Stian Grimseth innstilt som ordførarkandidat

Pressemelding frå nominasjonskomiteen i Sunnfjord Høgre
Nominasjonskomiteen til Sunnfjord Høgre har samrøystes innstilt Stian Grimseth som ordførarkandidat for Høgre i Sunnfjord kommune for 2027-2031.
Grimseth bur i dag i Naustdal, og har tidlegare sete ein periode i kommunestyret for Naustdal Høgre. Han har hatt ei lang karriere innanfor idretten, både som utøvar, trenar og i ulike leiarroller. I tillegg har han erfaring frå næringslivet.
-Eg er veldig glad for at Stian har takka ja til å stille som ordførarkandidat for Høgre. Han har alt som skal til for å kunne bli ein veldig god ordførar for Sunnfjord, sier leiar av nominasjonskomiteen, Elias Eide.
Sunnfjord Høgre gjennomfører nominasjon av ordførarkandidat 27. mai. Resten av lista vil bli nominert på eit eige nominasjonsmøte til hausten.
Nominasjonskomiteen i Sunnfjord Høgre har bestått av:
Elias Eide (leiar), Olin Henden, Mathias Råheim og Olve Grotle.