10 gode grunnar til å røyste Høgre i Tysnes

1. Ei verdig eldreomsorg

Tysnes skal vere eit aldersvennleg samfunn, med ei verdig eldreomsorg som skal gi alle ein trygg og god alderdom. Me må styrke heimetenesta slik at det er trygt å bu heime lengst mogeleg, og me må sikre at me har nok omsorgsplassar og tilrettelagte bustader tilgjengeleg. For at våre innbyggjarar skal få det beste tilbodet må me lukkast i å rekruttere nok fagfolk og legge til rette for ein arbeidskvardag som passar dei tilsette i ulike livsfasar. Ny velferdsteknologi vil vere nødvendig og eit supplement til varme hender, men vil aldri vere ein erstatning.

2. Ein familievennleg barnehagepolitikk

Høgre meiner det er viktig å satse på oppveksttilboda i kommunen for å oppretthalde den positive trenden av tilflytting til Tysnes. Me vil ha eit mangfaldig barnehagetilbod med høg kvalitet og godt innhald. Dei tilsette er dei viktigaste ressursane i barnehagane, og me meiner det er viktig å gje tilbod om etter- og vidareutdanning til dei som ynskjer dette. Det er viktig å ha ein barnehage der leik og trivsel står i fokus, og me er svært opptatt av at tidleg innsats startar allereie i barnehagen!

3. Ein god skule for alle

Tysnes Høgre har store ambisjonar for Tysnes-skulane, fordi me veit at ein god skule er det viktigaste tiltaket for å bekjempe sosiale forskjellar og gje gode forutsetningar for alle born. Me skal kjempe for ein inkluderande skule med høg kvalitet, som gir like mogelegheiter for alle ungane våre. Skulane i Tysnes skal vere ein arena for meistring og glede, og vere tilpassa kvar enkelt elev. Me ser og enorm verdi i tilbod som «Blå skule» og me ynskjer å legge til rette for liknande satsingar på Uggdal og Onarheim skule. Me vil også fortsette satsinga på «Ungt entreprenørskap» i skulen.

4. Rask psykisk helsehjelp

Me veit at stadig fleire får psykiske helseutfordringar. Me veit også at å vente på psykisk helsehjelp kan vere livsfarleg. Me vil jobbe for at alle som treng det får rask og god hjelp, gjennom blant anna gode lågterskeltilbod og møteplassar. Slik kan ein unngå at problema veks seg endå større. Me meiner det må bli enklare å få hjelp, og at me må bli flinkare til å hjelpe born og unge der dei lever liva sine, som er i familien, i barnehagen og på skulen.

5. På lag med næringslivet

Me skal vere ein servicevennleg, løysingsorientert og proaktiv kommune som heiar fram det kreative og skapande næringslivet. Høgre vil alltid leite etter løysingar når nokon ynskjer å etablere eller utvikle seg i kommunen vår. Me vil legge til rette for ytterlegare vekst og investering ved å stille areal tilgjengeleg og syte for kort behandlingstid i forvaltninga. Me vil også seie tydeleg nei til regjeringa sine næringsfiendtlege skatteaukingar og til innføringa av grunnrenteskatt.

6. Effektiv drift med lågast mogleg kommunale avgifter

Når det meste blir dyrare og renta aukar, meiner me det er viktig at politikarane prioriterer betre framfor å auke skattar og avgifter. Dine skattepengar skal brukast på ein klok måte. Høgre vil garantere at eigedomsskatten ikkje skal auke i åra framover. Målet er på sikt å avvikle denne skatten. I tillegg er me opptatt av at avgiftene knytt til vatn- og avløp held seg stabile

7. Me heiar på Hordfast!

Tysnes Høgre er for Hordfast, og kjem til å jobba for så rask realisering av Hordfast som mogeleg. Dei neste åra skal veg, bru og tunell detaljplanleggast. For Tysnes Høgre blir det difor viktig å jobba for å planlegga og realisera gode tilførselsvegar til E39 og syte for minst mogeleg negative konsekvensar for folk og miljø i den vidare planlegginga av Hordfast. Me vil også jobbe for ferjesamband mellom E39 på Reksteren og Austevoll, og for innkorting av ferjesamband frå E39 på Tysnes til Kvinnherad, med veg og bru over Huglo.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

8. Betre vegar

I Tysnes har me kommunale vegar som strekker seg ut i alle krikar og krokar i kommunen. Gode kommunale vegar er viktig for å komma seg trygt fram i kommunen. Difor ynskjer Tysnes Høgre å arbeida målretta for å redusera vedlikehaldsetterslepet på dei kommunale vegane våre, ved å prioritera asfaltering og grøfterensk.

Ein stor del av vegane som krev vedlikehald på Tysnes er fylkesveg og difor fylket sitt ansvar å drive vedlikehald med. Tysnes Høgre meiner det er viktig at ikkje kommunen brukar opp sine pengar på desse vegane, som heller burde gått til andre viktige kommunale tenester. Samstundes er me opptatt av at kommunen brukar si påverknadskraft, og at me er tydleg ovanfor fylkeskommunen på korleis me ynskjer dei prioriterer midlane sine.

9. Gode ferje-, båt- og kollektivtilbod

Som øykommune er gode ferje- og båttilbod noko både folk og næringsliv er heilt avhengig av. Me kjem til å kjempe for så gode ferje-, hurtigbåt- og kollektivtilbod som mogeleg. Me er i tillegg svært opptatt av at situasjonen med fulle ferjer og full ferjekai i Våge blir gjort noko med, og me vil difor både jobbe for at det blir satt inn ei ekstra ferje på Våge-Halhjem i sommarhalvåret og at fylkeskommunen skal gjere naudsynte oppgraderingar av ferjekaien i Våge slik at lange køar ikkje skapar farlege situasjonar.

Me kjem til å stå på for at korrespondansen mellom buss, ferjer og båt blir så god som den kan bli. Me meiner det er viktig å oppretthalda bussruter i kommunen, men me ser samstundes at det kan vere fornuftig å jobbe for meir fleksible kollektivløysingar, som bestillingsruter, der ein i større grad kan nytta seg av mindre og meir miljøvennlege køyretøy.

10. Ein grønare kommune

Klima er vår tids største utfordring, og skal me unngå global oppvarming, er me avhengig av at det blir satt inn tiltak som reduserer klimagassutsleppa. Me meiner det er viktig at kommunen også tar sin del av ansvaret. Tysnes skal vere ein klimaklok kommune, der me skal vere framoverlend med gode løysingar og effektive tiltak for våre innbyggjarar og vårt næringsliv. Tysnes Høgre vil sikre at klimaomstilling er ein sentral del av heile kommunens verksemd.