Anne Lilleaasen – vår ordførarkandidat

Kvifor du skal gi Høgre og meg stemma di i Sunnfjord.

Foto: Privat og Vidar Helle

Anne si hjartesak

Alle elever i Sunnfjord skal møte ein god skule med tilpassa opplæring

Skulen er den viktigaste arenaen vi har for å sikre likskap til barna som veks opp i kommunen vår.

Høgre sitt mål med Sunnfjordskulen er å skape moglegheiter for alle elevane, der dei kjenner på meistrings- og læringsglede. Derfor må dei få den hjelpa dei treng for å utvikle seg gjennom tilpassa opplæring frå dyktige lærarar. Høgre vil styrkje skuleøkonomien, slik at alle skulane har råd til å oppgradere læremidla og kan tilby like god undervisning i alle fag.

Det er viktig at elevane trivst på skulen. Derfor vil Høgre også styrkje laget rundt elevane med fleire helsesjukepleiarar og rådgjevarar.

Alle menneske skal oppleve verdige helse, omsorgs- og pleietilbod over heile landet

Når du blir sjuk eller gamal skal du få nødvendig og verdig helsehjelp, pleie og omsorg same kvar du bur. Eldre menneskje skal ha valfriheit til å velje buform, aktivitetar og få god mat til rett tid.

Derfor må vi sikre ei berekraftig helse- og omsorgsteneste som leverer høg kvalitet og har likeverdig tilgang for alle som bur i Sunnfjord. Høgre ynskjer å legge til rette for at folk skal kunne bestemme meir over sin eigen kvardag, slik at dei kan leve verdige og sjølvstendige liv.