Nærings- og
samfunns-
utvikling
Vi vil utvikle Ørsta
Vi vil gjere Ørsta til ein attraktiv og sentral møtestad for folk, næringsliv, turisme, handel og kultur. Vårt mål er å styrke Ørsta som eit regionsenter på Søre Sunnmøre.
Oppfølginga av planane for Ørsta sentrum og Hovdebygda har dei siste åra gitt oss vekst og ei positiv folketalsutvikling. Høgre vil halde fram denne utviklinga, og med det legge til rette både for ei fortetting av bustadar i sentrum og areal for bustadbygging i områda rundt.
Ørsta skal vere ein levande kommune med attraktive arbeidsplassar og eit allsidig kulturtilbod. Eit sterkt sentrum og levande bygder gir gode oppvekstvilkår, og gjer at unge og vaksne ynskjer å kome attende og etablere seg på heimstaden. Vi vil at det skal satsast på busetjing i alle deler i kommunen, i kommunal eller privat regi.
Høgre vil:
- Få til ei fortetting i Ørsta sentrum med handel, kontorarbeidsplassar og bustadar.
- Støtte planane om utbygging av Alti og Mørebiltomta.
- Støtte planane om bygging av ny vg.skule i Ørsta.
- Støtte planane om bygging av Velle skule og nytt symjebasseng.
- Støtte planane om utvikling av sentrumsområda Haftor Hovdensplass og Haldeplassen.
- Støtte planane om utviklinga av sjøsida i Ørsta sentrum, frå Haftor Hovdensplass og vestover.
- Utvikle Ørsta sentrum vidare i tråd med vedtekne arealplanar.
- Starte planlegginga av Sunnmøre sjøbad på Ose.
- Starte arbeidet med ein sentrumsplan for Sæbø sentrum
- Legge til rette for utviding og utvikling av bustadfelt både på bygdene og i sentrum.
Lokal verdiskaping – det er no vi skal skape framtida
For å få utvikling og vekst i Ørsta må vi ha eit sterkt privat næringsliv som skaper trygge og framtidsretta arbeidsplassar. Denne verdiskapinga er ein føresetnad for å kunne finansiere velferdssamfunnet vårt. Næringslivet vårt har alltid vore ein viktig del av den norske modellen, og skiftande regjeringar har ført ein skatte- og næringspolitikk som har vore relativ stabil. I haust endra dette seg då den raud/grøne regjeringa valde å gjere store endringar i skattepolitikken, med auke i formue-, grunnrenteskatten og arbeidsgivaravgifta. Dette har særleg gått ut over oss som bur på kysten der havbruk og kraftproduksjon står sterkt. I Høgre har vi alltid meint at det betyr noko kven som styrer, og dette har vorte særs tydeleg i år.
Høgre vil arbeide for:
- Industri – Ørsta er ei industrikommune og den posisjonen skal vi vidareutvikle med god tilgang på næringsareal og energi.
- Maritim – Sjømatnæringa er sterkt veksande og langt framme når det gjeld inovasjon og fornying i Ørsta. Det er viktig å legge til rette for ei vidare satsing i alle deler av denne verdikjeda i Ørsta.
- Handel – Vi skal vidareutvikle Ørsta som det leiande handelssenteret på Søre Sunnmøre.
- Servicebedrifter – Ørsta har særs mange servicebedrifter både innan bygg og transport mfl. Desse har heile Sunnmøre som sin marknad og kombinerer hard konkurranse med eit aktivt samarbeid når det passar. Det er viktig å legge forholda godt til rette for utvikling og vekst for desse næringane.
- Reiseliv – Sunnmørsalpane kjem til å bli eit av dei nye «heite» reisemåla i åra framover. Det krev tilrettelegging. Det er viktig å få til eit godt samspel mellom ulike reiselivsaktørar, både lokale, regionale og nasjonale. Målsetjinga er å auke omfanget og sysselsetjinga i reiselivet i området vårt. Dette gjeld både lokal mat og drikke, kultur, overnatting og opplevingar. Vi skal utvikle eit reiseliv som tek vare på miljøet, samtidig som vi tek ressursane i bruk.
- Landbruk – Landbruk er ei av dei viktigaste næringane i Ørsta med store ringverknader også mot foredlingsindustri og reiseliv. Høgre vil ta vare på eksisterande landbruk og særleg støtte dei som vil satse på landbruket som ei heiltidsnæring.
- Skogbruk – Det er høg aktivitet i skogbruket og ny utskipingskai for tømmer er på plass. Ørsta kommune må prioritere arbeidet med oppgradering av vegnettet og vise fleksibilitet ved køyrerestriksjonar ved uttak av tømmer.
- Innovasjon – Vi må få eit sterkare fokus på kva vi skal leve av i framtida. Dei selskapa som bidreg til å skape nye og framtidsretta arbeidsplassar må få lagt forholda til rette, slik at dei ser verdien av å satse vidare med Ørsta som hovudbase.
- Næringsareal – Vi har gode næringsareal å tilby og vi har tilgjengeleg energieffektivitet. No må vi ha trykk på nyetableringar. Kommunen må vere aktiv i å selje inn Ørsta som ein attraktiv stad å etablere ny næringsverksemd.
- Ja-kommune – Skal vi få til eit nyskapande næringsliv i Ørsta, må kommunen vere ein lagspelar.
- Næringskontoret – vi ønskjer å utvikle næringskontoret, styrke det næringsstrategiske fokuset og vidareutvikle næringskonferansen.
Samferdsel og kollektivsatsing
Det å utvikle ein større bu- og arbeidsmarknad i regionen krev gode vegar og gode kollektivtilbod. Vegane må haldast vedlike og sikrast langt betre enn det som er gjort i dag.
Høgre vil arbeide opp mot stat og fylke på følgjande område:
- Vi ønskjer oss ferjer, med god kvalitet, som går til tider som er tilpassa brukarane sine behov.
- Vi vil arbeide for betre gang og sykkelvegar, og det er strekningane langs E39 og Fv655 som må prioriterast.
- Tryggare skulevegar og betre kollektivruter.
- Vi vil arbeide for å gjennomføre planane langs E39 frå flyplasskrysset til ny rundkøyring på Ose, ny Osebru, miljøgate gjennom Ørsta sentrum, strekninga Lystad – Liadal og vidare utbetringar langs Vartdalsstranda.
- Vi vil arbeide for ein samanhengande ringveg frå flyplasskrysset, Ose, Mosmarka og via Håkonsgata. Det vil vere ei viktig rute for å utvikle eit betre kollektivtilbod i Ørsta.
- Det må leggast til rette for betre kollektivtransport til og frå flyplassen.
- Betre vedlikehald av fylkesvegane, og auka løyvingar til rassikring av utsette vegstrekningar.
- Fast dekke på kommunale vegar reduserer driftskostnadane og må prioriterast.
- Omlegging av E39 med kryssing av Ørstafjorden og Voldatunnelen.
- Realisering av ferjefri stamveg på E39, og ny tunnel over Strynefjellet.
- Hurtigbåtkai på Rjåneset i samband med Stad skipstunell.
- Vi må arbeide for ein høgare rutefrekvens og eit rimelegare flytilbod frå Ørsta Volda Lufthamn.