Politikk

Høyre vil bygge samfunnet på tillit til enkeltmennesket. Hver enkelt skal ha størst mulig frihet til og ansvar for å forme sitt eget liv og sin egen fremtid basert på respekt for andre og for fellesskapet.

Våre hjartesaker

  • Ørsta – regionsenter på søre Sunnmøre

    ørsta skal styrkast som regionsenter på Søre Sunnmøre. ørsta skal vere ein attraktiv og sentral møtestad for folk, næringsliv, handel og kultur

  • Oppvekst og læring

    Skulenskal sjå kvar elev, og gi dei like mogelegheiter til å utvikle evnene og realisere draumane sine. ørsta skal ha ein barnehage som gjennom trygg leik og læring, skal gi det beste utgangspunktet for å lukkast på skulen.

  • Trygg og verdig omsorg

    Omsorgstilbodet skal vere nært, trygt og ha god kvalitet. Omsorgstilbodet skal tilpassast brukarane slik at dei både vert sett, høyrt og handsama med verdigheit

  • Lokal verdiskaping – det er no vi skal skape framtida

    For å få utvikling og vekst i ørsta må vi ha ein næringspolitikk som skaper trygge og framtidsretta arbeidsplassar. Satsinga innan reiseliv og turisme må vidareførast, og aukast.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.

Ørsta – regionsenter på søre Sunnmøre!

ørsta skal styrkast som regionsenter på Søre Sunnmøre. ørsta skal vere ein
attraktiv og sentral møtestad for folk, næringsliv, handel og kultur.

Vi skal ha ein levande kommune med attraktive arbeidsplassar og eit allsidig
kulturtilbod. Det skal satsast på busetjing i alle delar i kommunen, i kommunal
eller privat regi. Eit sterkt sentrum og levande bygder gir gode oppvekstvilkår, og
gjer at unge og vaksne ynskjer å kome attende og etablere seg på heimstaden.

ørsta Høgre vil ta opp igjen forhandlingar med Volda, og eventuelt andre
nærliggjande kommunar. Ein ny prosess om samanslåing fram mot valet i 2023
må settast i gong. Vi meiner at ein ny og større kommune vil gi sterkare fagmiljø,
større breidde i dei kommunale tenestene og meir berekraftig drift. Ein ny og
større kommune vil også styrke området vårt som regionsentrum, og gi oss større
tyngde i møte med andre kommunar, regionale fora, på fylkes- og nasjonalt nivå.

I Høgre vil vi arbeide for ein open og inkluderande prosess i samband med
endringar av kommunestrukturen.

Oppvekst og læring

Høgre sitt mål er ein kunnskapsskule som legg vekt på fagleg og sosial meistring. Skulen
skal sjå kvar elev, og gi dei like mogelegheiter til å utvikle evnene og realisere draumane
sine. ørsta skal ha ein barnehage som gjennom trygg leik og læring, skal gi det beste
utgangspunktet for å lukkast på skulen.

Høgre sitt mål er at skulen skal legge til rette for livslang læring og meistring. Det gjer vi
ved å legge til rette for «tidleg innsats» tidleg i skuleløpet. Tilpassa undervisning for dei
som treng det, vaksenopplæring for å lukkast med god integrering og
omstillingskompetanse – “lære heile livet” – for å tilpasse oss eit arbeidsliv i endring.

Dyktige og motiverte lærarar er den viktigaste enkeltfaktoren for å skape ein god skule.
Det er difor viktig å gi lærarane naudsynt støtte for å utvikle skulen vår.

ørsta Høgre vil:
  • Bygge ein ny skule på Velle for 5-7 klasse, for sentrum. Det er i sentrum barnetalet aukar mest og plassbehovet er størst.
  • Bygge ein ny skule på Sæbø, i felles bygg med ny barnehage og SFO.
  • I denne programperioden må det utgreiast om Hovden skule og ny felles skule på Legene kan realiserast i neste periode.
  • Arbeide for at fylket gjer vedtak om å bygge ein ny vidaregåande skule i ørsta, samlokalisert med Kulturhuset.
  • Det ligg føre planar om ein ny barnehage i sentrum. Vi ønskjer å få vurdert om vi kan realisere dette raskare og rimelegare ved ei privat utbygging.
  • Halde fram satsinga på lærarane og barnehagetilsette ved å legge til rette for kompetanseheving.
  • Vere ein tydleg skuleeigar med klare mål for læring og utvikling.
  • Ha fokus på resultat og utvikling i ørstaskulen, og ha størst mogeleg openheit om dei.
  • Ha ein “mobbefri” skule, og følgje opp vedtekne strategiar, både på nasjonalt og lokalt nivå.
  • Ha opningstider i barnehage og SFO som er tilpassa behovet til brukarane.
  • Ha ein god kulturskule, med eit breitt tilbod. Vi bør vurdere om den kan utviklast i samarbeid med Volda.
  • Utvikle eit “teknologi-senter” til skulebruk i ørstahallen.
  • Legge til rette for utvikling av gode fritidstilbod til alle unge.
  • Vere positive til at andre enn kommunen kan eige og drive barnehagar og skular.

Trygg og verdig omsorg

Høgre sitt mål er at alle skal få gode omsorgstenester når dei treng det, uansett
alder og livssituasjon. Omsorgstilbodet skal vere nært, trygt og ha god kvalitet.
Omsorgstilbodet skal tilpassast brukarane slik at dei både vert sett, høyrt og
handsama med verdigheit.

ørsta Høgre vil:
  • Bygge om “gamle Legesenteret” til eit nytt helsehus med helsestasjon, fysioterapi og heimebasert omsorg mm.
  • Bygge ut sjukeheimsplassar på ørstaheimen når heimebasert omsorg flyttar ut av lokala. Her må vi vere aktive og søkje om tilskot til formålet jfr. revidert statsbudsjett.
  • Bygge ut nytt kjøkken på ørstaheimen. Også her må vi vere aktive og søkje om tilskot til formålet jfr. revidert statsbudsjett.
  • Legge til rette for at dei som ønskjer det kan bu heime, sjølv om dei har eit pleiebehov. Det betyr at vi må tilby god og rett omsorg når behova oppstår.
  • Styrke arbeidet med kvardagsrehabilitering og organisere omsorgstenestene i tråd med LEON-prinsippet (Lavaste effektive omsorgsnivå).
  • Ta i bruk velferdsteknologi for å sikre betre tenestetilbod og frigi tid til dei “varme hendene”.
  • At brukarane sine val skal respekterast, og at det skal opnast for meir valfridom i omsorga. Fritt brukarval i heimetenesta må utgreiast.
  • Ha sjukeheim- og omsorgsplassar tilpassa ulike pleiebehov.
  • Vurdere om det er mogeleg å etablere eit “Omsorgshotell”, for kortare opphald.
  • Vidareutvikle ei god og verdig omsorgsteneste for brukarane innan rus og psykiatri. Tilbod skal utviklast i nært samarbeid med brukarane og deira pårørande.
  • Personar med funksjonsnedsetting skal ha dei same tilboda og mogelegheiter som funksjonsfriske.
  • Ha eit sterkt fokus på kvalitetsmåla i omsorgstenesta. Kunnskap er ein nøkkelfaktor, og det er derfor viktig å legge til rette for kompetanseheving for å utvikle og stimulere dei som jobbar i sektoren.
  • Etablere helsestasjonstilbod for ungdom i ørsta.
  • Styrke dei kommunale og private fysioterapitenestene.
  • Styrke arbeidet med førebygging og rehabilitering.
  • Styrke tilbodet om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). BPA handlar om retten til å kunne leve likeverdige liv.
  • Samarbeid med frivillige organisasjonar slik at det vert lagt til rette for at alle kan ha eit aktivt liv, førebygge einsemd og legge til rette for fysisk aktivitet.
  • Satse på folkehelse ved å legge til rette for turstiar og nærmiljøanlegg.
  • Ha eit tettare samarbeid med frivillige organisasjonar fordi vi meiner at det vil kunne gi meir aktivitet, auka omsorg og ein varmare omsorgsteneste.
  • Vere positive til at andre enn kommunen kan eige og drive ulike helse- og omsorgstenester i ørsta.
  • Arbeide for at sjukehuset i Volda skal vere eit fullverdig sjukehus med akutt- og fødeavdeling.

Kultur og frivillige organisasjoner = livskvalitet

Høgre meiner at eit breitt kulturtilbod er viktig for å skape trivsel, og gjer det meir
attraktivt å bu i ørsta. Kultur og språk definerer kven vi er og kvar vi kjem ifrå.
Kulturaktivitetar er viktig for å skape tryggleik mellom folk på tvers av alder, kjønn,
sosial status og ulike kulturar. Frivillig innsats har ein eigenverdi i seg sjølv, og bidreg
til eit rikare lokalsamfunn.

ørsta Høgre vil:
  • Bygge ny symjehall ved ørstahallen.
  • Vi skal utnytte mulegheitene i den nye ørstahallen, for eit breitt spekter av kulturelle tilbod.
  • Vi skal ruste opp Kulturhuset i ørsta, i samarbeid med ny vidaregåande skule.
  • Oppretthalde drifta av Kaihuset.
  • Vi skal gi gode og føreseielege rammevilkår til frivillige lag og organisasjonar, samtidig som ein legg til rette for eit godt samspel mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.
  • Bygg tilhøyrande frivillige lag og organisasjonar skal fritakast for eigedomsskatt.
  • Styrke dei kommunale og private fysioterapitenestene.
  • Styrke arbeidet med førebygging og rehabilitering.

Lokal verdiskaping – det er no vi skal skape framtida

For å få utvikling og vekst i ørsta må vi ha ein næringspolitikk som skaper trygge og framtidsretta arbeidsplassar. Satsinga innan reiseliv og turisme må vidareførast, og aukast. Det skal leggast til rette for berekraftig vekst innan denne næringa i heile kommunen.

ørsta Høgre vil arbeide for:
  • Handel – Vi skal vidareutvikle ørsta som det leiande handelssenteret på Søre Sunnmøre. I samband med ny plan for sentrum, vil vi legge til rette for å styrke både handel, kultur og bustadar.
  • Reiseliv – ørsta skal satse på reiselivet i tråd med Masterplanen for reiselivet. Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane er her det viktigaste satsingsområdet, men og andre delar av kommunen er inkludert. Det er viktig å få til eit godt samspel mellom ulike reiselivsaktørar, både lokale, regionale og nasjonale. Målsetjinga er å auke omfanget og sysselsetjinga i reiselivet i området vårt. Dette gjeld både lokal mat og drikke, kultur, overnatting og opplevingar. Denne utviklinga skal være berekraftig, med omsyn på å ta vare på miljøet, samtidig som ein tek ressursane i bruk.
  • Landbruk – Landbruk er ei av dei viktigaste næringane i ørsta. Jordvern skal vere i fokus, samtidig som ein legg til rette med føreseielege og berekraftige vilkår. ørsta Høgre vil ta vare på eksisterande landbruksnæring, og støtte dei som vil satse.
  • Skogbruk – Det er høg aktivitet i skogbruket og ny utskipingskai for tømmer er på plass. ørsta kommune må prioritere arbeidet med oppgradering av vegnettet, og vise fleksibilitet ved køyrerestriksjonar ved uttak av tømmer.
  • Innovasjon – Vi må få eit sterkare fokus på kva vi skal leve av i framtida. Dei selskapa som bidreg til å skape nye og framtidsretta arbeidsplassar må få lagt forholda til rette, slik at dei ser verdien av å satse vidare med ørsta som hovudbase.
  • Nyetablering – Kommunen må vere aktiv i å selje inn ørsta som ein attraktiv stad å etablere ny næringsverksemd. Vi har gode næringsareal å tilby, no må vi ha trykk på å få tomtesal og nyetableringar.
  • Ja-kommune – Skal vi få til eit nyskapande næringsliv i ørsta, så må også kommunen spele på lag. Kommunen skal legge forholda til rette, vere tilgjengeleg og føreseieleg, og yte framifrå service.
  • Næringskontoret – vi ønskjer å utvikle næringskontoret ved strategiske samarbeidspartnarar og med fokus på næringskonferansen.

Samferdsel og kollektivsatsing

Det å utvikle ein større bu- og arbeidsmarknad i regionen krev gode vegar og gode
kollektivtilbod. Vegane må vedlikehaldast og sikrast langt betre enn dei er i dag.

ørsta Høgre vil arbeide opp mot stat og fylke på følgjande prosjekt:
  • Betre trafikkforholda i ørsta sentrum, og gjennomføre planane langs E39 frå flyplasskrysset, ny Osebru og gjennom ørsta sentrum.
  • Omlegging av E39 med kryssing av ørstafjorden og Voldatunell.
  • Realisering av ferjefri stamveg på E39, og ny tunnel over Strynefjellet.
  • Vi støttar ikkje forslaget til bompakke for ørsta og Volda, fordi den statlege delen av finansieringa er for låg. Vi vil råde regjeringa til å utgreie vegprising som ein alternativ finansieringsmodell for ei framleis sterkare samferdselssatsing.
  • Vi ønskjer 20 minutts ferjeavgangar på strekninga Festøya – Solavågen.
  • Vi vil auke satsinga på gang og sykkelvegar, og det er strekningane langs E39 og Fv655 som må prioriterast.
  • Tryggare skulevegar, betre kollektivruter og ein fleksibel skuleskyss med mindre ventetid må prioriterast. Vi vil arbeide for ein samanhengande veg via Torvmyrvegen, strekninga Hovdebygda – Rystene – Ose, og med ny bru over ørstaelva.
  • Betre vedlikehald av vegane, og auka løyvingar til rassikring av utsette vegstrekningar.
  • Fast dekke på kommunale vegar reduserer driftskostnadane og bør prioriterast.
  • Det må leggast til rette for kollektivtransport til og frå flyplassen.
  • Vi må arbeide for eit betre og rimelegare flytilbod frå ørsta Volda Lufthamn.
  • Utgreie Hurtigbåtkai på Rjåneset. Tiltaket er først aktuelt når Stad skipstunell vert realisert

Energi, klima og miljø

Vi forvaltar miljø og klima på vegne av komande generasjonar. Klimautfordringane
er globale, men mange tiltak er lokale. Vi treng difor ein energi- og miljøpolitikk som
sikrar at innbyggarane kan ta gode og miljøvennlege val i kvardagen.

ørsta Høgre vil:
  • Utarbeide ein meir konkret og forpliktande klimaplan for ørsta kommune.
  • Arbeide for å utvikle ein plan for “energi-smarte kommunar”. Målet er å digitalisere og effektivisere drifta og redusere energibruken.
  • ørsta kommune må verte meir energieffektive, og kjøpe energi med opphavsgarantiar.
  • Arbeide for at ørsta kommune sin innkjøpspolitikk for varer og tenester har klare miljøkrav og krav om “kortreiste innkjøp”.
  • Arbeide for at ørsta kommune går over til ein meir energieffektiv bilpark.
  • Arbeide for at det vert etablert ladepunkt i sentrum, og ved kommunale bygg.
  • Gjennomføre lønsame miljøinvesteringar i LED-gatelys og ENøK-tiltak i kommunale bygg.
  • Syte for at VøR utviklar ein effektiv og miljøvennleg avfallshandsaming.
  • Prioritere arbeidet med flaum- og rassikring.
  • Vere positiv til utbygging av nye småkraftverk som har avgrensa miljøkonsekvensar.
  • Gjere det lønnsamt for enkeltpersonar og næringsliv å ta miljøomsyn

Ein serviceorientert og effektiv kommune

ørsta kommune skal vere ein servicekommune for innbyggarane og næringslivet.
Det betyr opne og ryddige prosessar der vi skal legge til rette for fleksible og juridisk
haldbare løysingar.

ørsta Høgre vil:
 Bygge ny symjehall ved ørstahallen.
 Halde fram utviklinga av ørsta sentrum og Hovdebygda i samsvar med nye planar og
ideane i Europan-prosessen.
 Starte opp arbeidet med sentrumsplanen for Sæbø.
 Stå for ein heilskapleg og berekraftig politikk for ørsta.
 Arbeide for eit konstruktivt samarbeid mellom politikarar og administrasjonen med klar
rolleforståing.
 Sikre eit høgt nivå på kvaliteten av kommunale tenester, og legge til rette for vidare
satsing på kompetanse- og leiarutvikling i kommunen.
 Ha klare effektivitetsmål på den kommunale drifta. Vi skal måle oss mot dei beste når
det gjeld kvalitet og effektivitet.
 Arbeide målmedvite for å betre arbeidsmiljøet slik at sjukefråværet går ned, trivselen
aukar og kvaliteten på tenestene blir forbetra.
 Arbeide for at sakshandsaming og planarbeid i kommunen skal følgje dei tempo- og
kvalitetskrav som er forventa av innbyggarane og næringslivet.
 Ha fokus på dei kommunale kjerneaktivitetane. Når det gjeld andre driftsoppgåver så
bør ein alltid vurdere om dei kan utførast av andre tilbydarar. (Det skal alltid vere eit
krav at opplevd kvalitet frå brukarane ikkje blir dårlegare, og at tilsette skal ha ordna
arbeidstilhøve.)
 At ørsta kommune skal ha ein berekraftig økonomi, med god langsiktig styring. Det får
vi med Høgre ved roret, og det er ein føresetnad for vidare utvikling av kommunen.
 Søkje politisk samarbeid som sikrar ein ansvarleg politikk der det er balanse mellom
inntekter og utgifter.
 Arbeide for ein plan for effektivisering av drifta på mellom 3 til 5% i perioden 2019 –
2023. Effektiviseringa må i størst mogeleg grad skjerme lovpålagde oppgåver, og
oppgåver retta mot dei mest sårbare brukargruppene.
 At dei årlege kostnader knytt til investeringar (-sjølvkostområda) ikkje er større enn
summen av utbytte og eigedomsskatt.
 På sikt arbeide for å redusere eigedomsskatten.