særleg retta mot reiselivet.
- Arbeide for ein god balanse for museumsdrift mellom kommunen og fylket.
- At bygg tilhøyrande frivillige lag og organisasjonar skal fritakast for eigedomsskatt.