Kom med dine innspel!
Sunnfjord Høgre er godt i gang med å utforme politikken for dei neste fire åra. Har du innspel?
![Sunnfjord Kommune. Foto: Elias Eide](https://hoyre.no/content/uploads/sites/318/2022/08/IMG_3893-scaled.jpeg)
Sunnfjord Høgre sin programkomité har starta arbeidet med å lage eit nytt program for perioden 2023-2027. Programmet skal innehalde våre punkt for å skape ein endå betre kommune.
Vi ynskjer alle innspel velkomne og gler oss til å høyre frå deg!
Sunnfjord Høgre sin programkomité består av:
Elias Eide (leiar) – ansvar for oppvekst og utdanning
Anne Lilleaasen – ansvar for samferdsel og kultur, idrett og frivillegheit
Bård Eikeset – ansvar for helse og omsorg
Steinar Kvame – ansvar for plan, bygg, eigedom, næring og miljø
Martin Savland – ansvar for arbeid og sosial