7 gode grunner for å røysta Høgre i Sauda

Sauda er ein fantastisk stad å bu, vekse opp og leve. Høgre vil bevara det som er godt i Sauda, men vi ynskjer også så utvikle kommunen slik at den best mogleg kan møta framtidas utfordringar og moglegheiter.

Kjære veljar!

Sauda er ein fantastisk stad å bu, vekse opp og leve. Høgre vil bevara det som er godt i Sauda, men vi ynskjer også så utvikle kommunen slik at den best mogleg kan møta framtidas utfordringar og moglegheiter. Me ynskjer å ta vare på og utvikle det beste i samfunnet. Det ligg eit ansvar på dei som styrer å ta vare på det som er no og gje dei som kjem etter oss best moglege føresetnader. Vala me tar skal ikkje berre komme dagens saudabu til gode, men og vere til det beste for dei som kjem etter oss.

Høgre vil gje makta tilbake til deg. Me trur at samfunnet vert betre når kvar enkelt gis større valfriheit og får bestemme meir over sin eigen kvardag. Me i Høgre vil at Sauda skal bli ein ja-kommune som speler på lag med folk, frivilligheit og næringsliv. Saman gjer me Sauda til ein endå betre stad å bu, vekse opp og leve.

Paul Løyning, ordførarkandidat Sauda Høgre

 1. Høgre vil sikre ein berekraftig og føreseieleg kommuneøkonomi

Høgre vil bevara det som er godt i Sauda, men vi ynskjer også så utvikle kommunen slik at den best mogleg kan møta framtidas utfordringar og moglegheiter. Me ynskjer å ta vare på og utvikle det beste i samfunnet.

 2. Høgre vil sikre ein god skule med godt læringsmiljø

Gode, kvalifiserte lærarar er innanfor dette igjen den viktigaste ressursen me har. Det har i fleire år vore utfordrande å rekruttera nok lærarar til Sauda, og dette er eit problem som me må ta tak i. Me må difor sjå på korleis me bruker ressursane våre innan skule, slik at me best tek vare på elevar, lærarar og andre tilsette ved skulane

3. Høgre vil at folk skal gle seg til å bli gamle i Sauda

Sauda skal vere ein god stad å bu. Dei som bur i Sauda skal gle seg til å bli eldre. For å få dette til, må me satse vidare på det som er vedteke. Me vil at folk skal kunne bu heime så lenge dei kan. Det skal vera eit aldersvenleg samfunn med gode møteplassar og variert utval av aktivitetar. Me i Høgre vil prioritera førebyggjande tiltak for innbyggjarar i alle livets fasar.

 4. Høgre vil at det skal vera eit breitt og variert fritidstilbod til dei unge

I Sauda skal det vere rom for alle. Mange av tilboda me i dag har er svært gode, men me vil alltid bli betre. Det me allereie har må bevarast og finslipast, og potensielle nye tilbod må fram i lyset og leggast til rette for. Kommunen skal vere ein støttespelar for eit mangfald av aktivitetar og tilbod som kjem barn og unge til gode. Me må sørge for at alle kan vere med på noko, og at ikkje nivå, økonomi eller funksjonsnivå skal vere ekskluderande faktorar.

 5. Høgre vil vera på lag med jobbskaparane i samfunnet

Sauda kommune skal vere ein god medspelar for det lokale næringslivet. Det handlar om å sørgje for rask regulering, og nok areal til næringsutvikling. Me må ha ein rask og effektiv saksbehandling i kommunen. Det handlar også om å ha låge skattar og gebyr i kommunen. Ikkje minst handlar det om å vera næringsvennlege, ta fram JA-stempelet der me kan, og samarbeide med det private for å finna gode løysningar.

 6. Høgre vil at det skal vera ein bustadmarknad for alle

Sauda skal vera ein attraktiv plass å bu. For å ta vare på eksisterande og nye bedrifter og oppretthalde tenestene, så er det viktig å leggje til rette for at folk fortsatt ynskjer å bu i Sauda, samt auke lysta for å flytte til. Me vil leggje til rette for dette ved å ha gode tomter tilgjengelege, vere imøtekommande for tilflyttarar og arbeide for at dei kommunale avgiftene ikkje skal vere høgare enn naudsynt.

 7. Høgre vil ta vare på den mangfaldige naturen i Sauda

Me ynskjer å ta vare på og utvikle det beste i samfunnet. Det ligg eit ansvar på dei som styrer å ta vare på det som er no og gje dei som kjem etter oss best moglege føresetnader. Vala me tar skal ikkje berre komme dagens saudabu til gode, men og vere til det beste for dei som kjem etter oss.