7 gode grunnar til å stemme på Høgre i Vestnes
7 gode grunnar til å stemme på Høgre i Vestnes
1 – Ansvarlig økonomisk styring
Det er viktig å ha balanse mellom inntekter og kostnader. Kommunen må jobbe for å redusere sine kostnader, og vi vil fortsette å utfordre drifta til kommunen. Kommunen skal ikkje legge unødig bør på skuldrane til innbyggarane og næringslivet.
2 – Moglegheiter for alle
Kva bakgrunn du har skal ikkje begrense dine moglegheiter og framtidsutsikter i Vestnes. Verdenssituasjonen lærer oss også at vi må satse på integrering og inkludering. Vi ønsker at det skal leggast til rette for at så mange som mogleg skal kunne delta i arbeidslivet.
3 – Vestnes skal vere ein attraktiv kommune
Vestnes Høgre vil seie ja til nye gode idear og nye løysingar for korleis vi kan vere attraktive for både næringsliv og familier i etableringsfasen.
4 – Det skal være godt å leve heile livet i Vestnes
Vi må tenke nytt og kreativt for å sikre at vi klarer å oppretthalde og forbetre tenestane som innbyggarane treng, i alle faser av livet. Vestnes Høgre vil ma. jobbe for å etablere ein helsestasjon for heimebuande eldre og for å gi eldre i Vestnes en trygg og verdig alderdom.
5 – Ein trygg og god skule med læring
Vestnes Høgre vil ha ein skule med kvalitet og kunnskap, der alle elevar har like moglegheiter og føresetnader til å lukkast. Vi må ha ein skule der innsatsen blir satt inn tidleg nok slik at fleire elevar kjenner læringsglede.
Vi vil jobbe for å få realisert ein ny, felles ungdomsskule i Vestnes og for at vi har gode og tenelege bygg i kultur- og oppvekstsektoren.
6 – Ei næringsvennleg kommune
Vi ynskjer å spele på lag med jobbskaparane og k for eit levedyktig og blomstrande næringsliv i Vestnes. Vestnes Høgre vil videreutvikle Vestnes som ein attraktiv bu- og arbeidskommune.
7 – Vi heier på frivilligheta
Frivilligheita er ein av dei viktiigaste ressursane vi har i kommunen. Frivilligheita bidreg til samfunnsbygging og integrering og dei tilbyr tilbod og tenester for innbyggarane. Vi ynskjer å støtte og legge til rette for arbeidet frivilligheita gjer for innbyggjarane i Vestnes.