Rune Hovde
Alder: 59 år
Sivil status: Gift med Ingrid Marie, 3 born
Bustad: Ørsta sentrum
Yrke: Rektor Møre folkehøgskule

Bakgrunn: Utdanna økonom med mastergrader i forrtningsdrift, marknadsføring og leiing.
Ordførar i Ørsta 2011-2015, kommunedirektør Stryn, 2017-2021, fleire leiarstillingar og styreverv.
Kommunestyrereoresentant i Ørsta 2003 – 2017.

Fritidsinteresser: Aktiv i sykkelklubben, flyklubben, veteranvognklubben og skyttarlaget. Kanskje
naturleg at eg har eit stort hjarte for frivillig arbeid og verdien av dette?


Kvifor Høgre: Ørsta treng eit ansvarleg styringsparti i kommunestyret. For å gjere kommunen så god
som råd er må vi tenkje langsiktig og vere villige til å gjere kloke og velfunderte investeringar som vi
kan hauste av i framtida. Eg har aldri hatt tru på at det å drive ein kommune etter innfalssmetoden er
det som gir suksess i det lange løpet. Høgre er garantisten for at vi artbeider etter ein langsiktig og
god plan!

Hjartesaker: Vi må sjå og hjelpe dei som verkeleg treng hjelp. Når vi prioriterer så må dei svakaste
kome først. Og dei svakaste er slett ikkje alltid dei som ropar høgast.