Lisbeth Bjørneset Myklebust

Lisbeth Bjørneset Myklebust


Bustad: Ørsta sentrum Yrke: Pensjonist


Bakgrunn:  Organisasjonssjef i Tussakonsernet.
Bachelor i kommunikasjon og leiing
Politisk erfaring: Ingen, men generelt samfunnsinteressert

Kvifor Høgre: Eg ser på Høgre som eit ansvarleg styringsparti. Dei evnar å kombinere god økonomistyring med offensive lokale tiltak, som til dømes satsing på lokalt næringsliv,  og den enkelte sin rett til å sjølv kunne ta dei store vala i livet.

Favorittartist: Louis Armstrong
Funfact: Eg er svært glad i kunst, og har vore med i styret i Volda og Ørsta Kunstlag sidan 2015.
Hjertesaker:
💙 Det skal vere trygt å bli gamal i Ørsta. Eg brenn for at dei eldre i kommunen skal ha sjølvråderett over eige liv, og få den hjelpa dei treng, når dei treng den. Eg meiner det må jobbast langsiktig for å bygge husvære i sentrumsområda, som er tilpassa dei eldre sine behov.
💙 Dei som treng hjelp med psykiske helseutfordringar, skal få rask og god hjelp. Eg brenn for å at behandlingstilbodet innafor psykisk helse må gjerast betre. Ventetidene må vekk, tilboda må styrkast, kompetanse og målkrav må betrast, og behandlingsmetoder og resultat må evaluerast og justerast fortløpande.