VALPROGRAM FOR TOKKE HØGRE 2023

Vi vil gjerne at så mange unge som råd søkjer seg tilbake til Tokke etter avslutta utdanning. Alle unge skal kunne få lyst til å ‘kome heim’ til ein kommune med gode servicetilbod i trygge og gode oppvekstmiljø.

Tokke Høgre vil derfor

  • lage attraktive møteplassar for dei unge i forskjellige aldersgrupper med fokus på ungdomane sine eigne ynskje og interesser
  • tilby sommararbeid til all ungdom under utdanning
  • medverke til at det blir etablert fleire arbeidsplassar for lærlingar
  • stimulere til at dei unge søkjer seg arbeid i Tokke etter ferdig utdanning
  • gje stipend til unge Tokkebuarar som tek høgare utdanning
  • stimulere til etablering av bustader og tilby attraktive bustadtomter
  • arbeide for å oppretthalde køyreskule og oppkøyring på Dalen.

Les hele programmet som er vedlagt.