Valprogram 2023-2027

Sjå vårt program for 2023-2027

Klikk deg inn på dei ulike kapitla for å lese kva vi jobber med.

Oppvekst og utdanning

Barnehage

Barnehagane i Sunnfjord skal vere ein omsorgsarena, ein stad for leik og læring, og der god kvalitet blir særleg vektlagt. Med barnet i sentrum skal ein ha fokus på medverknad, opplevingar og utfalding i samarbeid med dei føresette. Tidleg innsats startar i barnehagen.

Sunnfjord Høgre vil:

  • Jobbe for søskenmoderasjonsordninga i barnehage og SFO
  • Kartlegge språkferdigheiter allereie i barnehagen
  • Styrke innsatsen for å oppdage sårbare born i barnehagealder
  • Jobbe for framleis full barnehagedekning og sommarope
  • Jobbe for fleire pedagogar og legge til rette for etter- og vidareutdanning
  • Sikre mangfald i barnehagetilbodet og likebehandle private og offentlege barnehagar

Grunnskule

Sunnfjordskulen skal bli den beste i landet. Elevane skal få moglegheit til å løftast opp frå det nivået dei er på, difor er det viktig å styrke kvaliteten slik at elevane får eit endå betre grunnlag for å lukkast. Sunnfjord Høgre vil prioritere ekstra innsats innanfor dei grunnleggande ferdigheiter slik at alle skal kunne lese, skrive og rekne når dei går ut av skulen. 

Sunnfjord Høgre vil:

  • Satse på læraren som den viktigaste innsatsfaktoren i skulen 
  • Halde fram med å tilby etter- og vidareutdanning til lærarar 
  • Ha som mål at alle lærarar skal ha fordjuping i dei faga dei underviser i
  • Gjennomføre ei lokal ungdomskulereform for å sikre meir praktisk læring og fullføring
  • Sikre ein forsvarleg og føreseieleg skulestruktur til det beste for elevane
  • Satse på IKT-utstyr og læremiddel, og sørge for naudsynt oppgradering og vedlikehald av dette
  • Sikre og styrke ei forsvarleg PP-teneste
  • Vurdere å opprette eit PPT-kontor som kan tilby tenester til andre kommunar
  • Redusere fråværet i ungdomsskulen
  • At det er opp til kvar enkelt rektor å avgjere om ein skal nytte mobilbruk i undervisning
  • Etablere ei mentorordning for nytilsette lærarar
  • Opne for meir fleksibel skulestart
  • Styrke skulen si plikt til å følge opp elevar som treng ekstra oppfølging i grunnleggande ferdigheiter som skriving, lesing og rekning i 1.- 4. klasse
  • Behalde lekser 
  • Styrke karriererettleiartenesta
  • Prøveordning med kvalifiserte folk frå næringslivet til å undervise tema og fag på ungdomsskulen
  • Sikre openheit kring skuleresultat
  • Innføre eit sommarskuletilbod i Sunnfjord
  • Prioritere nybygg og vedlikehald av skulebygg, og sikre elevane gode uteareal.
  • Jobbe for at alle skulane i Sunnfjord skal ha miljøarbeidarar
  • Avgrense mobilbruken på grunnskulen

Studentbyen Førde

Det må vere attraktivt å studere i Førde.  Skal vi lukkast med å oppretthalde arbeidsplassar, skape nye jobbar og utvikle tenestene i alle landets kommunar, er vi heilt avhengig av oppdatert kompetanse. Og for å sikre slik kompetanse, må ein gjere den meir tilgjengeleg, fleksibel og tilpassa dei ulike behova næringsliv og enkeltmenneske har. Difor er det viktig å utvikle Førde som studentby

Sunnfjord Høgre vil:

  • Styrke dagens studietilbod, og legge tilrette for nye utdanningar.
  • Tilby sommarjobbar for elevar og studentar
  • Regulere tomter til studentbustadar raskt
  • Jobbe for eit nytt universitetsbygg i Førde

Hjelp når du treng det

Eldreomsorg

Sunnfjord Høgre vil:

  • Legge til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogeleg
  • Gje tilbod om førebyggande heimebesøk til alle over 70 år
  • At eldre og menneske med demenssjukdommar får tilbod om tilrettelagde dagtilbod/aktivitetssenter
  • Stimulere til bygging av bustader som er tilrettelagt for eldre og der det inngår fellesareal og servicefunksjonar 
  • Legge til rette for gode uteområder og generasjonsmøteplasser, for eksempel mellom barnehage og omsorgssenter
  • Legge til rette for flere aldersvennlige uteområder
  • Sikre eldre god og næringsrik mat, større valfridom i mat- og måltider 
  • Samarbeid med frivillige for å førebygge og redusere einsemd, inaktivitet og fare for underernæring hos heimebuande eldre  
  • Sikre at kommunen har nok aldersbustader og omsorgsplassar for ei aukande gruppe eldre i heile kommunen
  • Planlegge for å bygge demenslandsby og bufellesskap for personar med demens 
  • Sikre valfridom med hensyn til kor i kommunen ein ønskjer omsorgssplass
  • Leggje til rette for at gifte og sambuande kan få bu i lag på omsorgsheim
  • Tilrettelegge for aktivitetar på omsorgsheimane både på dagtid, kveldstid og i helgane
  • Gi gode tilbod om fysisk aktivitet 
  • Støtte frivillige organisasjoner som jobber for å hindre digitalt utanforskap, til dømes Seniornett 
  • Sikre betre opplæringsverktøy slik at eldre kan bli sjølvstendige digitale brukarar  
  • Sunnfjord kommune skal tilby dei eldre digital assistanse, til dømes ei ordning med digital heimehjelp eller på bibliotek og servicetorg
  • Innføre gratis helsestasjon for eldre  

Helsetenester

Det blir stadig fleire eldre i Noreg, noko som vil skape eit press på helse- og omsorgssektoren. Dette stiller ekstra krav til norske kommunar som skal yte helse og omsorgstenester til sine innbyggjarar. 

Alle innbyggjarar i Sunnfjord kommune skal vere sikra gode helsetenester innan somatikk, psykiatri og rusomsorg.

Det skal vere trygt og godt å bli eldre i Sunnfjord. Dette krev at Sunnfjord kommune må ha eit auka fokus på eldreomsorga og forhold som er viktige for ei aldrande befolkning. Dei fleste eldre ønskjer å bu heime så lenge som mogleg, og kommunen må på alle plan legge til rette for at dette kan skje. Dei som treng omsorgsplass skal få tilbod om dette. Innhaldet i tenestene skal vere gode, og brukarane samt deira pårørande sine ønskjer skal så langt som mogleg imøtekomast.

 
Sunnfjord Høgre vil:

  • Sikre tilgang til gode helsetenester for alle innbyggjarane 
  • Sikre fastlegeordninga
  • Sikre at kommunen er konkurransedyktig med tanke på rekruttering av helsepersonell  
  • Styrke skulehelsetenesta for alle elevar i kommunen
  • Sikre eit godt samarbeid mellom kommunen, spesialisthelsetenesta og utdanningsinstitusjonane
  • Styrke barnevernstenesta i kommunen 
  • At råd for ungdommar, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne får medverke i relevante saker 
  • Sikre ei god avlastingsordning for pårørande og andre som tek seg av pleietrengande som bur heime 
  • Satse på kvardagsrehabilitering i kommunen

Psykisk helse

Sunnfjord Høgre vil:

  • Ha fleire lågterskeltilbod innan psykisk helse
  • Sikre gode tilbod innan psykisk helse for alle som treng det
  • Tilby sentrumsnære bueiningar som er tilpassa brukarane 

Rusreform

Sunnfjord Høgre vil innføre ei lokal rusreform etter modell frå Oslo og dei andre store byane. Kommunen skal ha ein verdig og human rusomsorg som ikkje har som mål å straffe brukaren, men sørge for at rusavhengige får god oppfølging hos kommunen og kommunen sine samarbeidspartnarar. Det er viktig oppgåve for kommunen å førebygge rusmisbruk.

Sunnfjord Høgre vil:

  • Sikre eit godt tilbod innan rusomsorg for alle som treng det
  • Gjennomføre ei lokal rusreform med mål om å hjelpe dei avhengige framfor å straffe dei
  • Prioritere ein eigen ressurs som ruskoordinator som har i oppgåve å jobbe med førebygging og livsmeistring
  • Vidareutvikle gode samarbeidsordningar på tvers av regionar og etatar, spesielt innan rusomsorg, vald i nære relasjonar, barnehuset og overgrepsmottaket
  • Tilby bueiningar som er tilpassa psykiatrien

Samferdsel og infrastruktur

Høgre vil føre ein samferdselspolitikk som sikrar trygge og gode vegar i tillegg til eit godt kollektivtilbod.   

Sunnfjord Høgre vil:

  • Binde bu- og arbeidsregioner betre saman gjennom raske og trygge vegar
  • Betre trafikktryggleiken ved særleg utsette punkt
  • Auke satsinga på kollektivtransport med gode sambindingar
  • Auke tilgang på hurtig- og lynlading i Sunnfjord kommune
  • Sikre ei heilheitleg parkeringsordning, og oppretthalde avgiftsfrie, sentrumsnære parkeringsplassar
  • Utvikle Førde Lufthamn, Bringeland, med tenelege flyruter til Oslo og jobbe for nye direkteruter til Bergen, Trondheim og Stavanger, samt pilotprosjektet med elfly. 
  • Sikre god digital infrastruktur i heile kommunen
  • Byggje gang- og sykkelveger mellom skular og sentrumsområde
  • Utbetre kommunale vegar og bruer for å redusere vedlikehaldsetterslepet
  • Oppgradere akseltrykk slik at vegar og bruer ikkje blir ein flaskehals ved uttak av tømmer for tømmernæringa.
  • Jobbe for å få tilbake ekstressbussen mellom Bergen og Trondheim

Sunnfjord Høgre vil arbeide for realisering av følgjande prosjekt:

  • Førdepakken
  • E39 Storehaug – Moskog, ny veg og tunell 
  • Rassikre Rv5 Erdal-Naustdal
  • Utbetring Fv 57 Dale – Storehaug
  • Utbetring Fv 611 Naustdal
  • Utbetre Fv 13 Rørvikfjellet
  • Rassikre Fv. 609 Førde-Askvoll
  • Rassikre fv. 610 Matbjøra

Ein meiningfull kvardag for alle

Arbeid og sosial

Sunnfjord Høgre er opptatt av at vi får fleire i arbeid. Derfor vil vi styrke arbeidet med at fleire personar med hol i cv eller har ein funksjonshemming blir tilsett i Sunnfjord kommune. Dette vil gje ein mangfoldig arbeidsstyrke og bidra til å inkludere personar som ofte står utanfor arbeidsmarknaden.

Sunnfjord Høgre vil:

  • Sunnfjord kommune bør innføre eit mål om at 5% av alle tilsette, der det er mogleg, skal vere personar med hull i CV’en, og for personar med spesielle utfordringar.
  • Jobbe for å tilby fleire praksisplassar til unge og studentar. 
  • Tilby fleire lærlingplassar 
  • Oppfordre næringslivet til å være med på ein jobbdugnad med mål om at fleire personar skal komme i arbeid.  
  • Støtte prosjekt som Individuell jobbstøtte og andre prosjekt som arbeider med å få fleire i jobb
  • Jobbe for at unge ikkje fell permanent utanfor arbeidsmarknaden.

Integrering

Sunnfjord Høgre er opptatt av ein integreringspolitikk som får folk ut i arbeid og gir dei eit godt grunnlag for å lære seg norsk. Vi meiner integreringspolitikken må stille krav etter resultat og innsats. Samstundes som kommunen og samfunnet ellers bidra så godt som mogleg for å integrere dei inn i det norske samfunnet. 

Sunnfjord Høgre vil: 

  • Ta del i ein inkluderingsdugnad med mål om å få fleire i jobb
  • Styrke norskopplæringa for innvandrarar og flyktningar 
  • Stille krav til resultat av introduksjonsprogrammet 
  • Styrke arbeidet med å tilby kveldsundervisning og moglegheit for at innvandrarar i jobb kan ta norskopplæring i arbeidstida 
  • Legge til rette for at frivillige organisasjonar og lokalsamfunn blir involvert i integreringa 
  • Jobbe for at alle som kjem til Sunnfjord vert integrert i lokalsamfunnet og tek aktiv del i samfunnslivet.
  • Sikre ein god plan for integrering

Kultur, idrett og frivilligheit

Frivillige lag og organisasjonar er berebjelken for aktivitetar og gode fritidstilbod i kommunen.

Gode kultur- og aktivitetstilbod vil gjere Sunnfjord attraktivt for innbyggjarar, tilreisande, studentar og næringsliv. Talentutvikling for dei som skal sette sitt preg på kulturen framover er ei viktig oppgåve for kommunen. For mange born er deltaking på fritids- og aktivitetstilbod det kjekkaste som skjer i løpet av veka. Kommunen skal saman med frivillige vere med å legge til rette for at alle born får tilgang på eit idretts- eller kulturtilbod. 

Sunnfjord er heim til mange av landets viktigaste kulturinstitusjonar og kulturskattar, og forvaltar såleis ein omfattande og viktig kulturarv. Her må både det offentlege og private gå saman for å finne dei beste løysingane. 

Sunnfjord Høgre vil:

  • Støtte opp under frivilligheita som samfunnsbyggjar
  • Sørge for at alle born og unge får delteke på minst ein fritidsaktivitet
  • Rekruttere fleire frivillige 
  • Legge til rette for gode anlegg, arenaar og møteplassar
  • Oppgradere Førdehuset og sikre gode symjefasilitetar
  • Sikre kulturskulen gode areal og gje opplæring rundt om i heile kommunen
  • Sikre distriktsmusikarstillingane
  • At kyrkja skal ha ei sentral rolle, og at kyrkjene og kyrkjegardane vert haldne godt ved like
  • Jobbe for realisering av eit nytt visningssenter på Astruptunet
  • Jobbe vidare med «Astrupstien»
  • Stille seg positive til gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden.
  • Jobbe for å utvikle badeplassar, stiar og friluftsområde.

Næring

Sunnfjord kommune har eit mangfaldig og attraktivt næringsliv. Sunnfjord kommune skal legge til rette for fortsatt vekst og innvestering i kommunen sitt næringsliv.

Sunnfjord Kommune er den største landbrukskommunen i Vestland fylke. Landbruk, skogbruk og næringsmiddelindustrien må styrkast i vår region.

Sunnfjord Høgre vil:

  • Legge til rette for at bedriftene i kommunen kan vekse
  • Bevare eit berekraftig og konkurransedyktig landbruk i heile kommunen, og legge til rette for fornuftig bruk av naturressursane
  • Arbeide for å styrke landbruket gjennom forenkling av lovar, reglar og støtteordningar
  • Støtte opp om landbrukets betydning for reiseliv og kulturlandskap 
  • Legge til rette for auka hogst og planting gjennom ei aktiv skogforaltning 
  • Støtte tiltak for auka satsing på frukt og grønt
  • Arbeide for å styrke bonden sin råderett over eige areal
  • Ta initiativ til at Vestland blir ein pilot for ei returordning på landbruksplast 
  • Sikre næringslivet tilgang til arbeidskraft ved å gjere kommunen attraktiv for innbyggarar og tilflyttarar.
  • Dra nytte av dei naturgitte fordelane i kommunen som mineral, kraft og skog
  • Utnytte potensialet på Moskog med tilgang til store mengde fornybar energi.
  • Handelsnæringa vert støtta gjennom planarbeid og gode trafikk- og parkeringsløysingar.
  • Etablere djupvasskai av restmassane frå tunnel Erdal-Naustdal
  • Kommunen skal vere ein servicevenleg ja-kommune.
  • Det å vende seg til kommunen, uansett etat, skal verte oppfatta som ei positiv oppleving.
  • Gjere søknadar meir forståelege, og forenkla og standardisere søknadsprosessar.
  • Prioritere førehandssamtalar med dei som ynskjer det i forkant av søknadsprosess.
  • At kommunen skal nytte klart og enkelt språk i kommunikasjonen mellom innbyggjarane
  • Gjenomføre brukarundersøkingar for å gjere det enklare for innbyggjarane og bedrifter å seie ifrå om positive og negative erfaringar. 
  • Legge tilrette for bustadbygging i takt med folketalsutvikling og kva folk ynsjer seg
  • Styrke Sunnfjord Utvikling 
  • Støtte ein UNESCO-søknad frå Fjordkysten regional- og Geopark for området kring Storehesten.
  • Legge til rette for utvikling av djupvasskaia på Sveen for nærings- og cruiseverksemd

Klima og miljø

Heile verda står framfor ei omstilling, der alle må jobba saman om å få ned både klimautsleppa og miljøutsleppa. Kommunen kan gjere tiltak lokalt for å bidra til dette.

Menneskeskapt global oppvarming er allereie eit problem, og dette vil auke i omfang om vi ikkje tar grep. Her har også Sunnfjord kommune eit ansvar. 

Sunnfjord Høgre vil arbeide å ha rikeleg og rimeleg fornybar energi. Sunnfjord Høgre meiner at vi kan, både åleine og gjennom samarbeid, og må ta ei større rolle i å framskaffe meir miljøvennleg kraft og ta denne i bruk til elektrifisering, omstilling og grønt skifte. 

Sunnfjord Høgre vil:

  • Velje klimavennlege løysingar i framtidige byggeprosjekt.
  • Velje klima- og miljøvennlege produkt og løysingar der dette er tilgjengeleg og forsvarleg.
  • Jobbe for mest mogeleg klimavennlege tenestekøyrety i kommunen.
  • Kartlegge moglegheiter for utbyggingar av fornybar energi 
  • Kartlegge behovet for flaum- og rasdemping. 

Eller les heile programmet her: