Politikk
Høgre legg vekt på kontinuitet mellom fortid og framtid. Me har arva eit samfunn prega av tillit, openheit og små forskjellar, eit samfunn med høg verdiskaping og med velutbygde velferdsordningar. Det er vår plikt å vareta og vidareutvikla dette samfunnet for framtidige generasjonar.
Me vil forandra for å bevara. Med det meiner me at me må gjera nødvendige endringar i dag av omsyn til klima og miljø, økonomisk og sosial berekraft og framtidige generasjonars velferd.