Oppvekst og læring

Ein meir familievennleg barnehage

Barnehagane i Ørsta skal gjere borna trygge og stimulere til leik og læring. Det er i barnehagen at ein utviklar språk og sosialt samspel. Barnehagane skal gi dei eldste borna eit godt utgangspunkt for ein god overgang til skulen.

Høgre vil:

  • Ha opningstider i barnehagane som er tilpassa barnefamiliane sine behov.
  • Ha eit meir fleksibelt barnehageopptak og tilby plass nær der du bur.
  • Legge til rette for tidleg innsats alt i barnehagen, og få ein god overgang til skulen.
  • Legge til rette for at barnehagetilsette har god kompetanse og får etter- og vidareutdanning.
  • Ha ein ny barnehage i sentrum, men vi ønskjer å få vurdert om vi kan realisere den raskare og rimelegare ved ei privat utbygging.
  • Ha likehandsaming mellom offentlege og ideelle barnehageeigarar.

Ein skule der alle kan lukkast

Høgre sitt mål er ein skule som legg vekt på fagleg og sosial meistring. Skulen skal sjå kvar elev, og gi dei like moglegheiter til å utvikle evnene og realisere draumane sine. Vi vil prioritere tidleg innsats, fleire dyktige lærarar og miljøarbeidarar, og gode skulebygg.

Dyktige og motiverte lærarar er den viktigaste enkeltfaktoren for å skape ein god skule. Det er difor viktig å gi lærarane naudsynt støtte, og fagleg utvikling.

Utdanning og gode skular er det viktigaste verktøyet vi har for å  utjamne sosiale ulikskapar og ein veg til arbeid, bustad og inkludering. Høgre sitt mål er at skulen skal legge til rette for livslang læring og tilpasse seg eit arbeidsliv i endring.

Høgre vil:

  • Følgje opp bygginga av ein ny skule på Velle for 5-7 klasse. Det er i sentrum barnetalet aukar mest og plassbehovet er størst.
  • Få ein realistisk plan for oppussing av Hovden skule, Vikemarka skule og Vartdal skule og bygging av ein ny felles skule på Legene.
  • Legge til rette for at lærarane og miljøarbeidarane får høve til utvikling og fordjuping innan sine fagfelt.
  • Ta ei rolle som ein tydeleg skuleeigar med klare mål for læring og utvikling.
  • Bruke resultat frå nasjonale prøver og eksamen til å styrke læringa på kvar enkelt skule.
  • Sørge for tidleg innsats i lesing, skriving og rekning tidleg i skuleløpet
  • Styrke spesialundervisninga for elevar med store åtferdsvanskar
  • At ungdomsskulane kan tilby alternativ undervisning og ulike valfag som passar «alle».
  • Utvikle eit “teknologi-senter” til skulebruk i Ørstahallen.
  • Ha nulltoleranse mot mobbing.
  • Arbeide for trygge skulevegar i heile kommunen
  • Arbeide for at M&R-fylke realiserer vedtaket om å bygge ein ny vidaregåande skule i Ørsta.

Born og unge skal ha ein trygg oppvekst.

Familien har ansvaret for å gi born og unge ein god og trygg oppvekst. Kommunen og det offentlege skal, når det er naudsynt, primært støtte, og ikkje styre familiane. Nokre barn og unge har utfordringar og lever under forhold som kan vere skadeleg om dei ikkje får hjelp. Barneverntenestene skal gi naudsynt hjelp, omsorg og sikre ein trygg oppvekst til born og unge som treng det.  

Høgre vil:

  • Styrke økonomien til barnefamiliane og auke barnetrygda. Dette er ei nasjonal målsetjing.
  • Utarbeide ein handlingsplan for barn og unge sin oppvekst, der tiltak for låginntekts-familiar blir vurderte.
  • Sikre at barneverntenestene har nok ressursar til å tilby eit forsvarleg hjelpetilbod.
  • Styrke helsestasjonen for ungdom og ha tilgjengelege helsesjukepleiarar ute på skulane.
  • Arbeide for ei betre koordinering mellom skule / barnehagar og det interkommunale barnevernet og PPT (Pedagogisk psykologisk tenester).