Foreldre må ta meir ansvar!
Det er ikkje skulen som skal oppdra ungane, det er faktisk foreldra si hovudoppgåve, skriv Elias Eide.
Elevundersøkinga viser at fleire elevar blir mobba på skulane i Vestland. Talet på digitale mobbesaker aukar. Ei mobbesak er ei for mykje, difor er dette svært alvorleg sjølv om tala føljer landstrenden. Kommunane og fylkeskommunen er nøydd til å følge dette opp, og dei må få ressursar til det. Men det er ikkje berre kommunen og fylket som må gå i seg sjølv, også foreldra.
Det siste året har eg besøkt mange skular og snakka med mange lærarar og tilsette. På både vidaregåande- og grunnskulen er beskjeden klar. Foreldra verkar for å ta lettare på oppdragelsen og overlèt meir til skulen. Dette bekymrar naturlegvis både lærarar og rektorar som allereie har meir enn nok å bekymre seg for.
Lærarar fortel om episodar der fleire elevar har med seg nye mobiltelefonar og smartklokker for at dei skal kommunisere med foreldra i løpet av dagen. Samtidig veit vi at fleire og fleire barneskuleelevar for lengst er på sosiale medium som Snapchat og TikTok som har 13-års aldersgrense. Vidare fortel dei om kjedelege situasjonar der dei må forklare elevar som ikkje har mobil eller Snapchat om kvifor nokon elevar får ha det, men ikkje andre. Ofte skapar bruken av sosiale media på fritida situasjonar som lærarane må nøste opp i.
Digital mobbing skjer oftare når fleire og stadig yngre tek i bruk teknologi som ikkje er laga for dei. I mange situasjonar kan teknologien vere nyttig, men slik situasjonen er no, er det i ferd med å kome ut av kontroll. For det seier seg sjølv at barneskuleelevar ikkje skal vere på Snapchat som har 13-års aldersgrense. Det seier seg sjølv at dei bør leike på fotballbana eller i sandkassa utan mobil i friminutta. Trass i den teknologiske utviklinga trur eg blyant, skrivebøker og krittavler blir viktigare og viktigare.
Kommunen, fylket og vi politikarar har eit stort ansvar for å få slutt på mobbing. Vi må stille opp med ressursar, og sikre at lærarar og rektorar har dei beste føresetnadene for å kunne gjere jobben sin. Tar vi tak i problema tidleg slepp vi at dei forplantar seg vidare i skuleløpet. Men foreldra har også eit ansvar. Dei kan ikkje overlate oppdragelsen av ungane sine til skulen. Det er deira ansvar.