Portrettintervju med Torunn Charlotte Nyberg

Torunn Charlotte bor i Valle og står på 10. plass til Agder Høyres liste for fylkestingsvalget. Les mer om hvorfor Torunn trives med å være engasjert i politikk og hennes hjertesaker.n n

n

nn Personalia:n
50 år, 3 barn, gift, Valle i Setesdalnnn
n

n

Utdanning og annen relevant informasjon:n
n

nn

n Studietida mi starta ved universitetet i Trondheim, der eg studerte nordisk og historie. Eg bestemte meg så for å gå i fotspora til foreldra mine, og tok lærarhøgskulen. Seinare har eg også tatt etterutdanning innaføre skuleutvikling, leiing, samfunnsutvikling og styrearbeid.nnn
n

nnnnnn

Dagens arbeid og tidligere arbeidsforhold:n

nnnn

Som nyutdanna lærar fekk eg jobb som ved ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Valle. Eit par år seinare vart eg inspektør ved den vidaregåande skulen, og avdelingsleiar då avdelingane i Setesdal vart slegne saman.n
n
Sidan 2008 har eg vore kultursjef i Valle kommune, der eg jobbar med kulturskule, ungdom og fritid, frivillige lag og organisasjonar, arrangement og konsertar, samfunnsutvikling, informasjonsarbeid, beredskap og mykje meir.

n

POLITISK ERFARING – Eg har alltid engasjert meg i det som skjer rundt meg. I Valle vart eg tidleg med i Valle Høgre, og i perioden 2007-2011 var eg vara til kommunestyret. Dette var spennande, men eg skjønte ganske raskt at lokalpolitikk og leiarstilling i administrasjonen er ein vanskeleg kombinasjon. Så ved valet i 2011 stilte eg berre som listefyll lokalt.n
n
Men – den politiske interessa var framleis der, og i 2015 gjekk eg inn i fylkespolitikken.

nnnn

Hvorfor ønsker du å være politisknaktiv?

nnnnnn

Eg har alltid vore interessert i politikk og samfunn, og korleis samfunnsforholda verkar inn på oss både enkeltmennesket og fellesskapet. Politiske diskusjonar var vanlege i heimen – særleg far min og eg diskuterte mykje. Han var ikkje politisk aktiv sjølv, men svært interessert i politikk, og stod for eit raust og humanistisk menneskesyn, alltid styrt av ein sterk rettferdigheitssans. Dette har gitt meg ein uimotståeleg trong til å engasjere meg når eg har oppfatta noko som urett eller urettferdig – og ein trong til å vere med på å utvikle og forbetre.n
n
Då eg vart med i lokalpolitikken i Valle, var det fordi eg ønska å gjere ein forskjell for lokalsamfunnet mitt, og vere med på å utvikle det. Det same motivet har eg for å vere med i fylkespolitikken.

nnnn
nn

Om nominasjonen

nn

At eg vart nominert til Agder Høgre si første fylkestingliste gjorde meg glad og ydmyk – og eg gler meg til nytt og spennande samarbeid og nye oppgåver. Eg har lært og opplevd mykje den perioden eg har vore fylkestingsrepresentant i Aust-Agder, og føler at eg bidreg. Eg jobbar for heile Agder, men det er sjølvsagt og viktig for meg å representere den delen av regionen eg sjølv høyrer til i – Setesdal – på ein best mogeleg måte. Setesdal er viktig for Agders kulturelle identitet, og det er ein god stad å bu.

n

Høgre er i opposisjon i Aust-Agder fylkesting inneverande periode. Det er ikkje ein lett posisjon å ha, men eg tykkjer at vi har fått til mykje, ikkje minst dei siste par åra. Eg har tru på eit sterkt og samla nytt fylke, og er trygg på at blått styre vil vere det aller beste for nye Agder. Eg ser fram til å jobbe saman med gode og dyktige politiske kollegaer for at Agder skal bli eit av dei beste fylka i landet å vekse opp i, bu og drive næring.

nnnn

Hva er dinenhjertesaker?

nnn

n Mine interesser spenner vidt og breitt. I Aust-Agder fylkesting er eg i utdanningskomiteen, noko eg tykkjer er svært spennande og lærerikt. Utdanning, ikkje minst grunnutdanninga, er ein føresetnad for gode levekår for den enkelte. Det er også ein føresetnad for at vi saman skal klare å utvikle eit godt og berekraftig samfunn. Den viktigaste og riktigaste prioriteringa vi kan gjere er derfor å satse på barn og unge. Elles har eg eit sterkt engasjement for kultur – sjølvsagt! Eg er oppteken av den rolla musikk, kunst og andre kulturaktivitetar kan ha i læringsprosessar, eldreomsorg, arbeid med psykisk helse og rehabilitering, men eg ønskjer også å løfte fram den eigenverdien kultur har.n
n
Det ligg ei enorm kraft i kultur! Kunst og kultur er grunnmuren for bygging av identitet og fellesskap, for individet og på samfunnsnivå.n
n
Dei som kjenner meg og følgjer meg i sosiale mediar veit også at eg brenn for saker som har med likestilling, likeverd og eit rettferdig samfunn å gjere, og at eg har eit glødande engasjement for dyr og deira velferd.nnn
n

n

n
n