VALPROGRAM FOR TOKKE HØGRE 2023
Vi vil gjerne at så mange unge som råd søkjer seg tilbake til Tokke etter avslutta utdanning. Alle unge skal kunne få lyst til å ‘kome heim’ til ein kommune med gode servicetilbod i trygge og gode oppvekstmiljø.
![](https://hoyre.no/content/uploads/sites/355/2022/11/Hoyres-logo.png)
Tokke Høgre vil derfor
- lage attraktive møteplassar for dei unge i forskjellige aldersgrupper med fokus på ungdomane sine eigne ynskje og interesser
- tilby sommararbeid til all ungdom under utdanning
- medverke til at det blir etablert fleire arbeidsplassar for lærlingar
- stimulere til at dei unge søkjer seg arbeid i Tokke etter ferdig utdanning
- gje stipend til unge Tokkebuarar som tek høgare utdanning
- stimulere til etablering av bustader og tilby attraktive bustadtomter
- arbeide for å oppretthalde køyreskule og oppkøyring på Dalen.
Les hele programmet som er vedlagt.