Valprogram for Seljord Høgre 2023-2027

Seljord Høgre vil at kommunen skal være ein attraktiv bu- og arbeidsstad, ein stad i vekst med utviklingspotensiale for innbyggarar, tilflyttarar og næringsliv.

Kandidater, Seljord Høgre

Det gode livsløp med Seljord Høgre

Seljord Høgre vil at kommunen skal være ein attraktiv bu- og arbeidsstad, ein stad i vekst med utviklingspotensiale for innbyggarar, tilflyttarar og næringsliv.
Seljord Høgre ynskjer utvikling i takt med dagens og framtidas behov for å sikre eit godt tilbod og gode tenester for Seljord sine innbyggarar ved å:


• prioritere kvalitet og kompetanseheving i skulen, barnehagane, SFO og kulturskulen.

• prioritere fleksibelt barnehageopptak og ha mål om barnehageplass i eigen skulekrins.

• vidareføre dagens skulestruktur med 1-7 trinn i Flatdal og ruste opp Seljordskulen.

• satse på førebyggande arbeid blant barn og unge og vidareutvikle skulehelsetenesta for å avdekke utfordringar hjå elevane.

• støtte opp om sosiale arenaer for unge og unge vaksne med f.eks. dataaktivitetar, mekking, motorsport, snoskuter o.l.

• vidareføre ein god kulturskule og sommarskule.

• styrke ungdomsrådet si rolle i kommunen.

• fokusere på mat og helse i eit folkehelseperspektiv og gjeninnføre matservering i barnehagane.

• vidareutvikle frisklivstiltak og møteplassar for innbyggarane i Seljord.

• støtte opp om Frivilligsentralen.

• utvide bruken av velferdsteknologi i heile livsløpet for å trygge kvardagen for den enkelte.

• sikre at alle som ynskjer det skal kunne bu i eigen bustad så lenge som mogleg med god støtte frå kommunen, og dei som treng det skal få sjukeheimsplass.

• ha dagleg meiningsfylt fysisk aktivitet på institusjonar.

• sikre at Seljord er ein demensvenleg kommune.

• sørge for at dei med funksjonsutfordringar får eit verdig liv i form av tilrettelegging, god og kvalifisera bemanning og ein innhaldsrik og trygg kvardag.

• fylgje opp arbeidet med psykisk helse og rus.

• ha eit godt fagmiljø på helsesenteret som sikrar god og stabil legedekning.
• støtte opp under arbeidet med heiltidskultur i kommunale stillingar.

Vekst og utvikling med Seljord Høgre

Det må leggast til rette for ulike bustadformer både sentrumsnært og i grendene.
Seljord skal vera ein offensiv kommune som aktivt legg til rette for auka busetting og for eksisterande og nye næringsverksemder ved å:


• ikkje innføre eigedomsskatt på bustader, hytter og næringsbygg.

• sikre attraktive og tilgjengelege tomter for bustader og næringsliv i heile kommunen.

• gjeninnføre konsesjonsfridom for bustader.

• gjennomgå og vurdere kommunale avgifter for utleigemarknaden.

• halde fram og forsterke det gode samarbeidet mellom kommunen, næringslivet og frivillige lag og organisasjonar.

• sette i gang arbeidet med nytt prosjekt for tettstadutvikling i Seljord.

• bidra til å vidareutvikle Granvin som eit regionalt kulturhus for alle.

• bidra til at Dyrskuplassen skal kunne utvikle seg som arrangementsstad.

• støtte opp om Seljord Økologiske Hage.

• nytte fleire lokale innkjøp ved offentlege anskaffingar der det er mogleg.

• prioritere heiltidsbruk i landbruket samtidig med at kombinasjonsbruka har ein viktig plass.

• innføre tilskotsordning for gardsskogshogst med kr. 100,-/m3.

• halde fram med opprustinga av kommunale vegar.

Seljord i eit større perspektiv – inn i framtida med Seljord Høgre

Det er uro i store delar av verden, også i vårt nærområde som sender menneske på flukt. Klima og miljø er ei av dei store utfordringane verden står overfor og dette gjeld også Seljord. Seljord kan bidra med å:

• bevare naturmangfald i skog og kulturlandskap og støtte tiltak mot attgroing.

• legge til rette for miljøvenlege transportløysingar og utsleppsfrie kommunale køyretøy der det er mogleg og bruke miljøvenleg energi som sol og jordvarme i kommunale bygg.

• ha ein fakta- og kunnskapsbasera miljøvennleg samfunnsutvikling.

• sikre at berekraft er grunnplanken i alle kommunale planer og verksemder.

• miljøfyrtårn-sertifisere Seljord kommune.

• ta vår del av ansvaret for å busette flyktningar og sikre ei god integrering.

• styrke beredskapen med fokus på øvingar og kommunikasjonen med innbyggarane.

• vidareutvikle regionsamarbeidet i Vest-Telemark og nye Telemark fylke.