Kultur, idrett og frivillige organisasjonar

Kultur, idrett og frivillige organisasjonar

Høgre ønskjer eit inkluderande og breitt kultur- og idrettsliv. Frivillige organisasjonar er bærebjelken i lokalsamfunna våre. I ei tid då mange slit med å få endane til å møtest, vil vi at alle barn og unge i Ørsta skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.

Høgre meiner at eit breitt kulturtilbod er viktig for å skape trivsel, og gjer det meir attraktivt å bu i Ørsta. Kultur og språk definerer kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Kulturaktivitetar er viktig for å skape tryggleik mellom folk på tvers av alder, kjønn, sosial status og ulike kulturar. Frivillig innsats har ein eigenverdi i seg sjølv, og bidreg til eit rikare lokalsamfunn.

Høgre vil:

  • Legge til rette for at alle barn og unge skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.
  • Sette av årlege midlar til aktivitetar for uorganisert ungdom.
  • Flytte Kaihuset inn i det nye kulturhuset
  • Gi gode rammevilkår til frivillige lag og organisasjonar,
  • Styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.
  • Ha ein god kulturskule, med eit breitt tilbod. Vi bør vurdere om den kan utviklast i samarbeid med Volda.
  • Bygge ny symjehall ved Ørstahallen.
  • Vurdere om det kan byggast ei ekstra etasje på den nye symjehallen, finansiert av private midlar,  og med det kunne realisere til dømes ein turnhall på toppen av symjehallen.
  • Vi har vore skeptiske til å kople nytt kulturhus til bygginga av ny vidaregåandeskule pga. gjeldsbelastninga i kommunen, men no er dette vedteke, og då vil også vi arbeide for å ruste opp Kulturhuset i Ørsta, i samarbeid med ny vidaregåande skule.
  • Legge til rette for eit eige skyttarhus, som ei erstatning for tap av skytebaneanlegget i kulturhuset.
  • Legge til rette for ei kulturbasert næringsutvikling, særleg retta mot reiselivet.
  • Arbeide for ein god balanse for museumsdrift mellom kommunen og fylket.
  • At bygg tilhøyrande frivillige lag og organisasjonar skal fritakast for eigedomsskatt.