Program
    2023-2027

    «Ulstein inn i framtida»

    Innleiing

    Programmet tek utgangspunkt i Høgres formålsparagraf:
    Høgre legg vekt på kontinuitet. Vi har arva eit samfunn prega av tillit, openheit og små forskjellar, eit samfunn med høg verdiskaping og med velutbygde velferdsordningar. Det er vår plikt å ivareta og videreutvikle dette samfunnet for framtidige generasjonar. Vi vil endre for å bevare. Med det meiner vi at vi må gjere nødvendige endringar i dag av omsyn til klima og miljø, økonomisk og sosial berekraft og framtidige generasjonar si velferd.

    Høgres politikk bygger på ein kristen og humanistisk kulturarv. Alle menneske er fødde ulike, men med same ukrenkelege eigenverdi. Høgre meiner at mangfald og toleranse er viktige verdiar for det norske samfunnet. Mangfaldet bidreg til å utfordre og utvikle oss.

    Høgre er eit marknadsvennleg parti. Marknadsøkonomien fordeler økonomisk makt på fleire hender og sikrar deltaking av mange. Økonomiske og politiske maktkonsentrasjonar må unngåast gjennom mellom anna å sikre velfungerande konkurranse. Makt og ansvar bør plasserast så nær den enkelte, familien og lokalsamfunnet som mogleg. Staten bør ikkje få for mykje makt. Staten har ei plikt til å forvalte ressursane i fellesskapet så effektivt som mogleg.

    Samfunnet er meir enn staten. Derfor krevst det grenser for politikk. Høgre ønskjer ein sterk, men avgrensa stat som sikrar innbyggarane grunnleggande tryggleik, velferd og like moglegheiter. Høgre meiner at samfunnet bør skapast og utviklast nedanfrå. Høgre meiner at kvar enkelt skal ha størst mogleg fridom til og ansvar for å forma sitt eige liv og si eiga framtid, basert på respekt for andre og for fellesskapet.


    Politikken vår bygg på dette verdigrunnlaget:
    ● Tillit til enkeltmennesket, samfunnet styrkjer enkeltmennesket
    ● Fridom til, og ansvar for, å forme sitt eige liv
    ● Respekt for andre og for fellesskapet
    ● Samhald og solidaritet menneske imellom
    ● Omsorg for den som treng det
    ● Samspel mellom personleg fridom, sosialt ansvar og dei private og offentlege fellesskapa
    ● Makt og ansvar plassert så nært kvar enkelte og familia som mogleg

    Ulstein Høgre trur på lokalt sjølvstyre

    Eit godt og levande lokalsamfunn vert bygt nedanfrå av menneske som er glade i lokalsamfunnet sitt. Vår demokratiske styring og prioritering må ta omsyn til ein felles bu- og arbeidsregion i stadig endring.

    Offentlig tjenesteyting og konjunkturavhengig konkurranseutsatt næringsliv krev gode løysingar innan samferdsel, infrastruktur og kompetanseutvikling for innbyggarane.

    Innbyggarane forventar like høg kvalitet og omfang på offentlege tenester uavhengig av kva krins, bygd eller bygdeby ein er busett i.

    Eit handlekraftig og ansvarleg demokratisk styresett vil redusere statleg og fylkeskommunal overstyrt detaljregulering. Vi skal støtte lovpålagte, prioriterte oppgåver og sikre innbyggarane sin framtidige velferd. Ulstein skal vise vertskapsattraktivitet for busetjing og næringsliv for å nå framtidig vekst. Vår politikk skal vere heilskapleg, ansvarleg og langsiktig. Den skal byggjast på tillit til enkeltmennesket.

    Med Ulstein Høgre som leiande parti skal Ulstein framleis vere ein av dei beste bu- og næringslivskommunane i landet. Ulstein skal førebu seg på å verte ein større kommune. For å nå dette målet må vi ruste oss godt og køyre gode prosessar i tida som kjem.

    Ulstein Høgre vil arbeide for å fjerne eigedomsskatten.

    Ulstein Høgre sine hjartesaker

    EI KOMMUNE FOR ALLE
    Målet er å gjere Ulstein til ei kommune som raskt og effektivt handsamar innbyggarane og næringslivet sine søknadar, og som imøtekjem deira behov så langt som mogleg. Ein effektiv, døgnåpen, digital og tilgjengeleg kommune som yter god service til alle.


    EI NÆRINGSVENLEG KOMMUNE
    Ulstein Høgre vil skape ei næringspolitisk ja-kommune der det er attraktivt å investere i både eksisterande og ny næringsverksemd. Eit skapande næringsliv er ein føresetnad for livskraftige lokalsamfunn. Solide bedrifter skaper trygge arbeidsplassar og legg grunnlaget for vekst og utvikling av Ulsteinsamfunnet.


    TIDLEG INNSATS
    Det beste vi kan gi borna våre er ein god oppvekst med gode tilbod innan skule, kultur og idrett. Ein god oppvekst skaper moglegheiter for alle, og Ulstein Høgre vil jobbe for å ivareta like vilkår i heile kommunen. Vi skal vere en aktiv skuleeigar som utfordrar det tradisjonelle og gir rom for å tenke nytt.


    LEVE HEILE LIVET
    Vi ønsker kvalitet innan helse og omsorg. Alle som treng velferdstenester skal få det med omsorg, respekt og verdigheit. I tida framover er det viktig å tenke nytt og kreativt. Saman med den erfaringa kommuna har må vi oppretthalde og forbedre tenestane som innbyggarane treng, i alle livets faser.

    Ulstein som «ja-kommune»

    Vårt mål er at Ulstein skal være ein kommune som raskt og effektivt handsamar innbyggarane og næringslivet sine søknadar, og som imøtekjem deira behov så langt som mogleg. Kommunen skal ha stort fokus på service og levere tjenester på ein profesjonell og effektiv måte. Kommunen skal ha stor grad av openheit og sikre den enkelte sin rettstryggleik.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Ulstein kommune skal være ein innovativ og framoverlent kommune.
    ● Ulstein skal være ein attraktiv kommune for næringslivet å investere i.
    ● Ulstein skal være ein trygg og attraktiv kommune å bu og vekse opp i.
    ● Offentleg og privat samarbeid der det gir gevinst for innbyggarane.
    ● Kontakt mellom innbyggarane, næringslivet og kommunen kan skje digitalt med auka grad av sjølvbetjening og automatisering.
    ● Tilbod om kurs og bistand for bruk av digitale tenester i kommuna.
    ● Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å nå felles mål.

    Moglegheiter for alle i skulen

    Skulen skal gi like moglegheiter for alle, gi elevane grunnleggjande ferdigheiter og kunnskap. Det beste vi kan gi borna våre er ein trygg og god skulegang. Ein god skule skaper gode moglegheiter for alle. Skulen må ha ein ambisjon om å gi kvar enkelt elev noko å strekke seg etter. Vi treng framleis å satse på enda betre resultat for elevane våre.
    Ulstein Høgre ynskjer å ha ein av dei beste skulane i landet. Vi skal ha nulltoleranse for mobbing, styrke skuleleiinga, og gi gode tilbod for etter- og vidareutdanning av tilsette.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Skulane i Ulstein Kommune skal vere blant dei beste i landet.
    ● Oppretthalde ein berekraftig skule, med like vilkår for elevane.
    ● Trygge skulevegar for alle.
    ● Tettare samarbeid med næringslivet for å styrke elevane si interesse for eit variert yrkesliv.
    ● Tidleg innsats og kontinuerleg fokus mot mobbing.
    ● Styrke rusførebyggande tiltak.
    ● Oppretthalde gode og aktive tjenestar frå helsesjukepleiarar i skulane.
    ● Videreføre Ulstein som MOT-kommune.
    ● Vere ein aktiv skuleeigar.
    ● Legge til rette for at skilnadane blir minst mogleg blant innbyggarane ved at alle born får eit variert og godt fritidstilbod og ein plass å høyre til.

    Barnevern og barnehage

    Barnevern

    Barnevernet har ei svært viktig oppgåve for å ivareta born sin tryggleik og å verne mot vald, overgrep og omsorgssvikt eller anna som kan skade borna si helse eller utvikling. Barnevernet skal vere ein ressurs og støttespelar for borna og familiane deira, og kontakten mellom barnevernet og familien må byggje på gjensidig tillit.
    ● Sikre kompetanse og kapasitet innan barnevernet gjennom interkommunale samarbeid.
    ● Styrke det interkommunale samarbeidet.
    ● Tett dialog og samarbeid med skulane, barnehagane, helse og meir fokus på førebygging.

    Barnehage

    Læring og leik i barnehagen dannar grunnlaget for at barna lukkast i skulen. Tidleg innsats er ein nøkkel til seinare meistring og auka læringsutbytte for alle elevar.

    Barnevern og barnehage – Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Bygging av ny barnehage i Hasund krins.
    ● Ein ny kommunal barnehage i sentrum, gjerne nær eldreinstitusjon.
    ● Fleksibelt barnehageopptak gjennom kalenderåret.
    ● Full barnehagedekning.
    ● Tilstrekkelege ressursar for å jobbe målretta med tidleg innsats, også for uorganisert aktivitet.
    ● Auke satsinga på “Barneblikk” for å sikre best mogeleg vekstvilkår for dei minste i kommunen.

    Helse og omsorg

    Utgangspunktet for Høgre sin politikk er hensynet til, og omsorga for enkeltmennesket. Derfor vil vi sikre at det er brukaren og ikkje systemet som står i sentrum for helse- og omsorgstenesta.

    Helse- og omsorgstilbodet skal ha kvalitet og verdigheit, og det skal gi valmoglegheiter. Eldre skal få tilbod om betre måltid, auka aktivitet og fellesskap.

    Vi i Ulstein Høgre vil gjennomføre eit krafttak for psykisk helse. Vi ønsker kvalitet i omsorga og gode velferdstenester. Alle som treng velferdstenester, både unge og eldre, skal behandlast med omsorg, respekt og verdigheit.

    Omsorgstenestene har stått ovanfor auka press dei seinare åra og meir av behandlinga skjer no i kommuna. Det er viktig at vi bygg opp kompetanse og rustar oss til å ta imot oppgåvene som er overført. Ein ser også at det skjer ei tilflytting av menneske som ynskjer å bu meir sentralt, også dei som treng eit tenesteapparat rundt seg.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Vidareføring av reforma «Leve heile livet».
    ● Vidare satsing på heimebasert omsorg for å kunne bu i eigen heim lengst mogleg.
    ● Legge til rette for at vi kan få på plass fleire alternative buformer i kommunen.
    ● Dei planlagte nye omsorgsbustadane skal realiserast.
    ● Tidleg innsats i skulen; helse, rus og omsorg.
    ● Rett kompetanse og tilstrekkeleg bemanning innan pleie- og omsorgstenestene.
    ● Gode kontorfasilitetar og arbeidsmiljø.
    ● Styrke bemanning innan psykisk helse og rus, særleg retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor.
    ● Eit klart fokus på rusførebyggjande tiltak.
    ● Ei styrka satsing på ergoterapeut.
    ● Kompetanseutvikling for personalet, gjerne gjennom utlyste prosjektmidlar.
    ● Heile stillingar og å redusere uønska deltid hjå tilsette, støtte opp om alternative turnusordningar.
    ● Å halde fram satsing på bruk av velferdsteknologi i omsorgstenesta.

    Samferdsel og trafikktrygging

    Kommuna vår skal framleis vere ein føregangskommune for klimasmarte løysingar og ha et tett samspel med næringsliv og frivillige. Gode vegar og satsing på betre vegsamband medverkar til auka verdiskaping og berekraft for kommunen og heile regionen.

    Ulstein Høgre vil styrke kollektivtilbodet, og legge betre til rette for dei som pendlar mellom kommunane i regionen. Vi må sette fokus på å bygge fleire gang- og sykkelvegar; og samstundes tilrettelegge for slike prosjekt i regionen og fylkeskommuna.

    Vidareutvikling og styrking av samferdselstilbodet er avgjerande for at regionen vår skal utvikle seg. Vi vil arbeide for eit betre kollektivtilbod lokalt og regionalt.
    Styrke kollektivtrafikken og betre koordinering mellom ferjer, hurtigbåt, buss og flyrutetilbod.

    At HAFAST må realiserast snarast råd er og eit viktig mål for oss i Ulstein Høgre

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Auke budsjett til vedlikehald av veg.
    ● Trafikkavvikling Saunesmarka – sikker tilkomst til handels- og industriområdet for bilistar, syklande og gåande.
    ● Ny trafikkavikling i Hasundkrysset
    ● Holde trykket opp mot fylket og sikre prosjektering av ny Dragsundbru.
    ● Å prioritere utbygging av gang- og sykkelvegar.
    ● Arbeide for gratis kollektivtransport mellom krinsane og sentrum/idrettsanlegg for barn og ungdom.
    ● Arbeide for å opprette fleire krinsruter, bussar som køyrer meir fleksibelt.

    Innbyggarane i fokus: plan, bygg og eigedom

    Ulstein Høgre ønsker å styrke lokaldemokratiet og utvikle nye nærdemokratiske ordningar. Målet er å tilrettelegge for enklare byggesakshandsaming, og gjere det enklare for folk å busetje seg og trivst i kommuna vår.

    Det skal óg vere god balanse mellom vekst og vern i arealpolitikken, vår kommunes naturgitte og historiske kvalitetar skal bli sikra. Den friske lufta og flotte naturen rundt oss gjer kommuna vår til ein god stad å bu i alle livssituasjonar. Dette må vi ta vare på for framtidige generasjonar.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Tilstrekkeleg med regulert areal til bustadar og næringsområde.
    ● Det skal leggast til rette for nye bustadkjøparmodellar som til dømes leige-til-eige og deleige.
    ● Legge til rette for sentrumsnær fortetta busetjing med livsløpsstandard.
    ● Regulere områder for minihusbebyggelse.
    ● Legge til rette for at det alltid skal være tilstrekkelig antall ledige tomter i dei ulike krinsane.
    ● Legge til rette for fleire småbåtplassar, naust, fritidsbustadar og sjøhus.

    Kultur og fritid

    Ulstein kommune har eit omfattande tilbod innan kultur og idrett. Vi i Ulstein Høgre vil legge tilrette for og støtte vidare styrking og større breidde innan kultur og idrett.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Likebehandling og rimelege vilkår for leige av kommunale bygg og anlegg for frivillige lag og organisasjonar.
    ● Auka brukstilgang til kommunale bygg for frivillige lag og organisasjonar.
    ● Flytte eksisterande skatepark til eit meir tenleg område.
    ● Oppretthalde eit godt kulturskuletilbod for alle aldersgrupper.
    ● Legge til rette for breddeidrett på fleire nivå.
    ● Breiare samarbeid innad i kommunen og på tvers av kommunegrensene.
    ● Legge til rette for et fungerande ungdomsråd, som føler dei vert lytta til i saker som angår born og unge i kommunen vår.
    ● Stimulere arbeidet ved ungdomsklubben Bell og samarbeid med Ung Arena.
    ● Eit verdig og livssynsnøytralt seremonirom. Ta tak i tidlegare prosjekt for å få på plass ei permanent løysing.
    ● Støtte arbeidet for ei arbeidskyrkje i Ulstein sokn.
    ● Sikre midlar for at alle barn og unge i Ulstein har moglegheit til å delta i ein fritidsaktivitet.

    Vekst og utvikling

    Kommunen må opplevast å vere ein attraktiv lokasjon for dei som skal drive næringsverksemd. Eit aktivt næringsliv er ein føresetnad for livskraftige lokalsamfunn. Folk vil ha jobb, og arbeidsgivarane vil ha folk. Verksemder skal oppleve Ulstein Kommune som hjelpsam med avklaring om næringstomter, lokaler, trygg trafikkavvikling og tilkomst. Tilsvarande skal innbyggarar og tilflyttarar føle seg velkomne og vel ivaretekne.

    Attraktive arbeidsplassar legg grunnlaget for vekst og utvikling av lokalsamfunnet. Kommunen må vise endringsvilje for å kunne tilpasse tilbod ved endra behov og etterspurnad. Offentlege verksemder gir karrieremuligheter som i lag med privat næringsliv bidreg til variasjon og større mangfald i regionen.

    Ulstein Høgre vil jobbe for god og sikker regional samferdsel og trafikkavvikling. Dette gjer det attraktivt å kunne bu i Ulstein for dei som har normal arbeidsplass utanfor Ulstein Kommune, samt pendling inn til kommunen for dei som bur i ei annan kommune.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Tilstrekkeleg med regulert areal til bustadar og næringsområde.
    ● God og utviklingsorientert bruk av eit nytt næringsfond.
    ● Halde kommunale avgifter og gebyr på eit akseptabelt nivå.
    ● Optimale rammevilkår for næringslivet gjennom rask og velvillig sakshandsaming.
    ● Forsvar av eigedomsretten.
    ● God og systematisk dialog med bedriftene.
    ● Ulstein som ein av dei beste næringslivskommunane i Noreg der vi jobber for å tiltrekke oss nødvendig kompetanse.
    ● Få unge voksne til å flytte til kommunen.
    ● Ein andel av alle stillingar i kommunen skal vere tilgjengeleg for innbyggarar som har utfordringar med å kome inn i arbeidslivet og sikre at kommunen gir muligheter for personer med hol i CV, der dette er mulig å gjennomføre.
    ● Fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar lokalisert i Ulstein Kommune.

    Besøkskommunen Ulstein – turisme, opplevingar, friluftsliv

    Ulstein kommune har eit rikt innhald innan opplevingar og friluftsliv. Vi har eit handelssentrum med eit breitt utval av butikkar og tenestar. Kommuna har fleire idrettslag som gir folk i alle aldrar gode moglegheiter til rekreasjon i sitt nærmiljø.

    Kommunesenteret Ulsteinvik ligg sentralt til mellom fleire attraksjonar i regionen rundt oss, og kan tilby tilreisande det ein treng av fasilitetar og meire til.

    Ulstein treng eit framoverlent kommunestyre, som bidreg til ei vidare satsing på hotell, camping og småbåthamner. Vi treng og eit kommunestyre som strekk seg langt for å imøtekome ynskjer og krav frå idrettslag og organisasjonar som vil vidareutvikle sine tilbod inn i framtida.

    Ulstein Høgre vil at kommunen skal spele vidare på dei gode tilboda vi allereie har, og legge til rette for nye tilbod og vidareutvikling i framtida. Opplevings- og idrettsturisme kan også bidra til auka besøkstal og aktivitet for etablerte verksemder i kommunen.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Legge til rette for sentrumsnær parkering for bubilar.
    ● Ynskje større og ulike typar arrangement velkomne til Ulsteinvik.
    ● Satse på idrettsturisme, og samarbeide med eksisterende og nye reiselivsaktører.
    ● Tilrettelegge for sanitæranlegg på ulike friluftsområde i kommunen vår.
    ● Utvide areal for parkering ved populære frilufts- og utfartsmål.
    ● Støtte opp under initiativ rundt opparbeiding av uthavner for båtturisme.
    ● Sikre at sentrum og andre friluftsareal er ryddige og presentable.
    ● Ta Borgarøya meir i bruk for både turisme og kulturliv.

    Frivilligheit og dugnadsånd

    Frivillig innsats er avgjerande for å skape eit rikt lokalsamfunn og er ein sterk sosial faktor. Ulstein har ein stor frivillig sektor der særleg idrettslaga og ulike frivillige organisasjonar har vore med på å skape både solide «merkevarer», og betre tilrettelagte aktivitetar og opplevingar i kommunen.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Samarbeid med og støtte Frivilligsentralen og dei frivillige organisasjonane som gir barn, unge og eldre gode kultur- og fritidstilbod.
    ● Utvikle eit mangfaldig lokalt kulturtilbod.

    Openheit og mangfald

    I eit godt lokalsamfunn skal det vere rom for alle. Dette innebærer respekt for kvar enkeltperson, toleranse for ulikskapar og sosialt medansvar. Deltaking i arbeidslivet er ein føresetnad for å inkludere nye innflyttarar.

    Ulstein Høgre vil arbeide for:
    ● Å sikre fortsatt god norskopplæring for framandspråklege.
    ● Betre integrering gjennom samarbeid med næringslivet
    ● Drive aktivt arbeid mot framandfrykt og mobbing i skule og arbeidsliv.
    ● Bruke idrettslag, kulturtilbod og andre fritidstilbod aktivt som integreringsarena.

    Ansvar for klimaet og miljø

    Vår generasjon forvaltar miljøet og klimaet på vegne av komande generasjonar, Ulstein Høgre tar ansvar for å forvalte miljøet og klimaet berekraftig, med stabile rammevilkår, framtidsretta infrastruktur og berekraftig forvaltning av naturressursar.

    Vi vil auke bruken av fornybar energi og utsleppsfrie transportmidler, samt redusere matsvinn og auke gjenbruk.

    Saman skal vi skape ei berekraftig framtid for Ulstein i kommande generasjoner.

    Ulstein Høgre vil arbeide for:
    ● Eit nei til bygging av vindturbinpark i kommunen.
    ● Rullering av klimaplanen og sikre et godt klimaregnskap.
    ● Samarbeid med SSR for å få til meir kostnadseffektive, fleksible, miljøvenlege og praktiske ordningar for innbyggarane.
    ● Egen dunk for glass og metall, og periodisk innhenting av denne på lik linje med papir og plast.
    ● En enkel ordning for innsamling av øydelagde tekstilar for gjenvinning i god tid før fristen i 2025.
    ● Betre tilrettelegging for avfallssortering for bedrifter og kommunale eigedommar.
    ● Kommunale etatar skal stå fram som miljøfyrtårn og gode eksempel ved å vere berekraftige og økonomisk forsvarlege innan vedtekne rammer.
    ● Miljøbevisste skuleborn.
    ● Betre tilrettelegging for utnytting av tenesta til Ulstein Fjernvarme.

    God styring og leiing av kommunen

    Det er viktig at kommunen samarbeider med næringslivet for å legge til rette for auka aktivitet og inntekter på lengre sikt. Kommunen må også jobbe for å redusere kostnader. Det er viktig å ha en balanse mellom inntekter og kostnader, men kommunen skal ikkje legge en unødig bør på skuldrane til innbyggarane og næringslivet.

    Ulstein Høgre vil arbeide for følgande:
    ● Fjerning av eigedomsskatten.
    ● God styring av økonomien i kommunen.
    ● Unngå auka samla gjeld i Ulstein Kommune, med mindre gjelda er sjølvfinansierande.
    ● Nytte anbudsprosessar meir effektivt, og legge til rette for bruk av innovative anskaffelsesprosessar der også små- og mellomstore bedrifter kan delta.

    7 Grunnar til å stemme Høgre i Ulstein

    1. Moglegheiter for alle
      Ulstein Høgre vil vidareutvikle Ulstein som ein attraktiv bo- og arbeidskommune. Vi har trua på Ulstein kor vi slepp alle gode krefter til , og framstår som ei tydelig JA-kommune. Ulstein Høgre vil seie ja til nye gode idear og nye løysingar for korleis vi kan vere attraktive for både næringsliv og familier i etableringsfasen.
    2. Ein trygg og god skule med læring
      Ulstein Høgre vil ha ein skule med kvalitet og kunnskap, der alle elevar har like moglegheiter og føresetnader til å lukkast.
      Vi må ha en skule der innsatsen blir satt inn tidleg nok slik at fleire elevar kjenner læringsglede. Ulstein Høgre vil prioritere etter- og videreutdanning av lærarar. Vi skal vere ein aktiv skuleeigar som utfordrar og ved behov omdisponerer budsjetta i skulen for å sikre at vi brukar ressursane rett i forhold til resultat. Vi skal sjølvsagt ha nulltoleranse for mobbing, og skal kvar dag jobbe for at Ulstein Kommune sine skular skal være blant dei beste i landet!
      Å stille krav er å bry seg.
    3. Det skal være godt å leve heile livet i Ulstein
      Ulstein Høgre vil vil prioritere kvalitet innan helse og omsorg, samt at vi skal jobbe for at grunnbemanninga i eldreomsorgen blir styrka.
      I 2030 er vi nesten 1500 eldre i Ulstein, og derfor må vi i tida framover tenke nytt og kreativt saman med erfaringa kommunen har for å sikre at vi klarer å oppretthalde og forbetre tenestane som innbyggarane treng, i alle faser av livet.
      Alle innbyggarane skal oppleve at dei får gode helse- og omsorgs-tenester når dei treng det. Det handlar blant anna om å ha valgfriheit, bli behandla med omsorg, respekt og verdigheit, samt at dei eldre får gode måltid, aktivitet og fellesskap.
    4. Rask psykisk helsehjelp
      Ulstein Høgre vil ha et krafttak innan psykisk helse. Du skal få hjelp når du trenger det, før små problemer vokser seg store. Vi må styrke lavterskeltilbudene, slik at vi fanger opp alle som trenger hjelp – i alle aldrar. Køene skal ned, og det klarer vi ved å ta alle gode krefter i bruk.
    5. Alle barn og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar
      Ulstein Høgre vil spele på lag med dei etablerte lag og organisasjonar. Eit godt kulturtilbod er viktig for å skape bulyst, og for å gjere kommunen attraktiv for både oss som bur her i dag, og for at nye skal busette seg her. Frivillig innsats bidreg til eit rikare lokalsamfunn og betyr mykje for kvart einskild menneske. Kommunen bør så godt det let seg gjere, – støtte ulike tiltak som bidreg til fysisk aktivitet for innbyggarane våre.
    1. Ei næringsvennleg kommune
      Ulstein Høgre vil spele på lag med, og ha en tettare dialog med næringslivet som skaper verdiar, samfunnsutvikling og spanande arbeidsplassar i regionen vår. Vi vil satse på auka digitalisering av eigne tenester for å sikre raskare sakshandsaming og forutsigbarheit.
      Ulstein Høgre vil jobbe for god og sikker regional samferdsel og trafikkavvikling som gjer det attraktivt å kunne bu i Ulstein uansett om man jobbar i Ulstein eller andre nærliggande kommuner.
    1. Ansvarlig økonomisk styring
      Ulstein Høgre vil arbeide for å fjerne eigedomsskatten i Ulstein kommune. Det er viktig at kommunen samarbeider med næringslivet for å legge til rette for auka aktivitet og inntekter på lengre sikt.
      Kommunen må samtidig jobbe for å redusere sine kostnader, og vi vil fortsette å utforde drifta til kommuna. Det er viktig å ha balanse mellom inntekter og kostnader,

    Du kan også laste ned heile programmet her: