Difor røysta Høgre for Hafstad vgs som ny ungdomsskule

Martin Savland
Martin Savland. Foto: Elias Eide

Kronikken vart først publisert i Firda

31. mars møtte eg i kommunestyret for å avgjere om Førde ungdomsskule skulle flyttast til Hafstad VGS. Som folkevald var eg imponert over engasjementet og vi fekk mange gode innspel om det var rett eller ikkje å flytte elevane til Hafstad VGS. Dette tok vi med oss både i kommunestyret og i utval for Oppvekst i møte den 22 mars.

I utval for oppvekst gjekk vi i Høgre i lag med Venstre, KrF, AP, FRP og SP for å stille krav til administrasjonen om at det må sikrast tilstrekkeleg uteareal av god kvalitet rundt skulen og takast høgde for eventuelt utviding. Vidare at det må leggast fram planar om uteområdet for nye Førde barneskule og nye Førde ungdomskule som støttar dagens krav for dei ulike trinna, innan utgangen av 2023.

Vi forventar at flyttinga ikkje vil svekke kvaliteten på skulane og at administrasjonen vil følge opp med god involvering i prosessen som gjeld ombygging av skulen. Spesielt viktig blir det at tilsette, elevar og FAU blir høyrt så langt det er mogleg. Derfor er vi glad at vedtaket i kommunestyret opnar for at elevar med funksjonsvariasjon skal ha gode praktiske løysingar. I tillegg til at det må prioriterast spesialrom til praktiske estetiske fag. Alt dette er viktige presiseringar som både vi og resten av utvalet forventar blir følgt opp vidare i prosessen.

Samstundes vil vi presisere meir for bakgrunnen for vedtaket. I dag er det eit stort behov for å skaffe fleire omsorgsbustader i Førde sentrum. Med dette vedtaket gir det både administrasjonen og oss som folkevalde moglegheita til at området der Førde Barneskule er, kan nyttast til omsorgsbustader. Dette blir svært viktig for at Sunnfjord kommune skal klare målet om å tilby ei god eldreomsorg til våre eldre.

Vidare har vi som folkevalde vedtatt at store midlar skal flyttast frå barnehage og skular til eldreomsorg. Dette vedtaket gir ein innsparing på mellom 10–15 millionar ifølge sakshandsamlinga til administrasjonen. Dette er pengar vi mest sannsynleg måtte tatt frå undervisning og ville medføre eit dårlegarar tilbod til våre elevar.

For eksempel vil ei innsparing på 15 mill. føre til ein reduksjon på 20 årsverk eller 500 lærartimetal henta frå administrasjonen si saksutgreiing. Alternativet hadde vore å flytte krinsgrenser som også kan vere uheldig for dei elevane som hadde blitt ramla. Skulle Førde Barneskule bestå måtte vi også ifølge rapporten frå Sweco brukt eit stad mellom 85–100 millionar i rehabilitering. I dag har allereie Sunnfjord kommune arbeid med rehabilitering av Sande skule og vi har også behov for å styrke uteområdet på fleire skular.

På besøk til fleire barnehagar har vi fått tydeleg tilbakemelding om at mange barnehagar ønskjer eit betre uteområde.

Som folkevald synest eg dette har vore ei krevjande sak. Eg forventar at administrasjonen følger opp utvalet og deretter kommunestyret sitt vedtak og at det blir tydeleg fokus på involvering og lytte til dei som er råka. Samstundes har vi som folkevalde eit ansvar for å lytte til heile sektoren og for Høgre var det feil prioritering å heller kutte i lærarstillingar framfor struktur.

Martin Savland, Sunnfjord Høgre, Naustdal